Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#66246] Elsa Hansdotter Halland i Gulen (1775) og son Erik Knutson (1803) - lagnader?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Elsa Hansdotter, fødd på Unneland i Gulen og døypt der 12.11.1775, vart enkje då mannen Knut Erikson Halland døydde i 1815. Bygdeboki for Gulen nemner ikkje noko om lagnaden hennar...Elsa fekk fem born; ein son døydde kort etter fødsli, to døtrer var gifte og budde i Gulen, medan den tredje dotteri var gift og budde i Solund. Men Elsa hadde ein son, som eg ikkje finn att:* Hans Erikson (Halland), døypt i Gulen 3.1.1803, vart konfirmert i Gulen i 1820 (Lenke), me er ikkje å sjå etter den tid.Er det nokon med lokal kunnskap som kan fortelja meg kvar det vart av Elsa og sonen Hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har sjølv blatt i kyrkjebøkene for Gulen, og eg fann dødsfallet til enkje og legdelem Else Hansdotter Halland. Ho d. på Nese i Gulen 13.5.1845 (Lenke). Merkeleg at ikkje denne datoen er medkomen i bygdeboki...Kanskje ogso sonen Hans Erikson ''gøymer'' seg mellom avlidne i kyrkjebøkene for Gulen...? Eg finn han i alle fall ikkje i FT1865...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

I fylkesarkivet står han utflytta frå Eivindvik til Bergen 14.04.1827.Ein del Hans Eriksen som i Bergen som kan være aktuelle. Litt usikker på nokre av dei. bruk 'søke i alle baser', sett fødd år lik 1802-1804, vel fornamn lik 'hans', etternamn byrjar på 'eri', så får du dei fram i Bergen.mvh egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg gløymde å skrive at du må velge alle variantane av etternamnet untatt den med -datter.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.