Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#66379] Ursin-ætta frå Lofoten, stammar ætta frå Skrova og ekteparet Bjørn og Jorann?

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I debatten om slekta på Lund i Steigen (Lenke) (tråd nr. 58150) har vi kome litt inn på ein ættekrins som opphavleg held til på Skrova i Lofoten, men som har spreidd seg derifrå og meir eller mindre over heile Lofoten og vidare etter som det ser ut. Ei av ”avleggjarane” til ekteparet Bjørn og Jorunn Arnesdotter på Skrova ser ut til å vera slekta Ursin. Denne tråden er oppretta for eventuelt å koma fram til sikrare og utfyllande opplysningar om slekta, samt prøva å røkja etter om det var odelsgods som gjekk i arv blant etterkomarane til det nemnde ekteparet på Skrova. Vidare vil det vera eit mål å finna ut kvar dette odelsgodset låg. Viktige trykte kjelder til kunnskapen om slekta Ursin er ein artikkel i NST frå 1952 (XIII s. 389 ff), (Artikkelen er skriven av O. Delphin Amundsen og er kalla 'Litt mere om Hr. Michel Bjørnsson, visepastor til Buksnes.') . Torbjørn Seiring sin artikkel; Ursin-slekten frå Lofoten, offentleggjort i Genealogen 1/2000 er også sentral. Lindbekk, K. 1978. Lofoten og Vesterålens historie, ser også ut til å vera ei påliteteleg kjelde. Truleg er det også ein del bygdebøker i området som gjev meir eller mindre sætande opplysningar om slekta, I tillegg finn ein opplysningar om Bjørn og Jorann på Skrova i NST XIII (1952) i Grønlis omfattande og grunnleggjande artikkel; Ei ættetavle frå refomasjonstida. Artikkelen omhandlar etterkomarar etter ekteparet Aslak Jonsson og Fru Gro som har hatt tilknytning til Aspa på Nordmøre, samt at ætta ser ut til å ha fostra fleire av dei siste erkebiskopane i Noreg i tillegg til mange andre biskopar og prestar. Det er sumt som tyder på at ætta kan førast attende til den gamle Bjarkøy-ætta og at mykje av godsrikdomen til Aspaætta kjem derifrå. Så litt meir om Ursin i Lofoten; I dei nemnde artiklane kjem det fram at presten Michel Bjørnsson (Ursin) i Buksnes var son til Bjørn Michelsson på Ramsvik i Lofoten f. ca 1615/1617 død 1680/81. Det er også nemnd to brør til denne Bjørn, Peder og Gregers. Bjørn Michelsson hadde 8 born m.a. Nils Bjørnsson Ursin, lensmann i Buksnes samt den tidlegare nemnde pastoren same stad, Michel Bjørnsson. Kona til Bjørn Michelsson f. ca 1616 heitte forresten Annechen Baltzersdotter.Sett frå min ståstad er det likevel mest interessant å få kunnskap om at denne Bjørn Michelsson eig relativt mykje jordegods, dvs. 11,5 våg då han døydde. Godset låg både i Buksnes og i Hol og Borge annekser. Eg veit ikkje om det er ein utilsikta 'feil' av Amundssen når han skriv at Bjørn skreiv seg til Ramsvik - lensmannsgarden, men uttrykket verkar jo litt 'adeleg'. Elles står det i artikkelen at han bruka gardane Appenes (Apnes) og Sør Sennesvik. Han bygsla vidare bort gardane Høynes, Bøe, Evjen, Limstrand og Huckland (Haukland) i Bunes fjerding samt Stoenfjord med Hertig. Noko av dette kan sjølvsagt vera kjøpegods, men mesteparten er truleg arvegods. Slik som frendane i Steigen hadde også Bjørn jektebruk. Michel Moum opplyser i innlegg (168) i Lund-debatten følgjande; 'Denne Niels Bjørnsen hadde sønnen Michel Nielsen (Petvik), som