Gå til innhold
Arkivverket

[#74823] Johan Kåsa - Kven var han?


Gjest Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Gjest Gro Berit Sternang

Eg er litt usikker på du meinar med det siste innlegget ditt?Kanskje du har fleire ord og uttrykk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Bestemor fortalde at ein gong dei var nede ved Storbekk og heldt på med slåtten, så var det så heilt utruleg varmt, og dei som var der blei veldig sveitte og varme. Då sa Johan: 'Å, den som hadde hatt tøll liter sur mjølk!'Å slokke tørsten med sur mjølk, det var eit gammalt, kjent knep. Men bestemor lo alltid så av dette, for ho skjønte at Johan var veldig tørst - for 12 liter med sur mjølk var nå ikkje heilt lite.Språket gjorde også sitt til at dette blei ei herme etter Johan. Vi seier tåll (=tolv) og vi seier mjålk (=melk). (Nokre få gamle sa mjåkk.) Han sa tydeleg tøll og mjølk, og dette var uvanleg for oss.Ingeborg Monen heitte ei kjering som også budde på Øy. Ho var også fødd i 1881, og var eit par månader eldre enn Johan. Johan var veldig opptatt av at han og Ingeborg Monen var like gamle. 'Eg og Imbør Monen æ like gamle', sa han. Mor mi fnyste alltid litt av dette. 'Kan nå det vere så stas', sa ho 'å vere like gammel som Ingeborg Monen.'Vi sa Ingbår - han sa Imbør. Dette måtte vere fordi han var vant med å uttale dette namnet slik.Til fødselsdagen ein gong fekk han ein kopp (kaffikopp) av meg. Den var innepakka, men han kjente på pakka og sa: 'Æ det ein køpp?' Vi sa kåpp - han sa køpp.Tøll, mjølk, Imbør og køpp - Johan sa ø når vi sa å.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

I innlegget over hermer bestemor etter Johan, som seier 'Å, den som hadde hatt tøll liter sur mjølk!' Dette sa bestemor, men det var nok ho som sa 'hadde hatt', eg trur vel helst at Johan har sagt 'ha haft'. Då blir det: 'Å, den som ha haft tøll liter sur mjølk!'Han brukte også dativforma 'honom'. Begge desse formene her er kanskje gammalt språk som er gått ut på dato.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Alt detta æ som eg skulle ha sagt det sjav!Med et unntak: 'Imbør', her seie me Ingbjør. Skå prøve å sjekke med det navnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Eg har visst gløymt eit ord her. Det skal vere: 'Eg og Imbør Monen, me æ like gamle!' Munnleg får han noko meire svung over det slik. Og så går han opp på siste delen av ordet gamle, på same måten som når bikkja hadde højje seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

'Høtt?' Det sa Johan heile tida. Han brukte ordet åleine, eller det kunne kome ei heil setning etter. Men dette gjer vel heile Telemark.Vi går vel også her over til å, og seier hå, men vi brukar ikkje ordet åleine, berre saman med andre, slik som: 'Hå då?', 'Hå sa du?', 'Hå meinte du med det?'Johan kunne erstatte alle desse tre setningane våre - og fleire til - med eit enkelt 'Høtt?'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Johan var tydeleg på å bruke a-infinitiv. Han brukte også formene hava og gjeva.Over ein stad står det at vi sa hestelort, og at Johan gjekk over til u, og sa hestelurt. Han gjekk også over frå o til u i 'jentune' (jentene). Dei gamle her i Åmli ville sagt 'jentone mine'.Han hadde i det heile mykje u og ø, der vi har o og å.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Hei igjen Åse Emilie!Nei dessverre så kjenner eg ikkje dialekten i Skafså, så eg tør ikkje sei noko om forskjellen.Seljord og Kviteseid er ganske så lik.Me seie: høtte, hava, gjeva, jentun (uten e på slutten).Tonefallet opp på slutten enkelte stadar, tyder kanskje på at han legg trykk på siste delen. Vi går vel vanlegvis ned, trur eg då.Veldig fint at du skriv inn alt dette, kanskje ein ide å kontakte historielaget i Tokke etter kvart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Eg føler at vi ikkje kjem lenger denne gongen. Vi kan heller kome tilbake til saka, om det skulle dukke opp noko nytt, helst noko som kan dokumenterast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

BirosaEin gong var eg med bestemor og handla. Då viste ho meg nokre koppar som var der. Det var nokre gammaldagse koppar som heitte birose, sa ho. (Eller var det biros?) Slik ein burde eg kjøpe meg. Ja vel, eg kjøpte like godt to av dei, ein til meg og ein til Johan.Min kopp vart berre kalla birosa. Denne koppen har eg ennå. Hanka er borte, og han ser litt medtatt ut, men eg har ikkje kome meg til å hive han.Den andre birosa fekk Johan til fødselsdagen sin. Han var rettnok innepakka, men Johan kjende utanpå pakka kva det var. Det var då han sa: 'Æ det ein køpp?' Og eg vart heilt i beit for kva eg skulle svare.Under koppen står det stempla SOLSIKK og Egersund.

