Gjest Terje Aarset Skrevet Mars 1, 2010 Del Skrevet Mars 1, 2010 Mange kjenner sikkert songen 'Å eg veit meg eit land' av Elias Blix. Den vanlegaste tonen til denne songen er laga av bergensaren Adolf Thomsen, busett i Tromsø. Men tonen hadde lenge ein konkurrent, ein folketone i moll. I 'Sangbog for by- og landsskoler' 1903 ved Hans Mo og H.C. Thu står det under tonetilvisinga Norsk folketone: (Ved J. Steine). Boka kom ut i Bergen, der Hans Mo var lærar.Kven er denne J. Steine? Kan han ha vore lærar? Namnet finst m.a. i Hardanger. Eg har leitt i folketeljinga for 1900, men finn ikkje nokon som høver. Kan lesarane hjelpe? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Carsten Schanche Skrevet Mars 1, 2010 Del Skrevet Mars 1, 2010 En kandidatLenkeHan var iflg. Norske skulefolk 1934 lærer og sangkordirigent. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Gjest Terje Aarset Skrevet Mars 1, 2010 Del Skrevet Mars 1, 2010 Blink!Snakk om å gå over bekken etter vatn. Eg har Norske skolefolk (1934) i bokhylla. Jens Kristoffer Steine (f. 1875) var frå Gulen i Ytre Sogn. Han tok lærareksamen på Stord i 1901. H.C. Thu var musikklærar der, så det kan vere han som har skrive ned denne tonen (frå Gulen?) etter eleven Jens Steine.Takk til Carsten Schanche! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts