Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#69484] Adopsjon 1865


Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

Sidan vi ikkje hadde nokon adopsjonslov i 1865, er det ikkje greitt å vite kva som ligg i ordet 'adotivdatter', bruka om dottera til Karsten og Milla Ottesen her: Lenke Men sidan ekteparet òg hadde ein 'Fostergut', verkar ordbruken medviten.Kunne ein ved tinglysing eller på annan måte gje fosterbarn rettar som forsvarer bruken av ordet 'adoptivdatter'? Vil 'adopsjonen' i så fall ha sett spor i kjeldene - ut over denne usikre folketeljingsoppgåva?Dersom slike spor ikkje finst - korleis bør vi tolke ordbruken?

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/154845-69484-adopsjon-1865/
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Så seint som 1865 finst det vel eit person-panteregister (i tillegg til real-(dvs.eigedoms-)panteregisteret) som gjer det mogeleg å finne slike eventuelle tinglysningar utan å finlese heile panteboka.Ei mogeleg tolking er naturlegvis at ordbruken er heilt tilfeldig. Ei anna mogeleg tolking er at 'adoptivbarnet' ikkje har nære (nærare) slektningar i live, medan 'fosterbarnet' har det. Det siste kan du langt på veg undersøke.

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Kanskje ho hadde ein (biologisk) far Otte/-ar? Ein slektning til Karsten, oppattkalla etter same Otte som far hans...kanskje?Statsarkivet, saman med realregisteret (det som vanlevis vert kalla panteregisteret). Står i arkivkatalogen saman med Pantebøkene.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.