igjen antagelig hadde sønnen Bjørn Michelsen (Ramsvik) stamfar til Ursin-slekten'. Ein må vel rekna dette som ganske sikkert da den tidlegare omtalte Bjørn Michelsson hadde ein brorson som vart oppsitjar på Petvik (Hans Gregersson 1681). Den Nils Bjørnsson som Moum nemner i innlegget sitt må vera son til den Bjørn Olsson, skipper som er nemnd i skipsskattemanntalet frå 1563. Det vert da opplyst at Bjørn held til i Henningsvær. Som opplyst i innlegg (171), så reknar eg Bjørn Olsson å vera ein bror av Christopher Olsson, der i alle fall den siste var son til ein Olav Jonsson i Skrova og kona NN Bjørnsdatter, dotter til Jorann Arnesdatter (Aspa) gift med Bjørn i Skrova.Vi ser da at den Bjørn Michelsson f. ca 1616 som eig ein god del jordegodt i Lofoten høgst sannsynleg er direkte etterkomar etter Jorann Arnesdotter, søskenbornet til Jorann Ivarsdotter på Trondenes, stammora til Lund-ætta (og mor til Olav Engelbrigtsson). Eg trur ikkje det er tilfeldig at også etterslekta til Arne Trondsson sit med mykje jordegods, og at det let seg gjera å spora opp også noko av dette var eit langt steg i riktig retning for meg i arbeidet med å trekkja trådar frå personar på Aspatavla til ei tid då kjeldene fell rikare slik at ættene kan førast fram til vår tid. Ursin-slekta ser med andre ord også ut til å vera ei grein av Aspaætta.Eg må opplysa om at Bjørn og Jorann held til på Skrova sist på 1400-, først på 1500-talet. Joran er nemnd i eit skattemanntal frå om lag 1520 i tillegg til på Aspatavla og i Grønlis artikkel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

For dei som ikkje har Grønlis artikkel for handa kan eg jo supplera opplysningane om ekteparet Bjørn og Jorann på Skrova litt. På Aspatavla er det oppgjeve at ekteparet hadde to dotrer, men berre den eine er namnsett. Ho heitte Ingeborg Bjørnsdotter og var gift med rådmann i Bergen, Kristen Torbjørnsson. Sistnemnde er nemnd i mange brev i tida frå om lag 1520 og utover. Han var som nemnd rådmann i Bergen og er rekna å vera bror til ein annan rådmann der i byen, nemleg Olav Torbjørnsson. Sistnemnde hadde sterk tilknyting til Andenes, var gift med Marin (dotter til Jorann Ivarsdotter) og er rekna å vera far til Torbjørn Olavsson Bratt m.fl. Kristen og kona er nemnd i dette brevet som for såvidt stadfestar oppføringa i Aspatavla Lenke Den andre dotra til Bjørn og Jorann er ikkje nemnd med namn, men ho var gift med ein Olav Jonsson. Sistnemnde held truleg til på Skrova og må vera identisk med ein Olav Jonsson som betalte 21,5 lodd sølv i tiendepengeskatt i 1521. I Aspatavla er det oppført berre ein son til det sistnemnde ekteparet, nemleg Kristoffer Olsson. Eit gravkors i Tromsø museum fortel om ein Christopher Olsson som døydde i Svolvær i Vågan den 12. mai 1569 (Lindbekk 1978). Det er ikkje utenkjeleg at dette er same mannen som er oppført på Aspatavla. At skipper og jekteeigar Bjørn Olsson i Henningsvær er ein son nr. 2 til Olav (og bror til Kristoffer) finn eg også rimeleg, då dei fleste Aspaættlingane ser ut til å ha vore sterkt involvert i jektefart og Bergenshandel.Torbjørn Seiring nemner i sin artikkel at denne Bjørn Olsson i Henningsvær hadde tre sonar, nemleg Ola Bjørnsson på Røst, Nils Bjørnsson i Petvik (nemnd som styrmann hos faren) og ein heller ukjend Bjørn Bjørnsson, som Torbjørn meiner at kan vera far til ein Michel Bjørnsson. Moum derimot meiner at den sistnemnde Michel hadde Nilsson som patrynomikon, og at han var son til styrmann Nils Bjørnsson. Eg har ikkje nok kunnskap om dette folket til å uttala meg skråsikkert om dette spørsmålet, men kanskje andre har synspunkt på dette og andre ting om ættekrinsen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

