Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Odd Arild Vik

[#66218] Opplysningar om Paul J, Vik i Herdla, til Nærøy i Kinn ca. 1888

Recommended Posts

Gjest Odd Arild Vik

Paul Jakobson Vik, f. 23. juli 1860, g. første gong 21. september 1886 med Kari Monsdotter Rong (1858-1900). Kari døydde på Nærøy av barselkrampe. Born a. Brita, f. 30. september 1887, d. 19. mai 1889 b. Brita, f. 27. desember 1889 c. Jakobine Petrine, f. 8. april 1892 d. Matilde, f. 21. august 1894, d. 1. mars 1927 e. Jakob Bertin, f. 5. desember 1896 f. Paul Kristoffer, f. 19. mai 1900 ----------- g. andre gong 27. juni 1901 med Brita Mikkelsdotter Vik, f. 17. oktober 1876Paul var halvbroren til far til Brita. Brita flytta i mars 1891 til Nærøy for å tena hos Paul. Dei budde i 1900 på Berntøy, som er ei av Nærøyane? Brita var då tenestejente i huslyden til Paul. Gifte i Bergen.Veit nokon korleis det gjekk med Paul og Brita? Kor mange born fekk dei? Døypte i Kinn er ikkje i DA etter 1898. Døydde til 1929 er i DA, og eg kan ikkje finna dei der. Dei levde truleg i 1929.Håpar nokon kan hjelpa!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er ei jente fødd 1906, konf. 1922. Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Endeleg ein gut, fødd 1911, konf. 1926 (nr. 18) Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Ny jente, fødd 1913, konf. 1928 nr. 17 LenkeDå ser det ut til å være slutt. Får ta forbehold om at eg kan ha oversett nokon.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er eldste jenta gift 1933 (nr. 2) Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Arild Vik

Tusen takk! Han fekk mange born med niesa si, ja...Er du kjent der ute, eller? Ser at dei i 1900 bur på 'Bærntøen', men gardsnamnet er heile tida Nærøy. Kan ikkje finna ein stad som liknar. I dag er mestedelen av dette området verna, men husa var (er?) vel på den delen som ikkje er det, reknar eg med.Det finst vel ei ættebok som dekkar dette området? Hadde vore veldig interessant å vita kor lenge Paul og Brita levde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Dårleg med ættebok for området. Det skal ha vore planar, men ikkje noko som er kome ut. Tidlegare soge dekka Flora kommune fram til 1801.Eg er rimeleg kjent der ute ja. Slekta mi kjem frå Batalden litt lenger ute i havet.Nærøyane består av fleire øyar. Bærntøen er sikkert det same som Brendholmen. Trur ikkje det bur folk på den no, men det bur fleire folk på 'hovedøya'.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Veit ikkje om dette går an å kopiere inn på fornuftig vis, men eg skal prøve. Det gjekk ikkje an å lage link til denne.Dette er Matrikkelen for 1850 for Nærøyane. Ikkje mykje 'Vik' her, men Paulsennamnet eksisterer. Jakob Paulsen er sikkert han frå første ekteskap.Matrikkel 1950 Fann 18 Gardsnamn: Bruksnamn: Gnr. - B.nr: EigarNærøerne Nærøerne 11 - 1 Ole AndersenNærøerne Apalsholmen 11 - 7 Jørgen TvibergNærøerne Tollaksøen søndre 11 - 3 Jørgen TvibergNærøerne Urdal 11 - 5 Thor S. SolbergNærøerne Apalholmen 11 - 9 Jørgen TvibergNærøerne Løipet 11 - 10 Bernt HolstadNærøerne Urdal 11 - 11 Paul UrdalNærøerne Urdal 11 - 12 Hjalmar UrenNærøerne Hamrebø 11 - 13 Alf B. HolstadNærøerne Austnes 11 - 16 Edvin HovdenNærøerne Nordheim 11 - 17 Olav HovdenNærøerne Sørheim 11 - 18 Oskar NærøNærøerne Solstrand 11 - 14 Hjalmar GrønnevikNærøerne Tollaksøen nordre 11 - 8 Arne StrømmenNærøerne Ryddjord 11 - 15 Marthe L. BaugeNærøerne Urholmen 11 - 4 Magnus Holmen, Alfred AndersenNærøerne Urdalskvien 11 - 6 Paul UrdalNærøerne Berntøen 11 - 2 Jakob Paulsen,,Paul P. Nærø,Håpar dette blir nokonlunde oversiktleg.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Arild Vik

Takk skal du ha nok ein gong!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.