Gå til innhold
Arkivverket

[#70553] Forsvunnen frå Askvoll, dukkar opp i Bergen, så borte igjen.


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Henrik med d, ja det måtte vel være noko. Takk for den.Det må være rett person. Eit par år bom på fødselsåret (skal være 1869), men det må være rett. Fødestad er lik det som står oppført i 1891.Utfordringa no er at eg skjønar endå mindre at eg ikkje finn giftemålet i Bergen. No veit eg at begge budde der i 1900, og då må vel giftemålet også ha funne stad der. Det må være ein eller annan kombinasjon eg ikkje har prøvd, men der har eg og søkt etter bruda i ulike variantar, utan å få treff.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Siden Olufine er født på Eidsvåg i Åsane, så kan det kanskje stå noe om henne i Åsane bygdebok? Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ja, det kunne vore artig å få sjekka ut, sjølv om eg tolkar det til at dei berre har budd der nokre få år, og dermed er det sikkert ikkje så mykje som er tatt med om dei der. Dei tre første barna til Bendik Rasmussen var alle jente, og den første blei døypt i Bergen 1878 (Korskirken), Olefine som var nr. 2, og blei då, som du opplyser, døypt i Åsane i 1880. Den tredje var fødd i 1882, og var då døypt i Domkirken.Dersom det er nokon som har tilgang til Åsane bygdebok, og kunne sjekka under Eidsvåg, så hadde det vore fint å få ei tilbakemelding. Eg kan ta med det eg har funne ut om far til Olefine, i tilfelle det kan gjere det lettare å finne han. Han heiter altså Bendik Olai Rasmussen, er fødd 1849 på Indre Kråkenes (Krognes) i Naustdal sokn i Førde Prestegjeld. Han flyttar til Bergen og blir sjømann (maskinist). I Bergen 1878 blir han gift med Albertine Olsen. Ho tar etter kvart etternamnet Rasmussen. Ho er fødd om lag 1851-53 i Kristiansund (enkelte stadar står det Kristiania, men eg trur Kristiansund må være rett). Ein periode mellom 1878 og 1882 bur han altså på Eidsvåg i Åsane, og der blir Olefine fødd.Dersom Olefine og Henrik valgte å reise ein annan stad for å gifte seg. Var det nokon plass som var særskilt populær på dei tide, for dei som budde i Bergen? Kor ville dei ha reist. (Eg har sjekke Førde, Askvoll og Hamre). Er det nokon sokn i Bergen som ikkje er med i databasen over vigde 1816-1911 i Bergen?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Kan de ha giftet seg hos en byfogd? Husker at jeg fant bestefaren til kona mi gift hos byfogden i Stavanger i 1887. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Det har eg også tenkt, sidan søstra gifta seg hos byfogden i Bergen når ho gifta seg. (reknar med at 'soknet' BB er byfogden i Bergen)Eg har gått igjennom alle registreringane i databasen under BB i åra 1900-1902, utan å finne noko. Eg har også gått gjennom registreringane om offentleg giftemål under domkirka i Bergen for dei same åra.Kanskje ein ide å sjekke andre byfogdar. Det er ikkje sikkert at alle er lagt inn i databasar. Takk for tipset.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Hei!Har glemt ut hvor jeg fant databasene med BB (byfogden) i Bergen og andre byer. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Eg trur at for vigde hos Byfogden i Bergen, så er dei med i databasen over vigde for aktuell periode. I Stavanger ser det dårleg ut med databaser i det heile over gifte i denne perioden, men eg har sett litt på kirkebøkene der. Finn ingen register over gifte hos byfogden i Stavanger.Eg får vel legge saka på is igjen. Eg har fått god hjelp, og fått avklart mykje.Eg får legge til grunn at Henrikke og Oliane Konstanse dør ein gong mellom 1875 og 1900, og at Henrik Mathias giftar seg ein gong mellom 1900 og 1902.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Det er ei Constanse Underseth som får en datter Lillie i Brooklyn i 1892 med Wm Andersson.Lenke America&frompage=99 Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Takk for det funnet Johan. Det er ikkje så mykje opplysningar om denne Constanse Underseth. Samtidig er Constanse eit forholdsvis sjeldant namn, og Underset endå sjeldnare. Eg har gått gjennom BB Askvoll om Underset, og det er ikkje nokon der som heiter Constanse. Ho kan sjølvsagt være fødd av ein utflytta Undersetar, slik som ho vi leitar etter. Det er vel ikkje umogeleg at det har vore to med så likt namn. Synd at det ikkje står noko meir.Eg har også tråla emigrasjonslistene utan å finne noko. Dersom dette er den same Konstanse, så må ho vel ha flytta over. Ho var 21 år i 1892, og dermed yngre når ho emigrerte. Kan ho ha reist åleine?Det er ikkje så mykje vi veit om familien i denne perioden. Kan heile familien ha emigrert? Henrik Mathias får ein son i 1887 og Søren er fadder. Henrik Mathias bur i Bergen i 1891. Josefine får ei datter i 1893 og Søren er også då fadder. Det virkar difor som om familien har vore i Norge i denne perioden. Familin kan sjølvsagt ha reist over etter 1875, og så kome tilbake før 1887, medan Konstanse har blitt igjen åleine. Det blir spekulasjonar, men dei burde jo då ha vore å finne i emigrasjonslistene.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.