Gå til innhold
Arkivverket

[#76848] Adalis, - eit gamalt kvinnenamn i Noreg, men kor gamalt?


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Har fått gått igjennom ein del stoff, og rette namnet på futen i Sunnsfjord er nok Nils Fredriksson slik Karin skriv. Frå ei nettside går det fram at han var født ca 1590?Vi har altså lært at Adelus Jacobsdotter var gift to gonger, først med Peder Jensson Kjempe på Blakstad i Gjemnes på Nordmøre, og så med Sunnfjordsfuten, Nils Fredriksson Busch.Det merkelege er at det dukkar opp ein Fredrik Nilsson Busch i Aure på Nordmøre. Denne Fredrik var offiser og samla etter kvart heile eigdomsretten til garden Vik i Aure. I følgje statsarkivar Anders Todal så vart Fredrik tilsett som fenrik ved Trondhjems nasjonale infanteriregiment i 1658 og stod ei tid ved Rissenske kompani. Han tenestegjorde også ei tid ved avdelingar på Agder og i Telemark. Seinare tenestegjorde han ei stund ved Surndalske kompani. Han døydde i 1687. Etter alderen kan denne Fredrik godt vera son til Nils Fredriksson og Adelus Jacobsdotter. Fedrik opptrådte også som hjelpesmann til futen Christian Rasbech i Arasvika. Fredrik er kalla svogeren til Rasbech.Det kan vera ting som tyder på at Adelus ikkje berre var gift med Peder Kjempe og Nils Fredriksson Busch, men at ho etter at Nils var avliden gjekk inn i ekteskap med nordmørsfuten Baltzar Karde. I skattematrikkelen for 1647 står enka etter Baltzar oppført som Alhed i Fosen. Ein kjenner til at Alhed og mannen hadde 4 døtre, nemleg Anne g,m, Hendrik Wolf i Fosen (skifte 14.06.1694), Margrethe g.m. Mentz Jonsson i Nummedal, Maren, g.m. Steen Michelsson på Leira, Tustna (son til Hr. Michel Christensson i Hemne og kona Hustru Milde Audunsdotter frå Aspa), samt ei Kirsten Baltzarsdotter. Det er også nemnd to søner, Jens og Jørgen, men dei er ikkje gjeve noko farsnamn. Diverre er kjeldetilvisinga mi skral for dei siste opplysningane, men eg har notert noko som liknar på 'Slekten Falchoner s. 164'?Det har vore rekna som sikkert at det var Milde Audunsdotter i Hemne som som opphavleg hadde ått den halvparten i Leira som Steen Michelsson sat med i 1647.Det spørs om det no er tid for å tenkja nytt om dette.Ved skiftet etter Torstein Eriksson (Aspa) og kona Guren Jonsdotter i 1577 i Trondheim, vart garden Leira delt mellom to døtre, nemleg Synnøv Torsteinsdotter gift med Jacob Småsvein medan den andre halvparten gjekk til systra Ingeborg Torsteinsdotter gift med Jørgen Holst. Audun Torsteinsson, far til Milde i Hemne m.fl. arva ikkje noko i Leira.Artikkelen til Nedrebø & Stenseth viser at ei dotter til Jacob Småsvein og Synnøve Torsteinsdotter må ha vore gift med Nils Nilsson (ca 1560 - 1632) på Hafstad i Sunnfjord, - i odelsskattemanntalet for Nordmøre 1626 omtala som Nils Nilsson Sunnfjord. Ein dottermann til Nils og Synnøve, Peder Bertelsson Kolding står oppført som eigar av halvparten av Leira i 1647. Den andre halvparten skattar Steen Michelsson for. Den siste var altså gift med Maren Baltzarsdotter Karde som igjen truleg var dotter til Adelus Jacobsdotter (Holst?). Når eg skriv Holst her, så er det fordi eg meinar at Adelus må vera sonedotter til Jørgen Holst og Ingeborg Torsteinsdotter (Aspa).Førebels er dette ei hypotese, og sidan tingbokinnførselen i Sunnhordland kan tyda på at Adelus berre var gift to gonger, så er det sjølsagt noko uvisst førebels. Men det er mykje som er merkeleg omkring dette. M.a. skal Peder Jensson Kiempe også ha hatt ei dotter Borni, samt at det er mykje som tyder på at Nils Busch og Adalis også har hatt sonen, Fredrik Busch på Vik i Aure. Heller ikkje han er nemnd i tingbokinnførselen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Steinar Hansen

Til (51). Offiseren Fredrik (Friderich) Busch er også nevnt av Ovenstad med tilsvarende opplysninger som du gjengir fra Todal. Ovenstad nevner ikke farsnavnet hans. Men det fremgår at han hadde to offisersbrødre: Christopher og Hans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Steinar Hansen

Også til (51): Jeg henger ikke helt med når det gjelder Adelus Jacobsdatter og hennes eventuelle ekteskap med Baltzar Karde. Var ikke Baltzar Kardes hustru datter av lagmann Jakob Pedersen og enke etter fogd Hans Jørgensen da hun (før 1619, har jeg lest et sted) ble gift med Karde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Lars (52) og (53)Når Fredrik Nilsson Busch hadde brørne Christopher og Hans så er det kanskje tvilsamt om desse er søner til futen Niels Fredriksson Busch i Sunnfjord. Heilt utenkjeleg er det sjølvsagt likevel ikkje. Nils kan ha vore gift før han ekta Adalus Jacobsdotter.Eg vil tru du har rett i det siste, men om du finn kjelda, så var det fint om du kunne posteleggja den opplysninga her.Etter at eg skriv innlegget har eg lese skiftet etter Anne Baltzarsdotter g.m. bartskjær Wolf Hendriksson Meyrhiem i Lille-fosen (seinare Kr.sund)og sidan Anne døyr utan born, så vert arvingane søskena hennar. Dette gjer hypotesa mi svært tvilsam, for ikkje å seia umuleg kva gjeld Adalis g.m. Baltzar Karde som identisk med Adalis gift med Nils Fredriksson Busch og Peder Jensson Kiempe. Begge dei to Adalis Jakoobsdøtrene eig forresten ein del jordegods på Nordmøre og begge var gift med ein fut. Merkeleg samantreff, men det er jo etter kvart opplagt at det var mange som bar namnet Adalis på 1600-talet.Det er likevel for tidleg å forkasta hypotesa om at Adalis Jacobsdotter 'Niels Buschis' var sonedotter til Jørgen Holst og Ingeborg Torsteinsdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Helge Angell

Hei Karin (46). Eg skal retta opp ein skrivefeil: Arne Kvitrud skriv ikkje om Trond Torleifsson Benkestokk, men om Tord Trondsson Benkestokk, at han var gift med ei dotter av Jens Pedersson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

HeiJa,det er riktig, det var Tord Trondsson som var g.m. en datter av Jens Peterson.Tord var svigerfar til Hans Olafson Teiste, og H.O.Teiste pantsetter jord i Lofthus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Steinar Hansen

Til (54): Har kun en sekundærkilde, nemlig Svein Tore Dahls Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536-1660. Men også Berg (Trondheim før Cicignon) har Karde som svigersønn av lagmann Jakob Pedersen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til (57)Har dei same sekundærkjeldene sjølv, men har ikkje studert om det er vist til primærkjelder i desse.Eg vil litt attende til hypotesa om at at futen, Jacob Jørgensson g.m. Inger Axelsdotter (Gyntersberg/Benkestokk) var son til Jørgen Holst og Ingeborg Torsteinsdotter Aspa.Denne Jørgen Holst er omtala i skipsskatten frå 1563 (http://bdb.bibsys.no/vis/990215520?saml=DKNVSS ). Der er han nemnd som betalar av skipsskatt på Helgeland (13,5 våg).Utgjevaren identifiserer han med ein bergensborgar, Jørgen von Holst som i åra 1558 og 1559 vert