Gå til innhold
Arkivverket

[#74823] Johan Kåsa - Kven var han?


Gjest Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Gjest Åse Emilie Øy

Dialekten til JohanNår det gjeld musikken i språket, så liknar dialekten til Johan på mannen frå Brunkeberg, som er på opptaket. Han liknar også på ei jente frå Høydalsmo, som eg gjekk på skulen saman med.Mine tankar om dette nå, er om det kan vere eit fjellmannsmål i dette området, der dei legg tonefallet litt høgare enn andre, og at Johan sin dialekt er frå dette området. Han kan ha flytta til Skafså seinare, og begynt å seie at han er derifrå.Når han er i Skafså, så tenkjer eg meg at han har kome på tanken om å vandre ut i verda. Og det har han gjort ganske enkelt, ved å ta 'vannvegen', gå på båten på Bandak og gå av der båten stoppa. Deretter har han vore skysskar på Skotfoss. Han har då vore ganske ung, kanskje 16-17 år gammal.Han var ca. 25 år gammal då han kom til Treungen, og 28 år då han kom til Åmli.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Kan ikkje seie at eg hugsar namnet. Når om lag skulle dette vere? Er det lenge sidan, så var her veldig mange små skular. Men er det i nyare tid, så er det meire oversiktleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Det blir nok ei pause her nå, om det ikkje skulle vere andre som har noko å kome med. Eg meiner innlegg 201 er ei god skisse å jobbe vidare med seinare. Det som er gjort i denne omgangen, både med målaren Gude og dialekten til Johan, er veldig bra.At arkivet til Skotfoss bruk ikkje er tilgjengeleg, er eit minus her. Eg har prøvd om det finnast skattelister for dette området, men har ikkje heilt funne ut av det. Å dokumentere at Johan har vore skysskar på Skotfoss, hadde vore stort.Elles er det aktuelt å studere arkivet til verket i Skafså. Her kan kanskje Johan ha jobba før han reiste til Skotfoss. Det kan også vere at far til Johan har vore tilsett her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Det Skafså vi har tenkt på her, er eit sogn i Tokke kommune. Her ligg m.a. Åmdals verk. Men meiner du at det skal vere fleire stader som heiter Skafså?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Stian Høiset

