Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#66212] Erik Knutson - fødd 1742 - frå Masfjorden til Klokeide/Halland i Gulen - opphav?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Erik Knutson Klokeide gifte seg i Gulen 24.11.1772 (Lenke) (nedst på høgre side) med enkja Siri Endresdotter, fødd på garden Molland i Hafslo og døypt der 14.6.1721.Dette problemet er alt teke opp under tema #40059, men kjem litt i ''bakgrunnen'' for hovudspørsmålet; difor tek eg denne saki opp att her:Det vert opplyst i bygdeboki for Gulen at Erik Knutson skal vera fødd i MASFJORDEN i 1742.Er det nokon med lokal kunnskap i Masfjorden som kan fortelja meg KVA GARD i Masfjorden Erik hadde opphavet sitt ifrå og kven foreldri hans var?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg tillet meg å setja eit spørsmål ved utsegni i bygdebokui for Gulen om at Erik Knutson skal vera frå Masfjorden. Eg har nemleg ein god ''kandidat'' for denne Erik Knutson frå Luster (sjå tema #66217), men tek gjerne imot nye innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Jeg har sett gjennom Masjordbøkene, men fant ingen av de 3 som heter Erik og som kan passe til beskrivelsen.Med vennlig hilsenBirger Forsmo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk tilø Birger for freistnaden på å finna Erik Knutson i Masfjorden.Som det går fram av tema #66217, har eg akkurat oppdaga at Erik Knutson frå Luster, fødd 1743, hadde ei søsterdotter Agatha Asbjørnsdotter i Luster, som voks opp nettopp på Halland i Gulen, so eg trur me kan slå fast at Erik Knutson på Halland slett ikkje var frå Masfjorden, men i staden hadde opphavet sitt i Luster!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.