omtala som gardeigar i Bergen.Vi har sett i debatten om Olav Engebregtsson at dotrene til Aspaættlingane ofte endte opp som hustruer/koner til ein rådmann i Bergen som oftast også hadde minst ein fot innanføre fiskehandelen i Nord-Noreg. Vi må da kanskje etter kvart venta å finna Jørgen von Holst som rådmann?Nokon rådmann som heiter Jørgen Holst har eg ikkje funne i Bergen, men ein Jørgen Jacobsson er nemnd som rådmann i 1583. Det er i NRR 2 s. 528 at han er nemnd. Truleg er det den same som er nemnd i 1607 i B.4 av NRR. Om dette er den same som Jørgen Holst veit eg ikkje, men det høver godt reint kronologisk og at Jørgen og kona kan vera gode kandidatar som foreldre til futen Jacob Jørgensson ser også ut til å høva bra i tid. Dessutan har eg notert at Adelutzs Blakstad betalte odelsskatt på Nordmøre av 128 marklag i 1626. Adelus Blakstad er utan tvil den same som Adelus Jacobsdotter gift med Peder Kjempe og Nils Busch. Blakstad i Gjemnes var ei tid futegard på Nordmøre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

Jeg har notert meg at Jakob Jørgenson var lagmann i Stavanger til ca 1603, og deretter fra 1604 lagmann over Bergen og Gulating. Han er nevnt flere ganger i Norske Herredags Dombøker. Han var oppe i flere saker hvor han var beskyldt for å ha avsagt feil dom, men han ble frikjent i de fleste tilfellene.I 1590 hadde han Fitjar-gården skattefri. i 1616 - 1625 bodde han på Indre Ve på Tysnes.Sunnhordland tingbok nr 10 1663, fol 22a:'ANNO 1663 Den 23 Septembr paa Wæ, i opdalls schibb. Neruerende Sex mend som Retten Betientte Nemblig Johannes Theigland, Suend gieresta, Lauritz Katteland, Elling Gieresta Thosten Hegland, och Vnge Johannes Theigland sambt Vdj Ko. Ma. fouget Jffuer Knudssens for fald hans Thiener och fuldmegtig Jens pederssen Sambtt Bonde Lehns manden Jngebrigt Johanssen Homble uig.Komb for oss udj Rette Jngeborg Niels Datter Jørgen Kiempis, tilligemed hindis och Sl. Jens Kiempis V-myndige Børens fuldmegtige Olluff pouelssen och fremblaugde en Slodz Citation aff Bergen hus Vdsted den 25 Jullj Sidst forschinnet. Huor med War Jnd Citerit Bemtt. Jørgen Kiempis trende halff Brodere Nemblig H. peder Busch, Jacob Busch och Jffuer Busch, Formedelst V-Rigtig schiffte effter Deris Modr Sl. Aadelutz Jacobs Dattr Vdinden en obligation paa 800 Rd, Een Rossenobell Kiede paa 31 Rossenoblr, och en Deell grunde Leye i bergen. Sambt Odells Godz her i Sundhord Lehn. Nemblig Væ, lande, och frøchedall, som till sammen schylder Femb Løbber Smør och Threj Hudr, med Vidre samme steffnings Jndhold for Retten, op Lest'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Norodd (59)At futen Jacob Jørgensson budde på Ve i perioden 1616 - 1625 ser eg ikkje at er gjeve opplysningar om i andre innlegg. Vedrørande tingbokavskrifta frå 1663, sjå også innlegg (45) og (46).Sidan tråden omhandlar kvinner ved namn Adalus med variantar og ættene deira, så vil eg gjerne dvela litt meir med ætta Kiempe og tilknytinga til Nordmøre.I Gjemnesminne frå 1991 har Endre Holten ein artikkel som omhandlar Blakstadgarden på 1600-talet. Endre fortel at garden frå gamalt var ein trespannsgard og sete for embetsfolk av ymse slag. Han ser ut til å ha bygd artikkelen sin for det meste på lensrekneskapa for Nordmøre.Den første embetsmannen han knyter til Blakstad er ein Jens Kjempe som i følgje Holten var nemnd som fut i Nordfjord i 1591 (kjelde manglar). Året før er han oppført som