Jeg følger bare diskusjonen fra sidelinja. Men jeg har (eks-)familie fra Skafså, og jeg mener det er rimelig fastslått at Johan er fra Kåsa under Lauvik i Skafså. Dialekt, kirkebøker, folketellinger sier vel det samme? At det er vrient å finne informasjon om ham og familien ellers, utenom disse, er en annen sak.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Johan har sjølv sagt at han er frå ein husmannsplass eller eit lite bruk i Skafså, og at han har namnet Kåsa etter denne plassen. Når det gjeld den identiteten som han har levd med heile tida hos oss, så står det at han er fødd i Skafså. Problemet er at vi ikkje klarer å dokumentere det. Vi kan ikkje finne han døypt eller konfirmert, korkje i Skafså eller nokon annan stad i Telemark. På folketelling 1891 for Mo er han ikkje, og på Folketelling 1900 for heile landet er han ikkje.På Folketelling 1910 er han her i Åmli hos oss, han kom hit i 1909.Vi har nå hatt ein debatt om vi kan stadfeste kvar dialekten hans er frå. Dialekten er heilt sikkert frå Vest-Telemark, og i alle fall veldig nær Skafså.Før han kom til oss, var han nokre år i Treungen. Det vi veit om livet hans før denne tid, er det han har fortalt sjølv. Det er at han som barn var gjetar og stod modell for målaren Gude. Og så hadde han vore skysskar på Skotfoss. Han hadde 3 søsken, Halvor, Birgit og Olav. Vi har ikkje klart å finne desse heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Hei Benn!Arkiva i Kongsberg og Kristiansand har eg vore i kontakt med. Men det er eit problem når denne saka er så langvarig. Eg skal ta ein gjennomgang på kva eg har spurt om og kva svar eg har fått.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Sporing av Johan bakover i tidDå denne saka viste seg å vere så vanskeleg, ville eg prøve om det kunne la seg gjere å spore bakover i tid. Eg tok då utgangspunkt i dei opplysningane vi har som er sikre, og som ligg lengst tilbake i tid.Dei opplysningane som er dokumenterte lengst tilbake, er Folketelling 1910. I tidsrommet 1910 - 1920 er Johan fleire gonger funnen på skattelistene her i Åmli.Johan sa sjølv at han kom i samband med bygginga av Treungbanen. Han sa også at han var nokre år i Treungen før han kom til oss.Når det gjeld at Johan var skogsarbeidar og arbeidde mellombels på jernbanen, så er det her eitt moment som er litt usikkert. Johan var med i ein flotargjeng i Treungen, det er difor sikkert at han var skogsarbeidar i Treungen. På folketelling 1910 er han også skogsarbeidar. Men når var han anleggsarbeidar på Treungbanen? Vi har gode informantar på at Johan var i Treungen før han kom hit, og også at han hadde kjærleikssorg då han kom. Foreldra til kjærasten tok imot anleggsarbeidarar i losji, og det kan difor vere slik Johan blei kjent med Marie.Difor tok eg kontakt med Norsk Jernbanemuseum, om dei kunne dokumentere anleggsarbeidarar i Treungen før 1910. Dette er svaret eg fekk:Hei Museets bibliotek har lite opplysninger i våre arkiver/kilder om anleggsarbeidere, fordi disse ikke var ansatt direkte i 'jernbanen', men av entrepenører som igjen hadde kontrakt med 'jernbanen'. Arkiv etter de forskjellige banestrekninger befinner seg i Statsarkivene/Riksarkivet.Vennlig hilsen Anne Marit Skattum Bibliotekleder tlf: 625 13260Deretter tok eg kontakt med arkivet i Kristiansand. Dette er svaret eg fekk der:Vi må dessverre opplyse at det ikke ligger noe kort på Johan O. Kaasa i personalarkivet for NSB. Der lå kort på flere andre anleggsarbeidere.Ellers har vi sett i innflyttingsprotokollen for lensmannen i Åmli. Kaasas navn var ikke å finne der for årene 1908-1911. Vi så at flere andre jernbanearbeidere slo seg ned i Åmli på den tida, men Kaasa har altså ikke meldt fra om flytting.Med hilsen Roger Tronstad e.f.førstearkivarDette vil seie at arkivet i Kristiansand ikkje kan finne Johan tilsett som anleggsarbeidar. Sjølv om eg har skrive anleggsarbeidarar før 1910, kan eg ikkje sjå at det har noko å seie for svaret, sjølv om han skulle ha vore anleggsarbeidar her i tidsrommet 1910 - 1920. Johan kom etter det han sjølv har sagt til oss i 1909. Og sjølv om det kan dokumenterast at han har vore hos oss sidan, så kan ikkje arkivet finne at han har meldt frå om at han flytter hit.Det er så langt eg er komen med å prøve å spore bakover. Ingen dokumentasjon på at Johan har vore tilsett som anleggsarbeidar, og ingen dokumentasjon på at han har vore i Treungen. Sjølv om vi er sikre på at dette er rett.Arkivet i Kristiansand har ikkje fleire opplysningar. Skal ein prøve meir på å spore han bakover i tid, må det bli opplysningar frå Treungen. Kanskje skattelister eller anna som høyrer inn under Telemark, og også då under arkivet på Kongsberg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Nå har eg alltid forstått det slik at Johan har vore hos oss sidan han kom hit i 1909. At han skal ha vore på Skotfoss rundt 1920, ville vere heilt ukjent for meg, og ingen her som har visst om.Vi skulle ha funne ut når han har vore på Skotfoss og dokumentert det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Arkivet på KongsbergArkivet på Kongsberg var eg i kontakt med og vart oversendt til Kristiansand. Seinare sende eg spørsmål om skattelister. Av svaret under ser det ut til at arkivet berre har skattelister frå etter 1965. Dersom det finnast eldre skattelister, er desse i kommunane.Det hadde vore enklare for oss om alle gamle skattelister hadde vore på arkivet. Her hos oss er Johan å finne i skattelistene, og difor kunne det tenkjast at han også var i skattelistene i andre kommunar. Ikkje særleg greit for oss, når han har farta rundt. ***********************************************************Emne: Opplysninger fra skattelister for Skotfoss i Telemark 1890-1908Statsarkivet i Kongsberg Sak 10/35375Vi viser til henvendelse.Generelt er så gamle opplysninger helt frie og kan studeres av enhver på lesesalen.Ligningsarkiver er statlige etter 1965 (i statsarkivet), før 1965 kan opplysninger finnes i kommunale arkiver.Det er mulig du kan ha nytte av [url="http://www.grenlandslekt.no/>http://www.grenlandslekt.no/ sine sider, eller

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Morten Strøm

Til Vidars innlegg nr 219: Jeg ser det er en Johan Pedersen som er forlover. Kåsa var plassnavn, så den Johan det letes etter hadde et annet etternavn også..?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Til VidarDette var eit godt framlegg. Olga Sommundsdatter Rinden, f. 03.06.1900 er på Folketelling 1910. Men kan du finne Olav nokon stad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.