Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gunnar Sødal

[#75865] Urke fergekai Møre og Romsdal

Recommended Posts

Gjest Gunnar Sødal

Hei Eg har funne eit gammalt bilde som eg trur er frå Urke fergekai. Eg kunne godt ha tenkt meg å vite meire om dette bilde Kva for merke er bilen? Når kan dette vera? Er det nokon av dykk som kjenner til personar eller andre ting om bilde, Ventar spennt på responsMvh Gunnar S

bilete8510.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Lenkene virket ikke men bare søk på Dodge 1947 f.eks.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Ferja heitte Raana frå 1931 til 1957. Dersom du kan sjå noko slag merke på ferja (originalbilete?), kan det kanskje gje litt meir avgrensing av tidsrommet.BF Raana vart bygd i 1931 for eit privat ferjeselskap for strekninga Magerholm-Aure (Sykkylven). MRF tok over ruta i 1932 og leigde ferja til 1938 då dei kjøpte henne. Gekk i ymse ruter fri MR til 1957, då ho vart seld til Bolsøy Ferjeselskap og fekk namnet Bolsøyferja. (Alt ifl. Ragnar Ulstein m.fl. 'Om samferdsel i Møre og Romsdal' b. 1 (1995) s. 268.)Før krigen (dvs, i 1938) var ferjeruta mellom Sæbø og Øye (ikkje Urke) (same kjelde, s.291) - så det må vel vere etter krigen. Bygdeboka for Hjørundfjorden fortel sikkert kva tid ferjeleiet på Urke kom.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ferjeleiet på Urke kom i 1947 og var i drift til vegutløysinga til Lekneset kom i 1959. Så om dette er Urke, så må det altså vera teke mellom 1947 og 1959. Sidan eg har besøk av svogeren min (som er Stranding), så prøvde eg å spørja han om det kunne vera Urke. Ved å leita litt i bygdeboka for Hjørundfjorden kom også det endelege provet på at det er ferjeleiet på Urke som er avbilda. Det er nemleg det kjende fjellet Slogen vi ser til venstre, og Norangsfjorden som går innover bort frå ferjeleiet. Huset vi skimtar på neset på andre sida må vera Steneset. Eit bilete i bygdeboka teke frå Lekneset og innover Norangsfjorden viste også Slogen og Steneset, så då skulle vel den delen vera grei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sødal

Takk så langt. Orginalbildet er litt klårare en det vi ser her. Bilen er T registrert og det ser ut som det er eit tresifra nummer 8og noko attåt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Er dette fergeleiet for Norangsdalen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ja, det kan ein vel seia. Vegen mellom Hellesylt og Øye gjennom Norangsdalen er eldgammel, men altså i åra før 1947 utbygd også mellom Øye og Urke. Før den tid låg ferjeleiet på Øye lenger inne i Norangsfjorden. På den andre sida av fjorden ligg Sæbø.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.