I Hol bygdebok s. 351 står det:Michel Nilsen eier av og jekteskipper i Petvik. Han var sønn av Nils Bjørnsen, som i 1563 var styrmann på en av sin fars jekter og eide havparten av jektens last. Nils Bjørnsen var sønn av skipper Bjørn Olsen, Henningsvær, som i 1563 var i Bergen selv med sin største jekt og eidde halve lasten. Han hadde også sønnen Oluff Bjørnsen, som var jekteskipper på Røst. Sitat slutt.På side 352:I 1610 finner man odelsbonden Jacob Jennssen i Petvik. Han bruker 3 våger 1 pund og er den største gårdbrukeren i hele Hol. Han er skipper og betaler 2 daler i skipperskatt. Jacob dør mellom 1619 og 1622, Sønnen Jacob Nielsen bosatt på Fygle nevnes fra 1639 som oldelsjord eigende i Petvik fra 1639.I 1648 har Petvik 3 oppsittere Rasmus Nielsen, Michell Nielsen og en Niels alle er odelsbønder. Michell Nielsen faller fra mellom 1648 og 1652. I 1652 overtar Gregers Michelsen, Michell Nielsen sin part i gården på 2 våger. Bror til Greger bor på nabogården Ramsvik og heter Bjørn Michelsen som var far til presten Michel Bjørnsen (Ursin).Mvh Michael

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Kan slekten føres slik kanskje?1. Bjørn NN g.m. Jorann Arnesdatter2. NN.Bjørnsdatter g.m. Olav Jonsson3. Bjørn Olsson4. Nils Bjørnsen5. Michel Nilsen den eldre6. N. Michelsdatter g.m. Jacob Jensen (mulig bror av Synnøve og Torkild?)7. Nils Jacobsen8. Michel Nilsen den yngre9. Bjørn, Greger og Peder Michelsen5 og 8 kan være samme person og da faller 6 og 7 bort.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Angående Gregers sønn Hans Gregersen så hadde han i 1713 odelsgods som var på 12 våger 1 pund 18 mark.Bjørn Michelsen Ramsvik betaler i 1648 1 pund 3 mark i odelsskatt og i leilendingsskatt 1 1/2 våg 1 daler 1/2 ort. Senere kom han til å eie meget jordegods på Vestvågøy. Fra året 1682 eide enken Anne/Annichen følgende gårder: Apnes 1 våg, Storfjord 1 våg 2 pd, Steine 1 1/2 våg, Bø, Nedre Haukland, Gjerstad, Høynes, Limstrand, Nedre Sennesvik 2 våger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Anneche Ramsvigens Godtz Höÿes 2 Wog Effúingen 1 Wog 2 pd Böe 1 Wog 1 pd Limstrand 1 pd 12 mk Neder hoúchland 1Wog 1pd 12mk Jerstad 1 pd 4½ mk Appenes 1 Wog Storfiord 1 Wog 2 pd Steene 1Wog 1pd 12mkFra Børje Jonssons hjemmeside

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Michael Moum for interessante innspel.Det melder seg jo ein del spursmål i samband med siste innlegget ditt, m.a. vert vel kronologien litt vanskeleg å få til å gå opp. Eg må vedgå at har mest tru på at Jacob Jensson gifte seg med enka etter styrmann Nils Bjørnsson og at det er slik vi finn denne karen i Petvik i 1610. Han er då truleg ein noko tilårskomen mann. Eg vil også tru at Nils Jacobsson er son til Jacob og oppkalla etter første mannen til enkja etter