eigar av fleire gardar på Nordmøre og stod til rest med skatt av 2 spann i Flatvad i Sunndal, noko han måtte bøta 3 ort for. (I 1647 åtte den ikkje ukjende Hustru Mille i Hemne mesteparten av dette, medan broren, Erik Audunsson på Kvalvåg åtte resten, 12 marklag). Holten meinar at Jens Kjempe var vestlending, då han visstnok er nemnd som borgar av Bergen i 1604. Ei tid var Jens Kjempe fut i Fosen og budde i Hemne i det minste endå i 1597, då han saman med hemnepresten Mikkel skriv eit brev til herredagen i Trondheim det året. (Kanskje var det på den tida at Flatvad gjekk over til Aspaætta?) I hemneboka er det nemnd at Jens Kjempe åtte 2 sp. 1 øre jordegods i Fosen (1610). Året etter var dette ført på Peder Kjempe som er rekna som son til Jens. Peder Kjempe betalte landbuhald for Å i Snillfjord i 1616 og vanleg leiglendingsskatt i 1617 i følgje hemneboka, men fofattaren (Nils Hallan) er ikkje heilt sikker på at han budde der for det. Faren Jens Kjempe hadde som nemnd sikra seg opphald på garden Blakstad i Gjemnes på Nordmøre i 1597. Hemneboka seier vidare at Peder Blakstad må vera død i 1626, då Adeleutz salig Peder Kjempe det året betalte odelsskatt for 3,5 spann i Fosen.Så attende til Jens Kjempe og artikkelen til Endre Holten. Holten skriv at Jens Kiempe selde 10 gardar i Hemne til Jens Bjelke på Austrått for 454 riksdalar, men gjev ikkje opp kjelde for dette, heller ikkje år då salet skjedde. Vidare får vi veta at det ved den gamle stavkyrkja på Kvernes står ein minnestein over Jens Kjempe med følgjande inskripsjon: 'Herwnder huiler (Erlig) och Welagtet Mand Sahl. (Jen)s Kjempe som døde Anno 1611 9. octobris paa Blachstad. Huis Siel Gwd Naadeligen Beuare.'Resten av artikkelen til Endre vil eg koma attende til i neste innlegg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Kristiansen

I Svein Tore Dahls bok Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536-1660 er Jens Kiempe nevnt som fogd i Fosen 1590-1607:Nevnt som fogd i Fosen i 1590 i en herredagsdom (NHD bd V s. 79). Han er også nevnt som fogd i Fosen i 1595 (NHD IV s. 68) og i lensregnskapet for året 1607 (lensr.4.3.) I 1590 blir det oppgitt at han hadde vært fru Hardenbergs fogd og i en herredagsdom i 1604 kommer det fram at han i 1588 hadde vært Nils Bildts fullmektige i Sogn (NHD VI s. 33) Han døde på gården Blakstad i 1611.10 (Note 10 henviser til Bull og Kempe: Nordmørsbeskrivelse. Manuskript i UBIT.)I bind 7 av Gards- og ættesoge for Gjemnes står det om Jens Kjempe. Av kilder henvises det til bl.a.: 'Han kan vera den Jens Kjempe som 26.12.1577 fekk kongebrev på ein gard på Nordmøre. Kva gard dette var, fortel Kongebrevet diverre ikkje noko om.'I bygdeboka står det at det var 'Først på 1600-talet selde han 10 gardar i Hemne til Jens Bjelke på Austråt for 454 dalar.''Kona til Jens Kjempe heitte truleg Borni, og dei hadde sikkert sonen Peder, som vart brukar på Blakstad. Dei søkte i 1597 om å få livstidsfeste på Blakstadgarden med rett for barna til overta etter seg. Dette vart innvilga av kongen. I svarbrevet frå kongen går det fram at Jens Kjempe hadde betra og kosta mykje på garden.'Videre skriver Nils-Tore Leivdal om neste brukar: Borni 1611-1614: 'Blakstad er ikkje nemnt i landsskatten for Nordmøre i åra 1610-1612, korkje som odelseigarar eller leiglendingar. Kanskje var dei fritekne for skatt på denne tida, eller Borni kan vere nemnt som skatteytar ein annan stad. I landsskatten 1613 er Borni Blachstad med under leiglendingar. Det er eit særsyn på denne tida at ei kvinne vert nemnt med namn i skattelistene.'Og neste brukar blir Peder Kjempe gift med Adelus. 