Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#66744] Emilie f. Noreg 1866 - til Amerika kring 1906 med minst fem born? - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Emilie var fødd i Noreg kring 1866 og skal ha utvandra åleine (som enkje?) med minst fem born kring 1906. Vel framkomi gifte ho seg med enkjemannen Iver Hendrickson, fødd i Noreg kring 1861.Dødsattestane til borni tyder på at Emilie var ei JACOBSDOTTER, men kven første mannen hennar var, er det ingen som har kunna svara meg på, bortsett ifrå at han heitte anten PEDER til førenamn eller PEDERSEN til etternamn; her følgjer nokre av borni deira:* Hans O. Peterson, fødd Noreg 15.8.1892* Nils Peterson, fødd Noreg 1894* Marie Nikoline Peterson, fødd Noreg 29.1.1896* Inga Mathilde Peterson, fødd Noreg 9.4.1898* Julie H. Peterson, fødd Noreg 12.7.1899* Mathilde J. Peterson, fødd Noreg 15.5.1901Me kvar kan denne huslyden ha butt før dei utvandra til Amerika? Eldste kjende dotter hadde Nikoline som mellomnamn, og eg ser av FamilySearch at ei Emilie Jacobine Jacobsdotter var fødd på Svenkerød i Brunlanes 19.4.1867 som dotter av gardbrukar Jacob Hansson på Svenkerød og kona Nikoline Nilsen. Denne Emilie ser eg ikkje noko meir til...Eg vonar at einkvan dreg kjensel på denne huslyden og kan fortelja meg kvar dei utvandra ifrå og kvar i Noreg dei budde?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Det var mistenkelig mye likt i denne familien fra Tjøtta i Nordland under her.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Geir Eide

Inga Mathilde f. 9.4.1898 . Da er det nok denne familien.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Geir for flotte opplysningar! Eg har sjekka litt fleire søsken, og det kan ikkje vera tvil; dette er rette folki. Mori utvandra i 1906 med yngste dotteri, og dei andre søskeni fór i 1905 og 1907!Problemet er soleis løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×