Nils. (Eg går ut frå at Jacob Nilsson slik du skriv i innlegg 3 er ei feilskriving). Om Petvik hadde vore Nils Bjørnsson sitt odelsgods, så ville jo ikkje Nils Jacobsson hatt nokon odel i Petvik slik eg forstår at han har i 1639. Elles undrast eg også på kven som eig dei andre gardane som Bjørn Michelsson er sagt å eiga i 1647 (Sjå innlegg 1). Det kunne sjølvsagt også ha vore interessant å få veta om brørne til Bjørn Mikkelsson på Ramsvik eig odelsjord, enten når dei døyr eller tidlegare.Har forresten meir tru på ein samanheng som dette:1. Bjørn NN g.m. Jorann Arnesdotter f. ca 14402. a) Ingeborg Bjørnsdotter g.m. Christiern Torbjørnsson, nordfarar m.a. på Andenes og rådmann i Bergen ca 1520 - 1530.2. b) NN Bjørndotter g.m. Olav Jonsson på Skrova f. ca 14753. a) Kristoffer Olsson f. ca 1505, døydde 12. mai 1569 i Svolvær.3. b) Bjørn Olsson f. ca 1510, jekteskipper og Bergensfarar4. a) Ola Bjørnsson, Jekteskipper på Røst4. b) Bjørn Bjørnsson ?4. c) Nils Bjørnsson f. ca 1540, styrmann (1563) Bergensfarar. G.m NN som seinare vart g.m. Jacob Jensson f. ca 1560 d. ca 1619 - 1622). Gardbrukar på Petvik, Vestvågøy i Lofoten. Sistnemnde ektepar hadde sonen Nils Jacobsson (f. ca 1580) som budde på Fygle i 1639. I følgje bygdeboka for Hol s. 352, så åtte Nils Jacobsson odelsjord i Petvik?5. Mikkel Nilsson f. ca 1575 (son til styrmann Nils Bjørnsson), døydde ca 1648 - 1662. Odelsbonde på Petvik.6. Bjørn, Greger og Peder Michelssonar f. ca 1610-1620.For å koma til full klårleik i dette er det nok naudsynt å studera eigedomstilhøva i området grundig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

#3 det ble en ombytting Skal være Nils Jacobsen. Sorrysitat s. 352 I et lensregnskap fra 1639 skrives det at denne Niels er 'odelsjord eigende i Petvik' sitat slutt.Michel Nielsen sitter som husmann på Ramsvik fra omkr 1619 til 1642-45 og flytter så til Petvik. Bjørn Michelsen tar over som leilending omkr 1645 på Petvik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk igjen til Michael Moum for interessante opplysningar. Ikkje minst var det eit omfattande materiale som låg på den sida som lenka i innlegg (10) viser til.Eg har ikkje fått gått særleg grundig gjennom dette endå, men inntrykket så langt er at mesteparten av godset til Bjørn Michelsson i Ramsvik var kjøpegods. Interessant var det også å sjå at Manderup Pedersson åtte ein god del jordegods i dette området, - også jordegods som Bjørn seinare vart eigar av. Ein slik gard var til dømes Haukland, der Manderup Persson og Hustru Anne Henriksdotter i Sund åtte halvparten kvar i 1650. For å eventuelt kunne kome i nærleiken av sanninga her vil det truleg verta naudsynt å skaffa utskrift av lensrekneskapa (odelsskattemanntala) frå tidleg på 1600-talet om slike finst?Elles kunne det ha vore interessant å veta kven denne Hustru Anne på Sund er?