'Ho skulle vera dotter av lagmann Jakob Jørgensen i Finnmark og hustru Inger Axelsdotter Gyntersberg. Jakob Jørgensen er ikkje kjent som lagmann i Finnmark, men han var lagmann i Bergen 1603-1610 (Sjå NRR 3 s. 342, 1594) Kjeldegrunnlaget her er ikkje kontrollert, men byggjer i hovedsak på A. M. Wiesener sin artikkel om fogden Nils Busch trykt i Bergens Historiske Forenings Skrifter nr. 47.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Tusen hjertelig takk både til Tore (61) og Svein (62).Tore har vel meddelt det som manglet om Kjempeætta på Blakstad etter Endre Holten, supplert med bygdeboka for Gjemnes (Leivdal). Jeg skal bare legge til et par småting. I lensregneskapa for Nordmøre er Borni eller Baarne oppført som bruker av Blakstad i årene 1611 - 1614 i følge Holten. Hun må da oppfattes som Jens Pedersson Kjempes enke. Fra 1614 blir Peder Kjempe ført som bruker og fra 1623 er Adelus Sahl. Peder Kjempes nevnt med 2 sp. 9 m.l. odelsgods, fremdeles i følge Holten. For egen del kan tilføyes at i en odelskatteliste for Nordmøre fra 1626 står Adelutzs Blakstad oppført med 1 1/2 sp. 21 m.l. Hun står oppført under Gjemnes tinglag mellom Suend Dalle og Andbjørn Taarvig. Som vi ser, så har jordegodset hennes minket litt, noe som kan bety at det enten har foregått et salg eller ev. at jordegodset etter faren er skiftet mellom barna.Holten synes å tro at odelsgodset låg i Blakstad, men det kunne det ikke gjøre, da Blakstad hørte kongen til.Også Holten nevner denne mulige datra til Peder Jensson Kjempe, Borne Pedersdatter g.m. Anders Friis Gundersson på Silnesset (Fagereng).Svein Arnold har vist til lenker som vel bringer oss til debatter som kanskje gir oss status for forskninga på Kjempeslekta så langt. Ser riktig nok at Svein er noe skeptisk til visse sammenhenger (Kjempe - Benkestokk), men etter min mening skulle dette være rimelig greitt. Indisiene er såpass mange og entydige at det skulle være liten tvil tilbake om dette. Også navnekombinasjonene, inkludert bruken av Adalis, peker entydig i samme retning. Holten skriver også noe som kan virke litt uforståelig og som Bjørndal viser til i en av de debattene, nemlig at Adelus står omtalt som sahl. Nils Buschis i 1626. Dette må trolig bero på en misforståelse.Jeg skal likevel ikke forlate Blakstad på Nordmøre helt enda. I 1627 kom det en ny bruker til Blakstad, nemlig Axel Henriksson Staur. Fremdeles i følge Holten, så bygsla Axel 2 sp. av Blakstad og bosatte seg der. Han var sønn av lagmann i Trondheim, Henrik Jørgensson Staur. Sistnevnte hadde også en tid vært fut på Nordmøre. Henrik hadde brev (1575) på å bruke futegården Bremsnes og Folland på Averøya avgiftsfritt.Axel Henriksson Staur var farbror til den Maren Jørgensdatter Staur som det er bevart en likpreken etter Lenke og i følge denne likprekenen, så het Axels mor for Adelus Andersdatter Benkestokk. Henry Berg har den samme oplysningen (Trondheim før Cicignon s. 127), men han har ganske sikkert også opplysningen fra den nevnte likprekenen. Utgiverne av rapporten om Benkestokkseminaret (1999) antar at denne opplysningen er korrekt da den ligger så nær i tid. Dette betyr da at den nye brukeren på Blakstad har en mor med det samme fornavnet som kona til den forrige