bilete9673.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Johan Kåsa døydde i Åmli 31. mai 1971, og vart gravlagt på Åmli kyrkjegard 14. juni.Dette er gravstøtta hans.Foto: Åse Emilie Øy Dato: 14.10.2006

bilete9674.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Benn Limann

Eva Mandt har i Digitalpensjonatet ført opp Folketelling 1891 for Lårdal. Der viser hun en Johan Olafsen som er født 1882 i Høidalsmo. Denne kandidaten har søsken med navn Olaf og Birgit og familien bor i 1891 på Høgelid. Det er nok den samme Johan Olafsen som er nevnt i innlegg 15 og 17. Ligger husmannsplassen Kåsi, (32 og 50), langt unna Høgelid? Det er også en bror Hans som var født i 1886. Da Hans var til dåpen, var en av fadderne Halvor Olafsen.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Gullbekk

Da er det denne familien i Seljord IV. Gunleik Arnesson Speikland, 1822-1862* g 1847 med Anne Halvorsdtr Skarkevju, 1818- Born: (1 og 2 f på Hegni, 3 og 4 i Kragerø, 5-7 på Li) 1. Margit, 1847-1847 2. Margit, 1849- ,til Øyfjell 1871 g med em Jon Knutsson Skuldalen, til 147. Kvanbekk, andre 3. Gurine, 1851- , til Øyfjell 1871 g ca 1876 med Olav Olavsson Stenbråten, Vinger, til Høydalsmo 4. Ingebjørg, 1853- , til Kragerø 1880 5. Halvor, 1856-1857 6. Aslaug, 1858-1859 7. Aslak, 1859- < 63.14 Hegni- < Stillnestangen i Kragerø- Li * Foreldri er Arne Gunleiksson Flatin og Margit Olavsdtr Speikland. Sjå 68.2 Speikland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Benn Limann

Ser at Harald Flaten allerede i innlegg 59 har nevnt denne denne familien på Høgelid med husmann Olaf Olafsen som far. Beklager. Samtidig ser jeg per dags dato ingen bedre kandidat enn sønnen Johan. Hvor ligger Høgelid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Eg ser de kjem med Johan Høglid att, men han kan de berre gløyme. Han utvandra til Amerika i 1906. Eg vil au nemne kva komponisten Eivind Groven frå Lårdal fortel i Heidersskriftet til 70- årsdagen sin i 1971: 'Vinteren 1904- 05 hadde me ein tenestgut som heitte Johan Høgli. Han hadde fele. Han reiste seinare til Amerika og blei gullgravar i Alaska. Me hadde ikkje fele på Groven den gongen. Kvor dag etter jol veit du Johan var uppi heii etter høy. Men då han var burte, nytta Olav ( storspelemannen Olav Groven, bror av Eivind ), høvet te taka fela og lære seg te spila'. Elles er det rett at Høglid ligg ved Mostøyl i Høydalsmo, der tunnelen og den lange brui er på E- 134. Vegen gjennom Dalane til Kviteseid tek av der. Høglid stend no øyde. Det ligg om lag 1 km innover vegen mot Skoftedalen, motsett av Dalanevegen. Eg kjenner godt til Høglidfolki. Faren var frå Kongsvinger- kanten og mori frå Flatdal som nokon alt hev peika på. Eg hugsar godt to av brørne til Johan, Åsmund og Gunleik som båe budde i Høydalsmo. Faren var kyrkjetenar i Høydalsmo gjennom eit langt liv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Åse Emilie Øy

Johan Kåsa er registrert i Åmli på Folketelling 1910 to gonger. Den eine gongen på Helleren og den andre gongen i Stoa. Begge gongene står han fødd 27.05.1884. (Vi har 1881 frå før.) Begge stader er han oppgitt å vere frå Skafså i Telemark. 01 Johan Kaasa 1884.05.27 Skafsaa, Telemarken el ug skogsarbeider f 01 Johan Kaasa 1884.05.27 Skafsaa b ug Ved & Tømmerhugt mt Bosted (bygård/hus/tomt)B.nr. Bostedets navn Matr.nr/Gnr Løpenr/Bnr Antall husholdninger Tilstedeværende personer Hjemmehørende personer 0012 Stoa 9 8 TellingskretsK.nr. Tellingskretsens navn Sogn Prestegjeld Herred / by Merknader 002 Gjeveland Aamli Aamli Bosted (bygård/hus/tomt)B.nr. Bostedets navn Matr.nr/Gnr Løpenr/Bnr Antall husholdninger Tilstedeværende personer Hjemmehørende personer 0005 Helleren 28 7 4 2

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Olav O. Kaasa 1883.03.23 Skafsaa hf g Anlægsarbeider Lianfos b Hilda Kaasa 1887.01.05 Fyrisdal hm g b Marta Kaasa 1908.05.09 Skafsaa d ugBur her i Hitterdal.Denne Olav O. Kaasa står på Folketelling 1910. Kan han vere bror til Johan? Er det nokon som kjenner denne familien?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Olav O. Kaasa har eg funne. Han er f. 23.03.1883 og døypt 14.05.1883. (Klokkarbok II2, Mo/Skafså, nr. 19, s. 34.) Foreldra er husm. Olaf Johannessen Tjønhaugen og Margit Tellefsdtr.Når ein fortsetter i protokollen, så får dei eit barn, Asgjær, i 1885 og Hæge i 1887. Dette stemmer ikkje med namna på søskena til Johan.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Eg såg også Johan i 1910. Der er 27.05.1884 oppgjeve som fødseldato. Eg hev elles gjenge gjennom kyrkjebøkene for Mo og Lårdal prestegjeld endå ein gong, men ingen med denne fødselsdatoen er døypt der då. Familien du nemner, Emilie, er nok også eit feilspor. Om det hadde vore rett,hadde Johan hatt stor slekt her oppe. Asgjerd vart gift med Olav Sanden i Vrådal, og dei hadde mange born.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.