Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kai Løseth

[#72214] Follestadætta og Barstadætta, Ørsta, Møre og Romsdal

Recommended Posts

Gjest Kai Løseth

I gardssoga for Sykkylven,bd 4, s 24 står dette om Ingebrigt Halsteinsen som var brukar på garden Ramstad, no i Sykkylven kommune Møre og Romsdal, men som fram til 1955 tilhøyrde Ørskog kommune:Ingebrigt Halsteinsen Br ca. 1540-ca.1570 Barn: Halstein, f ca. 1540 p br Ingebrikt gav 1 mællag jord til Ørskog kyrkje i 1547. Denne gåva var helst gløymd vel 100 år seinare, då presten i lang tid krangla med etterkomarar etter Ingebrigt om små jordpartar i Ramstad: ein ser ingen ting til takksemd for gåva. Fleire tidlegare granskarar har meint at sonen, den kjende Halstein Ingebrigtsen Ramstad, var innflyttar frå Barstad og at han var son til Ingebrigt Toresen av Follestadætta. Såleis skriv Hjørdis Nørve (1978) i «Ætta frå jernalder til atomalder» s. 41 beint fram at Halstein Ingebrigtsen flytte til Ramstad. Men han var altså fødd på Ramstad, og eventuelt ættesamband med Follestadætta eller Barstadætta må vere av eldre dato.Kjenner nokon til om det er gjort gransking av Follestadætta og Barstadætta i seinare år?Helsing Kai Løseth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Sykkylvssoga er svært upresis for det som gjeld Ingebrigt Halsteinson.Allereie i 1524 er det opplyst at Sankt Lavranskirka på Ørskog eigde 1 mællag i Ramstad som ho hadde fått av Ingebrigt Halsteinson. http://www.soga.no/bjodale/missale.htmDette vil seie at Ingebrigt kan ha gitt jorda i 1524 eller før. Det står ingen ting om at Ingebrigt Halsteinson budde på Ramstad, heller ikkje i yngre kilder. I manntallet fra 1520 er det nemnt 14 skattytarar med fornamnet Ingebrigt på Sunnmøre, men ingen av disse budde på Ramstad, Follestad, Barstad, Vartdal osv.Det er svært sannsynlig at Halstein Ingebrigtson, som var bonde på Ramstad i andre halvdelen av 1500-tallet og til han tok seg av dage noke etter 1600, var son av Ingebrigt Halsteinson nemnt 1524, men prov manglar.I Ørstingar I, sidene 359-361, er dei to follestadættleggane prenta. Namnet Ingebrigt går att i den eine, og det skal også ha funnest ein Halstein (kanskje Ingebrigtson), som kan ha levd midt på 1400-tallet. Vi kjenner ikkje til kor dei ymse ætlingane budde med unntak av dei yngste ledda på 1500-tallet.Ein teori kan vere at ei grein av Follestadætta hamna på Runde. I 1520 budde der både ein Olaf Halsteinson og ein Ingebrigt.Hjørdis Nørve sitt skrift inneheld få dokumenterte opplysningar for tida før 1600.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Tusen takk til Bjørn for veldig fint og opplysande svar!I Gardssoga for Sykkylven står også m.a. dette om Halstein Ingebrigtson:Halstein må ha vore ein av dei fremste mennene i bygda i si tid. Han var ein av utsendingane til kongehyllinga av Christian IV i 1591 (Aktstykker til norske stændermøders historie bd 1 s. 52). Han representerte Ramstad på ei markegangsforretning på Stranda mellom gardane Slyngstad, Langlo og Ringstad i 1595. Var lagrettemann.Eg veit ikkje korleis folk vart utpeika til ei kongehylling, men har tenkt at det måtte vere pga 'gjev' ætt eller at dei var særleg respekterte i samfunnet (evt begge deler). Derfor tenkte eg at det kanskje kunne vere noko i at han var av disse ættene. Men eg ser no at der ikkje er grunnlag for slik konklusjon. Ellers står det at ei dotter av Halstein var gift med Amund Sjursen Ringstad (kalla 'rike-Amund') på Stranda.Helsing Kai Løseth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ætta til Halstein Ingebrigtson på Ramstad er svært interessant, og med tid og stunder skal eg prøve å samle noke av det vi veit om denne.Halstein var tvillaust lagrettesmann, og av slike var det på denne tida minst 8, kanskje 12, i kvart skipreide. Når han blei valt som utsending til kongehyllinga var det enten fordi han var den eldste eller mest framståande av lagrettesmennene eller fordi han var lensmann.Halstein var ellers ein etter måten stor jordeigar. Han åtte 2 mællag i Ringstad, 2 mællag i Furset, 2 mællag i Vartdal og 4 mællag i Sundalsfolla i Austefjorden. Dette blei opplyst då buet måtte bøte til krona for sjølvmordet. Dessutan må han ha hatt 3 mællag i Ramstad og 3 mællag i Volle i Barstadvika (av eit diplom fra 1657 går det fram at han hadde makeskifta 3 mællag i Volle mot 3 mællag i Ramstad før han drap seg). I utgangspunktet åtte han då trulig 6 mællag i Ramstad.Godset i Ringstad var vel kona, Sigrid Guttormsdatter, sitt. Ho skal ha vore fra Ringstad, der ei datter blei gift med Amund (Sjurson)Ringstad, rimeligvis son av lensmann i Dale skipreide, Sjur Toreson Ringstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Ja, interessant er det!Og ein kan også lure på om det var ei form for 'harakiri' han gjorde som gammal mann? Men det er sjølvsagt berre spekulasjon.Tusen takk igjen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Halstein tok seg av dage i 1613 eller 1614, og då blei det opplyst at han var ein gammal mann. Han hadde barnebarn fødde i 1580-åra, og ikkje utrulig var han sjølv fødd i 1520-åra.Eg har no saumfart kildene til Halstein si ætt, og alt tyder på at han stamma fra Gudbrand Berdorson på Vik i Sykkylven, nemnt i 1342, som kanskje var riddar.Eg har tenkt å skrive eit stykke om Gudbrand og ætta hans, og kanskje rekk eg det før Årbok for Sunnmøre har deadline i haust.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai Løseth

Komen heim etter nokre dager i fjellet, utan kommunikasjon med omverda, finn eg innlegget til Bjørn.Dette skal bli interessant!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.