brukeren, samt at de to Adelusene har samme slektopphav, og begge ganske sikkert er oppkalt etter sin formor Adelus (Eriksdatter?) Kruckow. Om jeg ikke har misforstått noe, så nedstamma vel Axel Henriksson fra admiral og sjørøver Kristoffer Trondsson også?I følge Holten så het kona til Axel for Maren Hansdatter og han nevner også at det ved Bergen museum skal være en sølvkanne som dette ekteparet har vært eiere av. Kanna ble kjøpt fra England i 1929 for 4400 kr og den har Staurslektens våpenskjold med initialene A.H. og M.H.D. Aksel og kona hadde i følge Holten bare en kjent datter, nemlig Adelus Axelsdatter (Staur). Hun ble gift med en Nils Hansson på Nord-Kvalvåg, tidligere Frei kommune, nå Kristiansund. Hun og Nils hadde 3 barn, Aksel f. ca 1651, Maren f. ca 1657 og Beate f. ca 1661 og gift med løytnant Christian Fliegenfeldt. Det er uvisst om det finst etterslekt etter disse på Nordmøre?Som vi ser så hadde minst to av de mange Adeluser på Nordmøre sitt opphav i Benkestokkslekten, men vi har også sett at Jacob Falck har en datter med dette navn. Hva vites om lagmannens familie og forfedre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Jeg stiller meg tvilende til at den Borne/Borni Pedersdatter som var gift med Anders Gundersen Fagereng var datter til Adelus Jacobsdatter og Peder Jenssøn Kjempe. Adelus døde vel i Sunnfjord, og de kjente sønnene hennes var vel i Bergen eller der omkring. Vel lite trolig at en datter skulle blitt igjen på Nordmøre, eller for den del reist dit opp for å gifte seg med Anders Gundersen. Det var vel en viss standsforskjell her også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Jeg har i grunnen ingen sterke meninger om innvendingen din hva gjelder Borni Pedersdatter. Det er i alle fall sikkert at navnet virker å være uhyre sjelden på Nordmøre Jeg kjenner ikke til flere enn disse to, som altså begge kan være knyttet til Kjempene på Blakstad.Når det gjelder standsforskjell, så er jeg ikke overbevist om at den var så stor. Anders sin farfar, Laurits Pedersson Friis (ca 1555 - 1628) på Sildset var i sin tid lensmann for Meek tinglag og han åtte en del jordegods som ble fordelt på barna. Når han blir omtalt med Friis som slektnavn, så er det trolig fordi han har sitt opphav i Friesland nord i Holland. At han kaller en datter for Telse støtter opp om dette, da Telse er et frisisk kvinnenavn som har blitt brukt nesten opp til vår tid (Jonny Lyngstad). Kona hans kan faktisk ha hett Adalis (Alet), da den ene sønnen (Knut) har en datter ved det navn. Dessverre er det lite en vet ellers om kvinnenavn innen denne slekta. Gunder Larsson (Friis) er trolig identisk med den Gunder som en tid drev sagbruksvirksomhet på Kalland i Aure i årene kring 1620. Han eidde 18 m.l. i denne gården som han i 1628 makeskifter med Oluf Jacobsson Meckelborg mot en like stor part i Silneset i Eide. To av Gunders søsken ser også ut til å ha havnet i Aure, så noe slags tilknytning må det ha vært den veien. Gunder hadde også en søster som ble inngift in Aspaætten.Gunders sønn, Anders er i følge Lyngstad f. ca 1614 og hans kone, Borni Pedersdatter kan være ca av samme alder. De ble gift ca 1638 da de blir bøtelagt for for tidlig samleie. Anders hadde forresten en søster som ble gift med Peder Bottelsen, trolig samme person som tidligere var gift med en datter av Nils Nilsson Hafstad frå Sunnfjord. Dette viser jo at det også var forbindelsseslinjer i den retning, samt at det er jo ikke gitt at Borni var med da mora flyttet til Sunnfjord. Hun kunne blitt igjen hos slektninger på Nordmøre. Det var slett ikke uvanlig at barn av 'finere' familier fikk vokse opp hos slektninger, gjerne for å få en strengere oppdragelse enn hos ettergivende foreldre. Dessuten var standsforskjell ofte knyttet til størrelsen på hjemmegaven, og den tror jeg neppe ble ovstor i dette tilfellet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

