Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arnfinn Kjelland

[#66135] Konkurranse: kven har funne flest fadrar ved barnedåp?

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Kjelland

I ei mindre høgtideleg vidareføring av tema 66062: [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=66052>Lenke : også _talet på fadrar_ kan vere an interesse. Vanleg skikk på 1700-talet var nok 5-6 fadrar, og etter Chr. V Norske lov (2-5-5) var det ulovleg å ha fleire enn 5.Da presten i Lesja, Niels Stockflet, døypte første dotter si i 1728:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anita Holck

Ja, jeg slår deg - men det var i Danmark:Erik Olsen, sogneprest Stord 1792-1833, var gift med Antonette Marie Grundtvig. Deres eldste barn Maria Magdalena Olsen var døpt 21/9-1783, Ledøje, Smørum, København, oppslag 26-37, den 21/9-1783, presten som døper barnet er Antonette Maries far Jørgen Ottosen Grundtvig:'Dom 14 Trin. Studios: Eric Olsens og min Daatter Manthonette Marie Grundtvig Deres Barn Døbt, Maria Magdalena, baaret af min Hustrue (1): faddere: Mine 3 Sønner O:Kr, Johan Isaac og Hans Jørgen Grundtvig (2,3,4), mine 2 døttre Caroline Ulrica og Anne Conradine Gr:(5,6), fåruden af Meenigheden ... navn; Jens Hansen (7), Anne Hansd. (8), ...odie Jørgensd. (9), Rasmus Nielsen (10), Hans Christensen (11), Peder Pedersen (12), Rasmus Olufsen (13), Dorthe Christensd. (14),Johanne Tønnesd. (15), Margrethe Pedersd. (16), Inger Caspersd. (17), Niels Nielsen (18), Laurs Laursen Bagge (19), Hans Nielsens Hustrue (20), Peder Mortensen (21), Henric Andersens ... (22) og Jens Olsens Hustrue i Lidøe (23)Neste barn, Jørgen, døpt 26/9-1784 i Ledøje (oppslag 37) hadde 20, tredje barn hadde 9, og de yngste, som alle er døpt i Norge, hadde 6.Anita

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfinn Kjelland

Imponerande, men framleis har altså Stockflet noregsrekorden!PS: det kan vere verd å merke seg at respekten for lovens bokstav ikkje ser ut til å ha vore den største, sjølv blant einevaldskongens embetsmenn!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfinn Kjelland

Spørs om vi må differensere denne 'konkurransen', og skilje mellom embetsfolk og allmugefolk (jfr tema 66052: Lenke).Professor Arne Bugge Amundsen skriv i dr. gradsavhandlinga si frå 1987 om talet på fadrar at det berre var særs sjeldan 'folkelege miljø' fortalte om fleire enn normtalet på 5-6 fadrar. Kjelda han brukte var innsamla tradisjonsstoff frå 1950-talet, dvs. tradisjon attende til siste del av 1800-talet.Det hadde derfor vore interessant om nokon har funne tilfelle av allmugefolk som hadde t.d. 7-8 fadrar eller fleire.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.