Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jostein Bø

[#65142] Tydehjelp Ministerialbok Voss 1837-1847

Recommended Posts

Gjest Jostein Bø

Veit ikkje korleis eg legg inn ei lenke, men eg treng litt hjelp til å tyda Ministerialbok Voss 1837-1847 over konfirmerte. Som nr. 20 står tippoldefar min, Willum (Velom)Jensen Börke (Dagestad). I feltet der det står om Christendom, kundskap og flid, er det skrive ned ein god del eg ikkje greier å lesa. Likeeins nederst på sida er det skrive mykje om han, og eg tykkjer eg tyder namnet Joseph Samsonsen Börkje innimellom. Går ein til Ministerialbok Voss 1855-1886 over døde den 13.2.60 finn ein Joseph att, der han Willum var innblanda i knivdrap av Joseph. Joseph står der oppført med etternamnet Fadnes etter det eg greier tyda. I papir etter far min er han oppført med etternamnet Grimastad. Kan det vera noko om dette som står i konfirmasjonsboka? Er det nokon som greier tyda dette ville eg vera takksam.mvhJostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Kva år er det snakk om mellom 1837 og 1847?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Eg fann han. Så overlet eg til andre å tyde. LenkeMarianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore S. Falch

I anmerkningsrubrikken leser jeg: '' Meget god Kundskab, skriver godt, sædelig. [...] Tingsvidner bekreftet, da angjeldende daab[...] ikke findes indført[?] i kirkebogen bevist at han er døbt sidst i August Maaned 1823.''Nederst på siden står det: '' Anm. Med Hensyn til No.20. Denne Vilhelm Jens. Bjøke [sic], findes ikke anført som døbt i Vosse Præstegjelds Ministerialbog. Tvende af hans Faddere have derfor idag indstillet sig for mig; nemlig: Josep Samsons. Børkje og Ragnilde Josephsdr Dømbo, hvilke erklærede, at de have været Vidner til Angjeldendes Daab, som foregik i Vangens Kirke den 19de October 1823 - Hvilken Erklæring de for Retten agtede edelig at aflægge.''

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Bø

Hjarteleg takk for hjelpa! Sidan denne Joseph Samsonsen var fadder er vel han neppe same karen som vart knivdrepen 29 år gamal i 1860. Har forresten tinga rettsbøker og politidokument hjå Statsarkivet om desse er mogeleg å få ut, men det er lang ventetid forstår eg, men får smøra meg med tålmod.Han var sædelig?? Ja ja, men det endra seg visst ettertrykkeleg seinare!mvhJostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Her er vel ein god kandidat til den Joseph som vart drepen i 1860. Sjå nr 1 for kirkeåret 1930/31. LenkeMarianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Og dette er kanskje han som var fadder. Nr 15. LenkeMarianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Bø

Marianne - Ja da stemmer med han so vart knivdrepen. Kanskje han andre er faren? Børkje og Byrkje kan jo vera same etternamn(gard) med forskjellig skrivemåte? Kanskje han drepne var syskjenborn til Velom Dagestad, men eg forstår ikkje kvifor far min har endra etternamnet hans til Grimastad og det same har eg fått frå slekt i Amerika. Her er mykje å grava i ser da ut som. Får sjå når, og om eg får rettsprotokolar og politidokument frå Statsarkivet.mvhJostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Ja, Børkje og Byrkje er det same. Velom kan ha vore på Dagestad då han vart 'mordar'. Men kva er det egentleg du er ute etter? Er det om Velom eller om Joseph eller begge?Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Bø

Marianne - Velom (Willum) Jensen Dagestad er tippoldefar min. I grove trekk har eg hans liv og lagnad, men no leitar eg etter detaljane bakover frå ca 1823. Alle borna hans, iallefall dei kjende, og deira etterkomarar har eg kontroll over. Jens Velomsen Dagestad (Rogne), ein av sønene hans, er oldefar min. Det eg manglar er gravstaden hans. Han døydde i fengsel i Trondheim i 1894. Vidare sidegreiner og eventuelle syskjen, og då er jo begge Joseph'ane du fann, aktuelle som t.d. syskjenborn/onkel. Eg veit ikkje sikkert om det var Velom sjølv som førde kniven då Joseph vart drepen, men at han var med er sikkert. Difor ventar eg spent på om eg får noko frå Statsarkivet.mvhJostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Skal forhøyre meg litt her på Voss. Er medlem i det lokale ættesogelaget. Kanskje nokon som veit noko meir.MariannePS! Dumt spørsmål her, men vaks du opp i Lundarosen? ds

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Bø

Marianne - Javisst! På nedsida av vegen ved dammen. Ved sida av han Kallemann, Bjønndalen og Baren.mvhJostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Og eg budde på oppsida av vegen! Berre så du veit det. :-))Marianneresten kan me eventuelt ta på privaten? eg har mail marianne alfakrøll bakketun punktum net

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

Du veit når og kvar Velom døydde, så då har du vel funne dette vil eg tru? LenkeMarianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Røthe

Jeg tror ikke det var noe nært slektskapsforhold mellom Velom Jenson og den knivdrepte. Så vidt jeg vet var Velom et av de fire barna til Jens Knutson Gjerme og Rannveig Velomsdatter Bø. De bodde på husmannsplassen Dagestadleite under Dagestad. Velom var visstnok skredder og gift med Jorunn Torgeirsdatter Mølster.Den myrdede, Josef Samsonson Byrkje, var eldste sønn av mine forfedre Samson Josefson Byrkje og Gunnvor Eiriksdatter Veka. De hadde i alt sju barn. De bodde på Byrkje bruk 3 i omkring 15 år, deretter på Ukvitne i mange år, før de flyttet til Grimastad i 1866. Der endte de sine dager som kårfolk i en alder av 90 og 91 år.Josef giftet seg med Jorunn Hallesdatter Dagestad. For øvrig var Jorunns eldre bror, Anders Halleson Dagestad, gift med Josefs eldre søster, Martha. Josef fikk byttet til seg bruk 1 på Eimstad i 1852. Seinere flyttet de til Fadnes. De fikk flere sønner. Eldstesønnen het Samson, som ble gift med Brita Jonsdatter. Hun var fra Gulbrå i Eksingedalen. De to var foreldre til de to kjente skiløperne Johannes og Anders Gulbraa. Johannes var i en periode Norges beste kombinertløper, men klart best i langrenn. Han vant blant annet 30 km i NM på ski i 1918 og slo olympiamesteren Thorleif Haug en rekke ganger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Bø

Dette var spanande opplysningar Atle. So langt som til tipp tippoldeforeldra mine er eg ikkje kome enno, anna enn at eg visste dei kom frå Dagestadleite. For meg byrjar skrifta verta uleseleg når ein kjem so langt bakover i tid. Ikkje berre bokstavane er vanskelege, men desse skrivarane skreiv jo ofte so gruseleg stygt. Skrivereiskapene var vel heller ikkje dei beste. Men no har jo du hjelpt meg på god veg. No skjønar eg og kvifor far min og amerikanarane har ført til Grimastad i namnet til Joseph.Jau Jorunn var kona til Velom, men ho endra namnet til Jørgine då ho budde i Bergen og ville visst ikkje vedgå seg at ho var gift, sjøl om ho bar Dagestadnamnet, og det skjønar eg jo godt. Ho døydde medan Velom sat i Trondheim.Gulbraagutane sine skibragder kjenner eg jo sjølsagt til.mvhJostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.