Gå til innhold
Arkivverket

[#65143] Torgeir Knutsen Hallingstad og Brita Styrksdt frå Voss - gifte når og kvar?


Gjest Marianne Bakketun
 Del

Recommended Posts

Gjest Marianne Bakketun

Legg dette inn som eige tema, då eg enno ikkje har funne giftarmålet. Sjå også tema 64800 om dei same personane. Torgeir (f ca 1872) og Brita (f 1880) overtok eit bruk på Lirhus, Voss i 1927. Dei fekk ein son på Voss, Styrk, fødd 14. des 1925 og døypt 31. jan 1926. Ekte! LenkeHar fått vita at Brita var den fyrste styrarinna på Hol Gamleheim (1914-1920). Tenkte kanskje dei gifta seg medan ho var på Hol, men har ikkje funne noko i tida frå 1914-1925. Dei er ikkje gifte på Voss. Har leita i Drammen, Hallingdal, Bergen, men har truleg ikkje leita godt nok.Marianne Bakketun

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Hei Berit. Takk for tilbakemelding. Akkurat slik har eg også tenkt. Dvs eg trur det er den Torger i Sigdal og er rimeleg sikker på at det er rett Brita på Voss. Men - for å vera 100% sikker, skulle eg hatt det giftarmålet!Lurer på om det er nokon som eventuelt har adressebøker for Oslo og/eller Bergen for tidsrommet 1920-25. Kan de i såfall gjera oppslag på Torger Knutsen Hallingstad og Brita Styrksdtr. Dei må ha budd ein annan stad enn Hallingdal etter at Brita slutta på gamleheimen i Hol i 1920.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Når det kom til stykke, så hadde eg vel ikkje oversett noko likevel. Står ingen ting i klokkarboka som ligg på nett. Men takk likevel.Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sverre Horvei

Idag vart det oisann her og. Har ikkje lært meg å laga lenke, men du får slå opp Buskerud, Hole KLOK I4, 1905-1924, side 168. Lenke Når dei er ført inn her så er det nok fordi Brita var gamleheimsstyrarrinne på Kroksund, merknad viser vielse i Hønefoss. Grunnen til at eg har fylgt med i denne saka er at eg har eit fotografi etter mor der ho er med, og på baksida står det ' hjå Brita Hallingstad i Hol'. Har ei etterlysing i DIS-slektsforum etter Brita Hallingstad for om mogeleg å få identifisert personane då eg ikkje har funne samband mellom aner i Hol og Hallingstad. Ditt innlegg gav meg ny vinkling på problemet. Brita, fødd Lirhus har eg - iallefall ikkje enno - funne i mor si slekt. Bestemor var Ingebjørg Tofte f. 1863 og oldemor Ranveig Guskalksdtr. Dugstad f. 1845. Men om ikkje slekt så kan det ha vore kjennskap/vennskap som gjorde at mor var hjå Brita Hallingstad i Hol. I håp om hjelp prøver eg å få med fotoet her.SverrePS. Prøver på nytt uten foto, det var i tiff-format.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Tusen millionar takk Sverre! Eg har berre hjelpt andre med dette - har ingen ting med mi slekt å gjera, men det er så irriterande å ikkje finne det ein leitar etter. No er dette i boks til dei grader og jolefreden kan senke seg i heimen.Du seier at di bestemor var Ingebjørg og di oldemor Ranveig. Morside/farside? Dugstad høyres ut som Voss. Tofte er ikkje Voss? Tvilar på at eg kan hjelpe deg med personar på eit bilete, men kanskje me kan finne ut om du er i slekt med Brita?Send meg ein mail på privaten, mariannne alfakrøll bakketun punktum net, eller legg ut ei etterlysing her på forumet. Ta med alle opplysningar du veit for perioden 1845-1921.Marianne Bakketun

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Brynhild B Person

Kindem lll s. 21. Bruk 3. Dukstad. Rannveig f. 1845, g. m. Nils B. Tofte på Gjerde,Far hennar var Gusskalk Dukstad gm Ingebjørg Olavsdtr Flatekvål.Kindem ll s.321 Gjerde. Bruk 2. Motredet. Skyld 52 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1872 og skøytt til Nils N. Tofte, som bygde og bur der. Motredet var tidlegare husmannsplass. Plasset var overgrott med skog og jordi var full av stein då Nils flytte dertil. Han har dyrka upp heile eigedomen og har vore med på gardsarbeidet til han no er over 90 år gamal. Nils har fått Landbruksselskapet si fortentsmedalje for sitt nybrotsarbeid. Nils er f. 1844 g. m. Rannveig Gusskalksdr. Dukstad f. 1845 som er død. Deira dotter Ingebjørg f. 1868 var g. m. lærar Martin Thorsen, f. 1868, død 1907.Nils Nilsson Tofte var son til Nils Asbjørnson Tofte og gift med Elisabet Birgitte f. Jørgensen, dei kjøpte bruk l på Gjerde i 1853. Mine tipp-tipp Mvh Brynhild

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Brynhild B Person

Fann litt meir hos Kindem Brita kom frå bruk lll på Lirhus. Far hennar var Styrk Knutson Dukstad. Han kjøpte garden på Lirhus i 1882. Knut Olavson Flatekvål,(morbror til Ranveig?)kjøpte Bruk 2 på Duksta. Dotter deira, Barbrå f 1850 var gift m Nils Knutson Lirhus. Brynhild

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Brynhild B Person

Marianne Eg skreiv feil, han er tippoldefar min. Nils Asbjørnsen Tofte var fødd i Hallingdal, Myljo Tufto og budde fleire stader for han kjøpte garden på Gjerde.Far hans kom frå Maurset, Eidfjord. Brynhild

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Då er det iallefall avklara at Nils B ikkje har navnet sitt frå Voss. Nils og iallefall to syskjen vart fødde i Bergen, ser eg.Sidan det var slik at faren kom frå Hallingdal, er det vel naturleg at det var kjennskap med Brita Hallingstad, som hadde arbeidet sitt der i mange år. :-))Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.