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Her er ein debatt-tråd om Hustru Anne Henriksdotter på Sund Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Mandrup Pedersen eier/bygger i 1648:Lofoten: Helle 1 w (Hol), Bunes (Hol), Hochland 1 w 18 mk (Buksnes), Reppe 3 w (Buksnes), Lille Rise 1 w (Buksnes), Henningsvær 3 w (Vågan), Watenfiord 4 w (Gimsøy), Bachen 1 w (Gimsøy), Selnes 1 w (Gimsøy), Strømnes 2 1/2 pd (Gimsøy), Sundklachen 2 1/2 pd (Gimsøy), Stamnes 3 w (Røst), Søerland 4 w (Værøy), Hønnes 1 w (Borge), Limstrand 1 w (Borge),Vestrerålen: Fiervold 5 w (Vinje), Guldvig 1 w (Barkestad), Jerstad 1 w (Kalsnes), Hochland 2 w (Ulvøy), Wattendal 1/2 w (Ulvøy).Salten: Fierre (Folda), Laxaa 1 1/2 w (Folda), Walle 4 pd (Folda), Jnder Segelsteen 2 pd (Folda), Aluenes 1 w (Folda), Neder Rønuig 2 w (Bodø), Bertnes 3 w (Bodø), Kataas 1/2 w (Bodø), Neder Aas 1/2 w (Bodø), Soeløen 1/2 w (Bodø), Valle 2 w (Bodø), Ytter Fusche 1 w (Salten), Øffre Stoffset 4 w (Salten), Neder Stoffset 3 1/2 w (Salten), Brecke 2 w (Salten), Lund 1 1/2 w (Salten), Berrig 2 w (Engel), Løgebache 1 w (Engel), Schonland 5 w (Engel), Hough 1 w 2 pd (Engel), Steenland 2 w (Engel), Winsnes 1/2 w (Engel), Leervigen 1 w (Engel), Husøen 2 1/2 w (Leiranger), Opeid 2 w (Hamarøy), Øffuer Eng 2 1/2 w 1/2 pd (Hamarøy), Røervig 1 1/2 w (Hamarøy), Hough 2 pd (Heggstad), Stoche 3 w (Tjeldsund)Noen andre eiere i 1648.Morten Christensen Heggelund eier/bygger 1 w Søerland (Værøy), Ytter Hernes 1 w i odel (Bodø), Jnder Hernes 1/2 w i odel (Bodø).Anne Henrichsdatter i Sund eier/bygger: Stoerfiord 1 w (Hol), Rauneberg/Ramberg 2 w (Flakstad), Horseid 1 w (Flakstad)Lensmann Henrich Henrichsen eier/bygger: Nordland 4 1/2 w (Værøy), Nordland 1/2 w (Værøy), Søerland 4 w (Værøy) [usikker om han er eier 4 w av Søerland står kun Ehr lendsmand].Denne Henrich H. var etter antalig sønn av Henrich Nolte som skal ha kosta byggingen av Værøy kirke og Anne kan være en datter til denne Henrich Nolte. Se også LenkeMvh Michael

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Glemte å ta med Anne Henrichsdatter eier/bygger på Hochland 1 w 18 mk i Buksnes, den andre halvdelen eies av Mandrup Persen.mvh Michael

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Michael for grundig gjennomgang av eigdomstilhøva ved midten av 1600-talet i Buksnes og omegn. Truleg er det likevel ikkje muleg å koma særleg lenger med eigedomstilhøva i Vest-Lofoten på 1600-talet utan at ein får tak i dei ulike odelsskattemanntala først i hundreåret(om dei finst?).Eg vil difor hoppa litt attende til utgangspunktet, nemleg Bjørn og Jorunn Arnesdotter på Skrova andre halvdel av 1400-talet og først på 1500-talet (Sjå m.a. innlegg (2)). Jorunn var forresten nemnd som skatteytar på Skrova endå i i 1522 i følgje NRJ.Vi veit at dotra til Jorunn, Ingeborg Bjørnsdotter var gift med rådmann i Bergen, Kristiern Torbjørnsson, medan vi veit lite eller ikkje noko om den andre svigersonen, Olav Jonsson.Eit brev prenta i DN XXII s. 234 ff ser ut til å kunne hjelpa oss på veg med å finna svaret. Brev nr. 222 (år 1532) i dette bandet er eit brev frå den ikkje ukjende Magdalena Olavsdotter (til Hatteberg) til Eske Bille der ho forklarar samanhengen vedrørande eit skrin som frendane hennar, dei to brørne Fartein og Tord Mattsson hadde vorte baktala for. Eg skal ikkje gå i detalj om denne saka her, berre kort nemna at det omtalte skrinet tilhøyrde den tredje broren, Samsson Mattsson og at det inneheld private ting som tilhøyrde den avlidne Samsson, samt noko landskyld som han hadde krevd inn for Henrik Krummedike (Svigerfar til Eske?).Då Fartein og Tord skulle opna skrinet (dette var i 1523) var det tre vitner til stades, nemleg rådmann Olav Jonsson og kona hans, samt verbroren Jasper Jeppesson. Magdalena fortel at vitna segla på Skrova. Eg er ikkje i særleg tvil om at denne rådmannen er identisk med svigersonen til Bjørn og Jorunn på Skrova. Endå sikrare vert eg når eg i same bandet av DN, s. 313 (år 1535) ser at dei to rådmennene, Kristiern Torbjørnsson og Olav Jonsson er nemnd saman som dei einaste rådmennene i ei sak med nokre hollenderar i Bergen.Ut frå desse opplysningane er det sjølvsagt fleire spursmål som melder seg. For det første;1. Korleis var frendskapen mellom Magdalena og Mattssonane? Her er det sikker nokon med konnskap om denne slektskrinsen som kan svara?2. Kvifor var nett dei tre frå Skrova vitner på denne skrinopninga. Var det heilt tilfeldig eller....?3. Kven var denne Jasper Jeppesson? Kunne det vera ei unemnd syster til Ingeborg Bjørnsdotter m.fl. som var gift med denne Jasper Kanskje nokon med god lokalkunnskap her nord kan seia noko om dette sjeldne mannsnamnet, Jasper er å finna i Lofotområdet seinare?4. Magdalena Olufsdotter Bagge seier ikkje at Olav Jonsson eller kona er frendane hennar, men ho har jo tydeleg noko kunnskap om desse folka, sidan ho veit at dei seglar på Skrova. Som vi har fått veta m.a. i debatten om Lund i Steigen, så var det seinare også personar på Skrova som nytta Bagge som tilnamn. Kan det vera eit samband her?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg er slett ikkje sikker på kva du prøvar å svara på Karin, og ikkje veit eg om innlegget ditt burde ha vore pesta her heller. Det betyr sjølvsagt ikkje at opplysningane du kjem med er utan interesse.Denne Eilif Olavsson og kona, Hustru Margrethe, - har du nokon god hypotese om kven dei kunne vera?Vi har ein Eiliv Olavsson i dette brevet Lenke som sel jord i Tjeldsundet til rådmann Gunnar Jonsson og kona Kristin Rolvsdotter.I ein annan debatt her har vi kome fram til at ein Jon Småsvein i Bergen, seinare fogd på Andenes, kan vera son til denne rådmann Gunnar Jonsson. Det går nemleg fram at Jon Småsvein sitt patronymikon må vera Gunnarsson. Ein innførsel i NRJ må tydast slik at denne Jon Gunnarsson er steson til Olav Torbjørnsson og slik helst son til Marin (syster til Olav Engelbregtsson og dotter til Jorann på Trondenes). Jon Småsvein ser med andre ord ut til å vera son til rådmann Gunnar Jonsson og Marin i eit ekteskap nr. 2 for Gunnar og ekteskap nr. 1 for Marin. Samtidig er det også mykje som tyder på at Jon Småsvein og Jon Teiste er identiske personar. I tilfelle vert Jon Teiste sitt patronymikon Gunnarsson og ikkje Olavsson, slik ein har trudd. I tillegg må då Jon verta systerson til erkebiskopen, samt at han vert halvbror til Torbjørn Olavsson Bratt m.fl.Etter denne digresjonen skal eg venda attende til Eiliv Olavsson og kjøparen Gunnar. Det kan sjå ut som om Tjeldsundgodset etter kvart hamna hos rådmann Sjurd Mort for sidan å verta arva av dotter hans. Ein gong først på 1560-talet vart det kjøpt av Hans Pedersson (til Tjøtta).Spørsmålet her vert då kven Eilif Olavsson og kona Margrethe er?Elles vil eg minna om at spørsmåla mine i innlegg 15 framleis er utan svar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Eg viser til innlegg (15) der eg kjem med ymse utgreiingar og spørsmål. I spørsmål 1. ville eg ha greie på korleis frendskapen mellom Magdalena Olavsdotter Bagge og Mattsonane var. Frå debatt nr. 57287, innlegg (65) og (66) av Arnfrid Meland har eg kome fram til at frendskapen var såleis;Ekteparet Fartegn Filippusson og Magnhild Jogrimsdotter hadde følgjande tre dotrer;1. Gudrun Fartegnsdotter g.m. Anders Jensson (Truleg stor etterslekt, - m.a. ei sonesons dotter, Mergrethe Nilsdotter g.m. Christen Trane.)2. Anna Fartegnsdotter g. m. Mats. Dette ekteparet var foreldre til dei mykje omtalte Matssonane, a) Tord Mattsson, rådmann i Bergen, b) Fartegn g. m. Karen Kold (Kolden), c) Sigurd (Ryfylke), d) Samsson (fogd i Namdalen), e) Olav Tysse.3. Margrethe Fartegnsdotter g.m. Gunnar (Bagge?). Det siste ekteparet skulle, i følgje Arnfrid, vera foreldre til Olav Gunnarsson Bagge g.m. Anna Pedersdotter. To kjende born; a) Anna, b) Magdalena (Olavsdotter til Hatteberg).Det er den siste av desse som er brevskrivaren eg viser til i innlegg (15). Om oppsettet til Arnfrid er rett, så er altså far til Magdalena søskenborn til Mattssonane.Når Olav Jonsson og kona var til stades ved skrinopninga, så kan det koma av at sidan Fartegn var rådmann, slik som Olav, så var dei sikkert godt kjende. Sidan det også kan sjå ut som om Fartegn var stefar til Kristoffer Tronds (den seinare admiralen), så har eg tru på at det også var eit samband den vegen. Eg meiner da at første mannen til Karen var Trond Engelbregtsson (far til Eline Trondsdotter til Lund og Kristoffer Trondsson) som i sin tur var tremenning med kona til rådmann Olav Jonsson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I spørsmål 3 i innlegg (15) spør eg om eventuelle opplysninger om ein Jesper Jeppesson som er nemnd i samband med Skrova og rådmann Olav Jonsson som måtte vera svoger til rådmann Kristen Torbjørnsson. Jesper er også kalla svoger til Olav Jonsson, noko som kan tyda på at han hadde ei tredje dotter til Bjørn og Jorann på Skrova til ekte.I Genealogen 2/2006 kom eg tilfeldig over ein liten artikkel av Are Gustavsson bygd på ein bokanmelding av noko som har undertittelen Diplomatarium Poenitentiariae Norwegicum.I følgje Gustavsen så har den nemnde boka ein omtale av ein lagmann i Steigen som heiter Jeppe (Jacob) Nikolasson. Denne Jeppe hadde gifta seg med ei kvinne, Inger el. Ingerda som han var skyld i fjerde grad med. Dei hadde alt hatt kjødeleg samkvem og hadde fått born. Dei fekk paveleg løyve til å gifta seg 14. november i år 1500. Eg trur ikkje det er særleg dristig å tru at den tidlegare nemnde Jasper Jeppesson er son til dette ekteparet, Jeppe og Inger.Are har også meir å fortelja om rådmannen og kona. M.a. går det fram at Jeppe hadde vorte adla i 1480 og at dette var 'vidimert' i 1556 av Trond Benkestok m.fl.Vidare får vi opplyst at svigerfar til Jeppe er kalla Amundi Torgilli og dette har vorte tolka som den same som Amund Tørrisson, stamfar til Tjøtta-Andenes-ætta. Om våpenføringa til Jeppe vert det opplyst at det var eit blått elglår og stråle satt gjennom eit kvitt felt og av kvitt og sølv vekselsvis delte vesselhorn på hjelmen.Vi har då ein lagmann i Steigen, Jeppe Nilsson som vart gift med Ingrid Amundsdotter, syster til Torstein og