Gå til innhold
Arkivverket

[#68613] Oppslag bygdebok Evanger


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg søker opplysningar frå garden Mugås. Etterkommarar av Brynjulv Jonson Mugaas og Katla Kjelsdtr. Dei giftar seg i 1761. (Brynjulv kan ha vore gift før, men barn frå det ekteskapet er ikkje interessant) Eg trur eg har fått med alle barna, men nokre av dei har seinare forsvunne. (Eg har lett i bygdebøkene for Voss, men ser at garden ikkje lenger ligg under Voss).Dette er det eg har funne:Mario Brynjulvson Mugaas f. 1765, konf. 1781 (då nemnd som Marjo). Ikkje funne seinare.Anna Brynjulvsdtr. Mugaas f. 1768, konf. 1784, død 1785.Kiel Brynjulvson Mugaas f. 1771, gift 1799 med Brita Knudsdtr. Mæstad, busatt Mæstad 1801. Barn?Kari Brynjelsdtr Mugaas f. 1773, gift 1798 med Ole Iversen Skjerven, busatt Lie Nedre 1801. Barn?Joen Brynjelson Mugaas f. 1777, konf. 1793, ikkje funne seinare.Haldor Brynjelson Mugaas f. 1779, død 1780.Er det nokon som kan sjekke i bygdeboka for Evanger om det står noko om kva som har skjedd med Mario og Joen. Eg tar og gjerne imot opplysningar om dei av barna som blei gifte.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Jeg tok en titt på FS, og der fantes noen opplysninger som må sjekkes om er virkelige:Mario døde 1829 ?, Joen gift 1818 Elgje, Evanger med Anna Endresdt. Jeg går ut i fra at Elgje er en gård i Evanger. Og så var det et barn til: Ingeborg f.1762, gift Mugaas Evanger med Styrkaar Halsteinson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Flott Berit, du er ein engel. Denne Ingeborg har eg slete med, då eg ikkje har funne fødselen hennar, og har antatt at ho ikkje høyrde til. Ut frå giftemålet i 1861 høyres det rimeleg ut at ho likvel gjer det. Familien må då ha budd på Ulven i Winje før dei flytta til Mugaas. Det kan gje meining, då ut frå bygdeboka for Voss er det mange Jon og Brynulv-ar der.Eg ser og at det var fødd ei Ingeborg i 1761 også på Ulven, og ho har sikkert døyd før ho andre blei fødd.Endå meir interessant er det at det ved ekteskapet i 1792 mellom Ingeborg og Styrkaar er oppført at dei fekk kongeleg bevilling. Før ca. 1800 måtte dei vel ha det, dersom dei var nær i slekt. Denne Styrkaar var frå Grindeland i Voss, og ved å følge han tilbake, så stemmer det at han og Ingeborg var tremenningar.Så sluttar det heller ikkje der, for når eg finn dei i bygdeboka for Voss, så er deira første barn ei Ingri f. 1792 som eg har lett etter tidlegare, utan å vite at ho tilhøyrde denne slekta.Kjempeflott.Det er ein gard på Evanger som heiter Elje, det er sikkert den som Joen blei gift til.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

Lars Schjærven og Johannes Gjerdåker: Evangerboka, band II 1984, side 143:Brynjulv Jonson Mugås 1732 - 1781 g I 1754 m Ingeborg Jonsd Elgje 1728 - før 1765:a Nils 1754 - 1829 g 1780 m Dordei Pedersd Steine 1750 - 1830b Kari 1756 g 1795 m e Nils Pederson Steine 1759 - , RekveBrynjulv g II 1761 m Katla Kjelsd Opheim 1738 - 1820a Ingeborg 1761 død som barnb Ingeborg 1762 g 1792 m Styrkår Halsteinson Grindeland 1756 -c Marjo 1765 g II 1817 m e Ola Olson Myrlandshaugd Anna 1758 - 1785e Kjel 1771 g 1799 m Brita Knutsd Mestad 1767 - , skulehaldar i Ekanger 1797f Kari 1773 g 1798 m Ole Ivarson Skjerven 1760 - , Haugland i Hausg Jon 1777 g 1818 m Anna Endresd Elgje 1790 - , Kolleh Haldor 1779 g 1826 m Kari Andersd Flage, 43 år, Stegen u/Styve

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Takk Norodd, for ei god oversikt.Ser at Haldor ikkje døde i 1780 likevel.Når det gjeld Mario, så skjønar eg litt meir no. Eg har i farten tatt det for å være eit gutenamn, men ser no at det var jo feil. Det gjer det jo litt lettare.Eg har slått opp i bygdeboka for Voss, sidan Myrlandshaug er med der, og funne ho registrert som enke Mario Brynjulvsdtr Tveite frå Mugås når ho giftar seg i 1817. Ho fekk ikkje barn i dette ekteskapet. Kven var ho gift med før?. Eg har sjekka på dei tre Tveitegardane eg kan finne på Voss, og finn ho ikkje der nokon stad. Eg har funne ei Mario Brynjelsdtr Opheim gift i 1808 med Joen Anderson Hegland. Lenke . Det kan godt være at ho oppholdt seg på Opheim, for ho hadde mykje slekt der. Eg har sjekka begge Oppheimsgardane på Oppheim, utan å finne ho. Eg har og sjekka Heggland, men finn ho ikkje der heller. Det betyr jo og at det ikkje har vore nokon Mario Brynjelsdtr fødd på Oppheim, og dermed er det truleg at det er den same som står oppført der.Eg finn ein Joen Anderson 66 år død 1816 på Tveite, og det skulle jo passe bra i forhold til enka som gifta seg i 1817.Spørsmålet er kva gard vi finn dei registrert under i kirkeboka. Eg ser i 1801 at Joen Anderson er oppført som Inderste og førstegangs enkemann på Hegland. Det kan vel forklare kvifor vi ikkje finn han i bygdeboka der, men han må vel ha budd ein annan stad før det.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

OK, eg fann han. Han er fødd på Nåsen og gifta seg til Løn i 1796. Her står det og oppført at han gifta seg i 1808 med Mario Brynjulvsdtr Øvre Oppheim f. kring 1767. Dei fekk eit barn, Torbjørg, i 1809 som døde ung.Det står og oppført at dei budde på Heggland, Bidne og Tveite. Det må bety at det er den same Mario i begge desse ekteskapa, men ho har dermed ikkje fått nokon etterkommarar etter seg, som vaks opp.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Då trur eg at eg har funne Mario i 1801 også. Ho står då oppført som Maria Brynjelsdtr 34 år, som tenestepike på Øvre Opheim, saman med 3 av søskenbarna hennar, og det kan jo høve. Finn heller ingen andre Maria/Mario Brynjelsdtr fødd kr. 1765-1767.Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.