Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Skorpen

[#69484] Adopsjon 1865

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

Sidan vi ikkje hadde nokon adopsjonslov i 1865, er det ikkje greitt å vite kva som ligg i ordet 'adotivdatter', bruka om dottera til Karsten og Milla Ottesen her: Lenke Men sidan ekteparet òg hadde ein 'Fostergut', verkar ordbruken medviten.Kunne ein ved tinglysing eller på annan måte gje fosterbarn rettar som forsvarer bruken av ordet 'adoptivdatter'? Vil 'adopsjonen' i så fall ha sett spor i kjeldene - ut over denne usikre folketeljingsoppgåva?Dersom slike spor ikkje finst - korleis bør vi tolke ordbruken?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Så seint som 1865 finst det vel eit person-panteregister (i tillegg til real-(dvs.eigedoms-)panteregisteret) som gjer det mogeleg å finne slike eventuelle tinglysningar utan å finlese heile panteboka.Ei mogeleg tolking er naturlegvis at ordbruken er heilt tilfeldig. Ei anna mogeleg tolking er at 'adoptivbarnet' ikkje har nære (nærare) slektningar i live, medan 'fosterbarnet' har det. Det siste kan du langt på veg undersøke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Ein detalj til tyder på at ordbruken ikkje er tilfeldig: Adoptivdottera er innskriven med familienamnet Ottesen etter foreldra, medan forstersonen har sitt patronym.Dette person-panteregisteret som er nemnd - kor finn vi det?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Kanskje ho hadde ein (biologisk) far Otte/-ar? Ein slektning til Karsten, oppattkalla etter same Otte som far hans...kanskje?Statsarkivet, saman med realregisteret (det som vanlevis vert kalla panteregisteret). Står i arkivkatalogen saman med Pantebøkene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Takk for hjelp. Dåpen hennar Mille finn du 20. juni 1807, her: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.