Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#76741] Vigsel Bergen (Moe/Hansen)

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

MOE, Alfine Marie (1903-1984) ogHANSEN, (?)Hilmarskal vera vigde i Bergen kring 1923-1938Er det mogeleg å få greie på:* Nøyaktig dato (og stad) for vigsli deira?* Fullt namn på ektemannen og yrket hans?* Ektemannens dato og stad for fødsel?Alfine Marie Moe hadde ein son John Magnus Iversen, fødd (Bergen?) 19.10.1925. Alfine voks opp i Odda, men med mannen (?)Hilmar Hansen skal ho ha butt i Bergen fram til kring 1937 - flytte då attende til Odda - flytte på 1940-talet på ny til Bergen og budde so der til kring 1951. Ho budde 1952 i Oslo, men reiste frå 1953 til 1978 til sjøs som ''messejente'' før ho som pensjonist busette seg i Odda.Om vigsli ikkje kan finnast, kanskje det er mogeleg å finna spor etter Alfine i folkeregisteret for Bergen?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har sjølv greid å finna vigsli til Hilmar Norlis Hansen og Alfine Marie Moe. Dei gifte seg i Odda 22.5.1926, og Hilmar var fødd på Tjøtta (Alstahaug) 17.9.1899.Men lagnaden deira er framleis eit problem, og eg vonar det går fram av Folkeregisteret kvar og kva tid dei ''rørte'' på seg...? Lagnaden til Hilmar er framleis eit mysterium!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×