OK - men jeg hadde vært mer overbevist om det var kjent at a) Peder Kjempe og Adelus faktisk hadde en datter Borni, noe vi ikke vet, samt b) at Adelus hadde vært på Nordmøre også i sitt 2. ekteskap. Slik det er, giftet Adelus seg altså 2. med fogden i Sunnfjord og bodde der, og det var i hvert fall et stykke derfra i status til en vanlig bonde på Nordmøre, i tillegg til Adelus' tilsynelatende egne 'finere' bakgrunn. Jo jeg vet om forbindelsen til Aspa-ætten, men det var inngifte, og det lå en generasjon lenger bak i tid.Informasjonen din om Peder Bottelsens første gifte er forresten interessant. Hvor vet du det fra? Jeg tror ikke det står nevnt i Eideboka?Når det gjelder utbredelsen av navnet Borni/Borne, tillater jeg meg å henvise til debatt 42664: Lenke Der synes det som om tyngdepunktet for navnets utbredelse lå på Vestlandet, men at navnet var i bruk også så langt nord som Frosta, i hvert fall rundt 1700. Problemet generelt for 1600-tallet er jo ellers kildefattigdommen for kvinnenes del, skjønt i hvert fall Trøndelagsfylkene er vel bedre stilt i 1645, der konenes navn er med i koppskatten. Det kan vel altså ha vært flere også på Nordmøre med navnet Borni, uten at vi vet det, og vi hadde vel ikke visst om Borni Pedersdatter heller, hvis ikke myndighetene hadde vært så nidkjære vedr. for tidlig samleie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Utbredelsen av kvinnenavnet Borni o.l. ser ut til å være knyttet til forskjellige bygder på Vestlandet (Samnager?), slik at en trolig må regne med at Jens Pedersson Kjempes kone har vært derfra. Den Borni Pedersdatter som ble Anders Gundersson (Friis) sin kone kan selvfølgelig bare ha fått sitt navn fordi noen ville gjøre ære på futens hustru, men futene var kanskje ikke de første bøndene ville gjøre ære på?Om Peder Bertelsson Koldings tilknytning til Nordmøre, (Leira på Tustna og Eide) kan en lese om i B V av Eideboka s. 328, samt NST, B XXXIV s. 2 ff (1993) der den siste handler om den gamle slekten på Hafstad i Førde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Siden vi holder til på Møre, så kan vi jo ta med enda en Adelus, nemlig Adelus Ågesdotter (Reknes, Molde). Denne Adelus er omtalt i denne debatten Lenke og var altså datter til Åge Hansson og Synnøve Oudensdotter på Lyngværet i Romsdal. Synnøve var søster til stiftsskriver Erik Oudensson på Kvalvåg, Hustru Mille i Hemne m.fl. og av tjukkeste Aspaslekt. Opphavet til Åge Hansson er mere uklart og det er ikke utenkelig at kvinnenavnet Adelus kommer fra hans side. Riktig nok var Adelus-namnet gammelt i Aspaslekta, men det ser ikke ut til å være spesielt mye brukt i generasjonene mellom Fru Adalis Erlingsdotter og 1600-tallsgenerasjonene. Unntaket i så måte er Kruckow på Fit i Luster der navnet sprer seg videre spesielt i Benkestokk, men også i 'Rostvig' og Lystrupslektene.Om Adelus i dette tilfellet kommer fra Aspaslekta, så er det i tilfelle det første eksemplet på slik