Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Skorpen

[#70875] Ane Kruse på Sandnes (ca 1600)

Recommended Posts

Gjest Knut Skorpen

Arvingane til Hans Kristenson lyste i 1681 (på Hals i Vefsn) odelsrett til garden Sandnes (Alstahaug). Odelsretten hadde dei etter sin salige faders oldemor, Ane Kruse.Sidan Kruse-slekta er så kjend ei slekt spør eg om nokon kjenner til linja mellom Ane Kruse og Hans Kristenson (med barn fødde ca 1645-50 med namna Ane, Kristen og Sakarias).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Her er avskrift av lysinga i Nordlands lagtingsarkiv, pakke nr 3, sak nr 41.5 Kiendes wi effterskrifnee Christen Hansen: Krusse,boende wed Hundalswatne, Peder Erichsen Offferhundalen, paa min hustru Ane Hansdtr Krusse hindes weigne, Zacharias Hansen boendes i Dÿrdalen, sampt Oluff Christensen boende wed Kulstadsøen , og hermed Krafft dette witterligt giør, at efftersom wi samtligen tilstod effter woris Sl: faders oldemoeder Sl: Ane Krusse, da boen: de paa Sandnes, een Odels Jordepart udj forne Sandnes gaard i Al stahoug fiering beliggende, som er af aarlig landskÿld een wog fisch. Hwilcken odelspart Sigis skull for lang tid siden skulle waere pandtsatt till afgagne sl: Hans Hansen ogsaa boende paa dene gaard, dog os gandske ubewustt enten wed Rigtig Pandtebref, skrifft, eller Lauglig widnes, hwor föÿt det til han: nom indsat waar, eller til full tid og Termini det skulle igien ind løssis, alt saadant for os duldt og ubewist: Och effter be: Hans Hansen frafald haffwer hans börn og arffwinger ermeldte gods til sig annamet til brug og haffwe , og atter igien til andre pantsatt . Formedelst wi som dette Odels berettiget , den tid icke hafde da ofuerskÿdende midler, det til os at indlöse eÿ heller gemedlig? Wisshed, hwad det fore pandsatt war, som ut supra meldt Da efter saadan adferd og forsrewne beskaffenhed haffwer wi samtlige med woris beraad hu og sind og fri willie, sampt woris hustrues, Ja, min: de og samtöche affstaait woris Odels Rett, Rettighed og Lauglig tilgang i be: odelspart Sandnes til Erlig Achtbar og fornemme Mand Peder Nielsen Aars, hans k: hustru, börn og rette arffwingers, saa hand det for woris og woris effterkommeris amage og paatale skall uhindret nÿde, bruge og beside, som sit eget frelseligt Odel i alle maader af os og wore arffwinger ukiært, og det fordi offwerbe: Pantemends arfwinger haffer det til wellachtede Peder Nielsen Aars lang tid for hen til it fast ogbrugelig pant indsat og offwerdrages og eÿ til Rette forfaldt dog effter deris sterche forskriffwelse det fretelig indfriet som bör. Men dersom imod forhaabning deris arffwinger som saaledis godset til Peder Nielen hafwer indsatt, skulle fatte her effter i tancke be gods til dennem at wille indale , enten wed Retten eller anden adferd , paa det , det dennem til brug skulle hiemkomme . Da som wi ere Odelsmend der till, men de andre ichon saadnne pntemend som rört er, eille wj samptlige effter andeel, saa snart Gud will hielpe os til mange midler, det selwer til os indløse og indtale wed Loug og Rett, hwor iche , saa saa skulle hende eller sig ildrage, da holde wi woris afstaaelse og giorde löfter , som foremelds er, hwilchet wi med dette brefwis kraftt. Forsichrer, som wi og til stadfestelse med woris hænder og brugeslig bomercher herunder skrifwer, sampt wenig ombedt Wellagde Just Jensen Brun, og Siufr bendichtsen Kuldstad, som i denne handling off: erwærendis war , med os til witterlighed at underskrifwer actum Hals d: 20 Augusti Anno 1681Christen (BM) Hanssøns boemerke Siur (BM) Bendigtsens boemerke Zacharias (BM) Hansøns boemerke Just Jensen Brun Egen hand Ole (BM) Christensøns boemerke Wærit i Rette paa Sandnes Waarting d: 2.Maÿ Ao 1698 Test: Jacob Dass

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takker så mykje for avskrifta.Det høyres ikkje utenkeleg ut at det er Kusse som er rette namnet, men ein må nok også undersøkja kor vidt Kruseslekta kan ha noko med dette området å gjera i siste halvdel av 1500-talet, sjølv om det ikkje verkar å vera særleg sannsynleg.Kjenner du noko meir til kjøparen, Peder Nilsson Aars (Århus)?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Med fare for å gå to skritt tilbake, ved å gje att opplysningar som tidligare kan vere dementert:'P.L.' (=Mikal Jakobsen?) skreiv i ein 'føljeton' i Helgelands Blad i 1910 om Sandnes gaard i gammel og ny tid:s. 7f: 'Hans Kruses datter blev senere gift med en Erland Olsen, som med hende blev eier av 1 vog, som han brugte til ut i 1660aarene, da han kom i stor skyld og gjæld til den fiffige danskfødte kræmmer Peder Nilsen Aars eller Aarhus, som hadde tat borgerskap i Bergen. Under 11/9 1668 utstedte E. Olsen pantebrev til Aars for gjæld stor 77 voger rundfisk med sikkerhet i hans eiendom paa de vilkaar, at hvis pantet ikke blev indløst inden 4 aar, skulde gaarden være Aars' eiendom.'Desse avisfølgjetongane byggjer på solid dokumentasjon, men dei har ikkje det beste rykte, fordi forfattaren kan ha brukt fantasien der kjeldene ikkje strekte til.Eg synes det er interessant å sjå eit slektsnamn som Krusse dukke opp på ein fjellgard i Vefsn, det er høgst uvanleg. Ambisjonen min vert då å knyte tråden frå Hans Kristenson (Krusse) til Ane Krusse på Sandnes. Det får eg nok ikkje til. Retten godtok slektsskapet utan å gjere greie for detaljane, men gav ikkje medhold i odelskravet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Om det stemmer det som står i Dahl (2000), så var Peder Nilsson Aars gift med Maren Hansdotter Machesson, prestedotter frå Brønnøy. Mor hennar var Birgitte Chistensdotter Schanche, enke etter Claus Rosing og Kusseættling. Kanskje eit indisium på at tradisjonen om at Kruse skal vera Kuse/Kusse er rett?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

