Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#65113] Jomfru Cecilie Jensen f. 1834 - barnemor Bergen 1863, Askøy 1868 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Tema #52423 er etter kvart vorte ganske so uoversiktleg, so eg tek opp att den siste oppdagingi i eit nytt tema her:Cecilie Jensen, dotter av skreddarsvein Ole Jensen frå Kvam i Hafslo (1807-1892) og Inger Marie Eliasdotter Ørling frå Farsund (1795-1870), var fødd i Leikanger 31.5.1834, men voks opp i Sogndal og vart konfirmert der i 1849 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8412&idx_id=8412&uid=ny&idx_side=-162>Lenke). I 1853 finn me ho skrivi som innflytt til Domkyrkja i Bergen (Lenke).Det neste me ser til ''Jomfru'' Cecilie Jensen er då ho døyper dotteri Josephine Marie, fødd i Krosskyrkja i Bergen 24.1.1863 (Lenke). Barnefaren er ein murmeister Johannes Halvorson. Men Josephine døydde i Bergen alt 5.5.1863 (Lenke).So får ''Jomfru'' Cecilie Jensen ''fra Trondhjem'' og murmeister Johannes Halvorsen ''fra Trondhjem'' ein son Johannes Martin, fødd i Florvåg på Askøy 25.4.1868 (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kristinn Hegna

Det er da litt påfallende at Cecilie Jensens nevø heter omtrent akkurat det samme som hennes egen sønn? Her i Ålesund 1875 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=f71501&gardpostnr=234&personpostnr=3347&merk=3347#ovre>LenkeJohannes Oluf Martin Jensen blir født et halvt år etter Johannes Martin Halvorsen på Askøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til kristin og til Signe Marie for flotte inlegg. Eg er særleg imponert over Signe Marie si oppdaging av Cecilie på Hamar i 1885, og no har eg søkt gjennom avlidne på Hamar... Der finn eg ho avlidi på gamleheimen 12.7.1923 (Lenke).Etter dette er problemet faktisk heilt løyst, og me treng ikkje leita meir etter murmeister Johannes Halvorsen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.