Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Arnfinn Kjelland

[#70701] Gruppebilde berre jenter ca 1865 - nokon som har sett liknande?

Recommended Posts

Guest Arnfinn Kjelland

I samband med bygdebokarbeid samla vi på 1980- og 90-talet inn mange gamle bilde, og publiserte i fjor _Bygdebok for Lesja 4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850–1950_: LenkeEitt av bilda vi har hatt problem med å finne bakgrunnen for er dette. Det er frå midten av 1860-åra og syner nærare 40 jenter frå ei grend i Lesja, der vi har namna (og dermed alderen) på knapt halvparten (samt læraren, Johannes T. Bjørli). Jentene er frå 4-6 år og opp til 17-19 år. Det kan altså ikkje ha vore eit skulebilde, og kvifor berre jenter?Er det nokon som har sett noko liknande gruppebilde frå denne tida, med forklaring på kva høve det kan vere frå?

bilete7219.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jarl V. Erichsen

Artig bilde.Du konkluderer med at det ikke er et skolebilde... Kan det allikevel tenkes at dette er 'en pikeklasse'?Hvis det f.eks. hadde vært avholdslosje, ville vi sett symboler? Hvis det var jenteforening/søndagsskole...., hadde han da foldet sine hender...??Er dette et bilde som mange i bygda har hatt, eller er der spor av bare ett?- Jarl -

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

Nokon 'pikeklasse' med slik aldersspreiing i ei utkantbygd med omgangsskule nokre veker for året er det neppe.Det var kome fråhaldslosje på denne tida, men neppe med så små jenter. Søndagsskulene i bygda er ikkje spesielt granska, men så langt eg kan sjå høyrer dei 1900-talet til.Slike gruppebilde er det som regel laga fleire kopiar av. Det vart i alle fall innsamla 2, og det finst sikkert fleire.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Berit Knudsen

For meg så ser jentene litt eldre ut enn 4-6 år.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

Den yngste jenta vi veit namnet på er f. 1861. Det er ho som står rett til høgre for den venstre skuldra til læraren.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Berit Knudsen

Men, vet dere når bildet ble tatt?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

Nei, som eg skriv i (1): i andre halvdel av 1860-åra. Dei to høge jentene bakast til venstre reiste til USA i 1868, så det er i alle fall frå før det året.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Birger Forsmo

Vet du om der var noe (pikehjem) barnehjem i Området? Birger

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lisbeth Randa

Omgangsskoletiden i Lesja sluttet vel i 1860 da de fikk skolestue. At det er sprik i alder betyr ikke at det ikke er skoleklasse. De hadde forskjellige ting de skulle lære. Småjentene kan jo ha vært småsøsken til de eldste som har fått lov å være med til skolen. At jenter og gutter var i forskjellige klasser kan bero på mye. Ikke alle barna kunne være borte fra gården på en gang. Hos mine besteforeldre ble barna delt i 2 grupper, slik at foreldrene hadde noen hjemme som kunne hjelpe til.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Kari Thingvold

Konfirmanter?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

(8): Nei, heilt ukjent.(9): Det du skildrar her gjeld nok mykje meir tettbygde strøk. Lov om fastskule kom i 1860, ja, men det gjekk mange tiår før det verkeleg vart bygd faste skulebygningar. På Lesja var det i 1890-åra og seinare. Og dei eldste her var langt over skulepliktig alder.(10): Nei, ikkje når den yngste ikkje var meir enn maks 7 år.Men sjølvsagt: takk for interessa og idear!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Kari Thingvold

Jeg hadde ikke fått med meg aldersvariasjonene. Hva med sangkor?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

Først: Eg tvilar på at nokon av desse jentene kan vere noko mindre enn 6-7 år. Det har med kropps-proporsjonane (hovud/kropp/armar m.m.) å gjere. Ut frå det du har sagt, må det altså vere teke i 1868 eller -67.Eg ville leita etter ei barneforeining, først og fremst knytt til misjonsrørsla. Det er tidleg, men ikkje for tidleg for ei barneforeining. Det var ei oppblomstring av organisasjonar på 1840-talet og utover. Slike foreiningar kan vere godt dokumenterte dersom dei høyrde til ein organisasjon som har vore kontinuerleg til stades i bygda. Men dersom det var ei foreining som berre varte nokre år, kan alle protokollar (medlemslister, møtebøker, m.m.) og dei fleste minne vere borte. Barneforeingar etterlet seg til vanleg mindre arkivmateriale enn voksenforeiningar. Er de heldige finst det innbetalingar 'til misjonen', altså i arkivet/rekneskapen til hovudkontoret til ein organisasjon. (men så var det denne nåla i høyet...)Sundagsskule er mogeleg - det ville vere tidleg, men ikkje for tidleg. Det fanst sundagsskular på 1840-talet.Har de identifisert mannen?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