KnutDen Hans Kristensson som du nemner i innlegg (4), er det far til dei søskena; Christen, Ane og Zackarias? Den sistnemnde, Oluf Christensson 'boende ved Kulstadsøen' er kanskje farbror til dei tre då?Veit du kven som står som eigar av Sandnes i 1647 og 1661 ?, ev, andre jordebøker på 1600-talet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

1) Ja, utvilsomt (jf innlegg 1, tredje setning).2) Kanskje, jf. patronymet.3) Nei, eg har ikkje oversikt over Sandnes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk for det!I følgje A. Hauglid så står følgjande om Hr. Olav (Kusse?) i Brønnøy at i følgje Gunnerus, så hadde han ei dotter, Marit som budde på garden Gaupen i Bindalen. Olav overlet henne ein holme i Nord-Horsvær som endå heiter Maritholmen i følgje Hauglid.Denne garden, Gaupen, vert det langt unna Sandnes?Som du skjønar er eg lite lokalkjend i dette distriktet (utanom skipsleia) ;-))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Gaupa ligg på 65°15′01″N 12°18′12″A, Nordhorsvær på 65°19′21″N 11°37′56″A, Maritholmen på 65°19′44″N 11°37′24″A og Sandnes på 66°00′52″N 12°37′33″A .Avstanden frå Gaupa til Sandnes skulle vere vel 50 nautiske mil sjøvegen, etter rask hovudrekning. To og ein halv time med hurtigruta.Sandnes kjenner du vel elles frå Eigilssoga, Sigrid frå Sandnes og Øyvind Finnson Skaldespille er meir kjende størrelsar enn Hans og Ane K®usse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Her har vi i alle fall Maritholmen

bilete8487.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Gaupa ser ut til å vera ein svært stor gard og er vel det same som gnr 96 i Bindal.

bilete8488.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det er altså den garden som har gjeve namn til Sandnessjøen det her er snakk om. Klarte ikkje å assosiere til denne staden ut frå dei opplysningane som låg føre. At dette har vore ein historisk interessant stad tvilar eg ikkje på, og at garden kan ha høyrd Kussane til verkar å vera interessant.

bilete8489.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Knut Skorpen!I følgje N. A. Ytreberg; 'Nordlandske handelssteder' 1941 (1980), så var Peder Nilsson Aars den første handelsborgaren som er kjend å ha tilhald på Sandnes. Ytreberg seier at Aars var komen til Sandnes alt i 1669 og at han var bergensborgar. Har du opplysningar som kan stadfesta ev avkrefta dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Det er meir tilfeldig kva eg har om Sandnes i Alstahaug. I littaraturen har eg ikkje funne anna en det Mikal Jakobsen har skrive, og det er om lag 100 år gammalt, og ikkje alt like påliteleg. Eg ville sjekka skattelsitene frå 1610-1620, eg vil tru folk på Sandnes betalte skipperskatt. Når bergensborgarane etablerte seg her, veit eg ikkje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Debatt nr. 83837 Lenke viser at eg er på villspor når eg trur at Kruse kan vera ei feilskrift for Kusse. Ane Kruse er nok dotter til den Hans Kruse som er nemnd på Sandnes først på 1600-talet. Er lei for at eg avspora debatten din sist vinter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Debatt nr. 83837 Lenke viser at eg er på villspor når eg trur at Kruse kan vera ei feilskrift for Kusse. Ane Kruse er nok dotter til den Hans Kruse som er nemnd på Sandnes først på 1600-talet. Er lei for at eg avspora debatten din sist vinter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Eg kom over ei avskrift av eit kjøpebrev frå 28.11.1646, som tyder på at Hans Hansson på Sandnes har ervd odelsjord på Grøva i Vefsn:'Kiendes Jeg hans Hansen Boende Paa Sandnes vdi Alstahoug fierring paa helgelandt -- med min hustru och børns villie raadt og samtøche - - selger -- till Niels Pedersen Greffue Ett Halff pund fesches landschyld, aff min odel och arffuelig anpart, som mig med mine søschind arffuuelig i Bemelte Greffue tilfalden ehr ---- (og) til wng Oluff Aarsen -- ett pund.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest André Martinsen

Hvem var Oluff Aarsen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Skorpen

Oluff Aarsen les eg som Ola Arnson (Arneson). Det var to av dei på Grøva, derfor er denne kalla 'unge Ola Arnson'.Om den vi finn i manntalet her Lenke er den gamle eller den unge, skal ikkje eg seie for sikkert.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.