Peder Amundssøner (Tjøtta-Andenes-ætta). Begge dei to brørne var vel meir eller mindre involvert i Aspa-ætta og at son til systra også ser ut til å vera det bør ikkje overaska særleg mykje.Så kan ein jo spørja om Jasper og Bjørnsdotra frå Skrova hadde born med etterslekt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ser at eg har gjeve den eine son til Amund Torgelsson (Tørresson) feil namn. Han heitte ikkje Torstein, men Torgels Torges eller noko liknande.Denne Torges var elles gift med søskenbarnet til konene åt bergensrådmennene, Christen Torbjørnsson og Olav Jonsson. Ho heitte Anngerd unge Torsteinsdotter med foreldre Torstein Kusse og Anngerd Arnesdotter (Aspa/Husby). Anngerd var syster til Jorunn Arnesdotter på Skrova.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Også Per Reidar Christiansen nemner denne Jeppe Nilsson som var lagmann i Steigen. Det er i sin artikkel om 'De gamle ættene fra Månstad i Nes i Jãmtland' i NST XXXVII (2002) s. 313 at Christiansen omtalar Jeppe. Det er våpenet til denne Jeppe som gjer han interessant i samband med Månstadætta. Han nyttar nemleg eit liknande våpen som denne, nemleg eit elglår med pil igjennom.Christiansen fortel at våpenet til Jeppe Nilsson er trykt på framsida av Forum Mediavale nr. 3/4 1984 og da nytta av Tore Vigerust for å illustrera adeleg våpenbruk. Christiansen fortel elles at Jeppe Nilssons lagmannstid er dokumentert i DN III nr. 955 og 999. Christiansen undrast også på om han kan vera identisk med den Jeppe Nilsson som i 1505 er nemnd som Christiern Bagges ombodsmann i Aust-Agder (DN IV nr. 1043). Også ein Jeppe Nilsson nemnd som rådmann i København i 1509 (DN II nr. 1033) er nemnd som ein muleg alias.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johs H Hammer

Finn, ad (15) spm 1: Har du ikke Handegårds - Vår felles slektshistorie? Den er jo et must for slike som deg! Den er en god sammenfatning av tilstanden i arbeidet med mange vestlandsslekter.(15) er ellers et interessant innlegg for meg.Er referansene til DN i (15) riktig? Jeg får ikke mye klaff på dem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Johs (22)Jau eg har Handegårds CD om 'Våre felles aner', men akkurat på den tida hadde eg forlagt den. Dessutan trur eg at det er kome ei oppdatering sidan eg kjøpte CD-en min.Kva gjeld tilvisingane til DN, så skal dei stemme, men du må vera obs på at B. 22 ikkje er digitalisert og dermed ikkje er tilgjengeleg for søk her på Digitalarkivet. Bandet er til sal og kostar ingen formue etter det eg hugsar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til (15) og (18)Kunne det vera slik at rådmann, Olav Jonsson som segla på Skrova og hadde ei dotterdotter til Arne Trondsson av Aspaslekt til kone, var ein nær slektning til Olav Gunnarsson Bagge? Er det kanskje frå han at dei seinare Baggane på Skrova har slektsnamnet sitt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johs H Hammer

Finn (23). Takk.Ad (24). Det tør jeg ikke mene noe om. Men det er jo relativt mange Bagger med tilknytning til Nordland på en eller annen måte. Jeg har samlet meg en oversikt over Bagger i DN, men ser vel ikke for meg at jeg kommer til å gjøre særlig mye med den.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.