(12): Sangkor på denne tida er heilt ukjent.(13): Dei første kjente misjonsforeiningane i bygda vart etablert i åra kring 1860. Mannen er omgangsskulelæraren i bygda, jfr (1).Men sjå var det sjølve bildesjangeren da. Fotografering var sterkt sjangenbunde på denne tida, så om nokon har sett noko liknande kan det gje løysinga.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Rune Nedrud

Det kunne ikke være mulig å finne ut hvem mannen i front er da? Hans livshistorie kan kanskje kaste lys over hva slags forsamling han satt i front for?Det kan se ut som mannen har ett ben som har en slags støvel (støtte?) utenpå buksebeinet, mens det andre beinet ikke har noen støvel (støtte) på. Kan dette gi noe signal om hvem mannen er?Bare strøtanker...men en mulig innfallsvinkel kanskje?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

I første innlegget står namnet han (jfr og innlegg 14). Mannen er godt kjent, han var omgangsskulelæraren i kretsen. Det er rett observert at han har stiv fot; han fekk amputert foten ca 1857, men fekk likevel eit langt liv som lærar. Og etter han var pensjonert dreiv han heimgarden. I 1908 fekk han kongens fortenestemedalje.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ivar S. Ertesvåg

(14, 16): Eg ville framleis leita etter ei barneforeining i misjonen. Har de grunngjevinga for medaljen? Han må ha gjort meir enn 'berre' å vere lærar.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lisbeth Randa

Jeg leste litt om alder på de som gikk på skole før, og alderen var fra 6 år til ekteskapinngåelse, men dette ble etterhvert endret og de fikk skolegang frem til komfirmasjon. Jeg tror dette gjaldt hele landet, men hvorvidt det ble etterfulgt er vanskelig å si. Leste også at de hadde separate dager, jenter en dag gutter en dag. Og at alderen tydeligvis ikke hadde stort å si. Det viktigste var at de lærte å lese.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lisbeth Randa

Hvem var fotografen? Var det en omreisende en, eller en som var bosatt i Oppland? Går det an å finne ut hvilken fotograf som tok slike bilder på 1860 tallet? Det finnes jo arkiver, og mange fotografer tok for seg temaer. Selv om natur og folkeliv var det vanligste, var det nok noen som tok gruppebilder eller som fotograferte folkedrakter, bygninger etc. Det var snakk om at noen av jentene dro til Amerika, kan det være et bilde tatt for anledningen av de som hadde gått på omgangsskolen og skulle emigrere eller flytte ut av bygda for godt?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Reidar Oddløkken

Det må være et snev av høytid inne i bildet også etter klesdraktene å dømme, og de var påfallende like og litt opp-pyntet kanskje?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

(17): Læraren er godt kjent ja. Han var f. 1828, d. 1917. Trass i trebein dreiv han som omgangsskulelærar i nesten 40 år fram til 1892 da han flytta attende til farsgarden og gjekk laus på betydeleg nydyrking og forbetring. Medaljen fekk han både for arbeid som lærar og bonde.(18, 19): Fotografen er ukjent, og vi har altså samla mange bilde frå denne perioden frå bygda, utan å finne noko som liknar.Takk for mange gode idear, men altså framleis ingen som har sett noko liknande bilde frå denne tida.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Reidar Oddløkken

En må vel også regne med at noen av personene på bildet utvandret til Amerika etterhvert?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

Ja, det var heilt sikker mange som utvandra.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Gunnar Sigdestad

Sidan det var langt mellom fotografane på slutten av 1860-talet, er det vel ikkje heilt utruleg at tyskaren Louis Heine i Lom tok seg ein tur til Lesja? Han var i alle fall i Lom til i 1869. Han flytta seinare tilbake til Tyskland.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arnfinn Kjelland

Utruleg er det nok ikkje. Men det må faktisk ha vore ein del (stort sett omreisande) fotografar i området - vi har nokså mange gruppe-/familie- og andre bilde som må vera teke i bygda på 1860-talet. Og vi hadde faktisk ein lokal fotograf på Dovre kring 1870: Ola Andersson Hattrem f. 1841. På s. 31 i den boka som er nemnt i (1) har vi gjeve att 2 bilde av han med signatur på kartongbaksida.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.