Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arvid Skogseth

[#65341] Klokkar Nils Nilson Bager på Sundsbø i Lindås

Recommended Posts

Gjest Arvid Skogseth

I samband med Bygdebok for Lindås band 4 etterlyser eg fleire opplysningar om klokkar Nils Nilson Bager, hans koner og born. Dei budde på Sundsbø i Lindås. Nedanfor er manusutkast.mvh ArvidSundsbø i Lindås4. Nils Nilson Bager f. 1686 Bjordal i Kyrkjebø, Høyanger d. 1770 (jf Kyrkjebøb. II s 188, han var 15 år gl i manntalet 1701, foreldra var kaptein Nils Bager og kona Klara Madsdtr Heiberg, som var søster til sokneprest Johan Madsen i Lindås). Nils g.1.g. m. Kirsten Sørensdtr Branderup d. 1741, 79 år gl, som må vera for høg alder sett i høve til bornas fødselsår. Ho var frå Branderup i Sør-Jylland, Danmark. Nils var klokkar i Lindås prestegjeld iallfall frå 1706, då eldste sonen vart fødd. Det var sikkert morbroren Johan Madsen som skaffa han stillinga. Truleg budde dei på dette ledige bruket på Sundsbø alt då (to av fadrane var frå grannegarden Rossnes). Nils fekk skøyte på bruket på ½ pd smør 15 kn malt (ein firedel av Sundsbø) av lagmann Knag i 1707 (skøytet tinglyst i 1716). Born: a. Nils Bager f. 1706, i panteboka for 1753 skreiv faren at det hadde komme melding i 1752 om at sonen var død i København. Han etterlét berre få eigedelar, som ikkje var nok til å dekkja gjelda, så faren erklærte at han overlét til skifteforvaltaren i København å ordna med dødsbuet. b. Søren Bager f. 1707 d. før 1776 g. 1731 Bergen m. Anna Newerman, bustad Bergen, flytta kan henda til Nordland (sjå nedanfor). c. Mads Bager f. 1709, bustad Oldenburg i Tyskland. d. Klara Helena f. 1711 d. før 1776.5. Enkjemannen Nils Bager g.2.g. 1741 m. Inger Olsdtr Hoven f. 1711 d. 1749 (38 år gl). Born: a. Ole Vilhelm f. 1742 d. før 1776. b. Ulrik Fredrik Bager f. 1744 d. 1776. I 1779 vart det halde skifte etter han i Bergen. Han var død på reise frå Nederland til Batavia (no Jakarta) på Java i Indonesia (den gongen kalla Nederlandsk India). Arvingane var halvbroren Mads Bager som budde i Oldenburg, fullsøstera Kirsten Marie Bager som var gift med kontrollør Didrik Lose, som møtte og fortalde at «den anden halvbroders datter» Barbra Bager nokre år tidlegare var død i Nordland utan livsarvingar (ho var dotter av Søren og f. 1738 i Bergen). Meldinga om dødsfallet kom i 1776 frå direktøren for det Ostindiske kompani i Middelburg i Nederland. Ulrik hadde arva 118 rdl i reie pengar etter faren i 1773, som Dankert Heiberg (Kvalvågen i Austrheim) hadde teke hand om. Til frådrag kom knappe 2 rdl for kunngjøring i aviser i København, og skifteutgifter med 5 ½ rdl. Dei to arvingane fekk kvar vel 55 rdl. c. Kirsten Marie Bager f. 1747 g.m. kontrollør Didrik Lose (Løhe?), bustad ? d. Jens f. 1749 d. 2 timar gl. Enkjemannen Nils Bager g.3.g. 1752 m. enkja Barbra Fosmark f. 1682 d. 1767 (85 år gl).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.