Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#66217] Erik Knutson, fødd i Luster 1743 og halvsøsken - flytte dei til Gulen/Solund?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Knut Ingebrigtson (1714-1766), husmann på Havellen under Flahammar og sidan i Haugen under Heltne i Dale sokn, Luster, var gift tre gonger og fekk med dei flørste to konene åtte born og ein steson. Tre av borni døydde kort etter fødsli, og ei dotter vart gift og budde i Luster. Dei andre fem borni ser alle ut til å vera farne frå bygdi i 1760-åri:a. Erik Knutson, døypt i Luster 16.2.1743, son av Knut og Sophia Andersdotter, vart konformert i Luster 1758 og ''forsvinn''.b. Lars Bottolfson, døypt i Luster 12.12.1734, son av Bottolf Bottolfson og Inga Andersdotter, ukjend lagnad.c. Anders Knutson, døypt i Luster 14.3.1748, son av Knut og Inga Andersdotter, ukjend lagnad.d. Ingebrigt Knutson, døypt i Luster 11.3.1754, son av Knut og Inga Andersdotter, ukjend lagnad.e. Agatha Knutsdotter, døypt i Luster 18.9.1755, son av Knut og Inga Andersdotter, ukjend lagnad.I tema #66212 etterlyser eg opphavet til ein Erik Knutson som under namnet Klokeide gifte seg i Gulen 24.11.1772 med ei enkje, barnefødd i Hafslo. Denne Erik vert av bygdebokskrivar Ivar Kleiva i Gulen oppgjeven fødd i Masfjordern i 1742, men han oppgjev ikkje noki kjelde for denne utsegni. No er det slik at Erik som enkjemann gifte seg att og fekk fleire born. Den eldste dotteri Siri vart oppkalla etter første kona, som skikk var, men den andre dotteri heitte SOPHIA, og eg kan ikkje lata vera å kasta fram teorien om at det er Erik Knutson frå Luster som gøymer seg attom Erik Knutson på Klokeide i Gulen i 1772 og som då kalla opp mor si frå Luster?* Er det nokon med lokal kunnskap i Gulen eller kanskje Solund som har meininger om denne problemstillingi?* Kan nokon av halvsøskeni eller stebroren til Erik Knutson òg ha hamna i ytre Sogn?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

OBS: Eg kom i skade for å skriva over at Erik Knutson (fødd 1743) vart konfirmert i Luster i 1758. Dette er feil; han er nemnd i eit skifte frå 1758, men han er IKKJE konfirmert i Luster, og no ser i Sjeleregisteret frå Gulen 1760 (Lenke) at ein Erik Knutson då budde på Klokkeide, og at han var ''ukonfirmeret''! Dette kan vel godt vera ''min'' Erik, eller...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Når det gjeld Agatha Knutsdotter over, so ser eg at ei Agatha Knutsdotter (48) i 1801 tente på Stubseid i Askvoll.MEN, meir spennande er det kanskje at den eine søsteri, Sophia Knutsdotter, som vart buande i Luster, fekk tre ''uekte'' born, m.a. desse to:* Inga Pedersdotter, døypt i Luster 18.4.1773, ukjend lagnad.* Agatha Asbjørnsdotter, døypt i Luster 11.11.1779, vart konfirmert på HALLAND I GULEN 1796 og budde der i 1801. Ho vart sidan gift med Erik Gregoriusson frå Hjertås i Gulen, og dei busette seg som plassfolk på Blidensol under Skjervehamn i Gulen!!Det faktum at Agatha flytte til Halland der Erik Knutson var husbonde på den tidi, bør vel vera prov godt nok på at me har å gjera med Erik Knutson frå Luster, eller...?Kanskje Inga Pedersdotter hamna der ute ogso...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.