bruk siden Adalis Erlingsdatter som kan dokumenteres. Vi må likevel være åpne for at namnet kan være hentet fra Åges ætt.Som en kan se av lenka, så var denne Adelus g.m. Gjert Davidsson, en sagbrukseier og handelsmann på Kleive i Romsdal, trolig også med tilhørighet i Molde /Reknes. Det sistnevne ekteparet var foreldre til presten Gjert Gjertsson Mumme i Hemne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Til 63, siste avsnitt:Lagmannen Jacob Pedersen (som ikkje heitte Flach) hadde ei datter Alet, gift med Baltzer Karde. Etter mitt skjønn er Alet slett ikkje samme namnet som Adelus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Bjørn: Se (9). Iflg. 'Norsk personnamnleksikon' er faktisk Alet, om ikke samme navnet, så en form av Adelheid, og dermed også beslektet med formen Adelus, som har samme opphav.En annen sak er selvfølgelig om en og samme person ville blitt kalt både Alet og Adelus?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg skriv ikkje om eldgammalt namneopphav, men om praksisen fra 1500-tallet og utetter. Då er Alhed/Alet eitt namn, Adelus eit anna. For meg ser det ut til at Alhed kom fra Danmark midt på 1500-tallet, då Adelus må reknast å vere eit norsk namn.På Sunnmøre (og somme stadar ellers også) finn vi stundom namnet Allis, som eg trur kan vere ein variant av Alice, i alle fall heller dét enn ein variant av Adelus (Adalis).Som eg har nemnt før trur eg (ja, trur) at Adelus kan vere eit ættnamn, dvs hovedsaklig brukt i etterslekta til ei fjern formoder Adelus (Adalis, javel), og eit namn uskylde folk ikkje brukte. Det finst mange døme på slike 'ættnamn'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg ser at Jacob Pedersson si dotter, er skrive Alheid i den avskrifta etter Gerh. Schøning som vert gjengjeve av Gudrun Johnson Høibo (s. 31). Kor vidt denne dama er oppkalla etter ei Ales/Alet/Alitte/Adalheid/Adelis/Adelus/Alhed/Alice el. liknande tør eg ha noko bestemt meining om, i alle fall så lenge vi ikkje veit kven som er attkalla, ei formor eller i ei kvinne inngift i ætta eller som ei tredje mulegheit, - ein mann. Jacob Pedersson sjølv kom frå Danmark, medan kona, Margrete Petersdotter var dotter til Peter Adriansson Falch som vart drepen av Christoffer Nilsson Grøn i Bergen. Peter var gift med ei Gunnhild Sigurdsdotter, men dette skulle vera 4 år etter at Margrete var født. Om dette er riktig så er Margrete si mor ukjend. Den eldste dotra til Jacob og Margrete heitte Anna om rekkjefølgja til Schønning er etter alder, oppkalla etter Jacobs mor, den neste var Margareta, kanskje oppkalla etter Margaretas farmor eller stefarmor. Nr. 3 i rekkja var Alheid. Som sagt så veit vi ikkje kven som er oppkalla her, kanskje kan det vera Margaretas rette mor, dvs. første kona til Peter Adriansson. Men det kan og vera slik som Bjørn synest å tru at Alheid kom frå farsida og dermed frå Danmark.Kva gjeld Adelus Ågesdotter i Molde, så er det vel ikkje heilt rett at dette er den første og einaste dokumenterte Adelus i Aspaætta i den generasjonen. Også Sjur Torkildsson og Guri Audunsdotter på Vikstrøm på Hitra hadde ei dotter Adelus. Sjå NST XXXVI (1998) s. 272 i Myrvolls artikkel om Aspa-ætti. Hans Hyldbakk meinar at Erik Oudensson på Kvalvåg også hadde ei dotter som heitte Adalis og at ho vart gift med ein Nils Jacobsson Meckelborg. Dette ekteparet hadde i følgje same kjelde ein son Christen Nilsson Mechelborg g.m. Anna Arntsdotter og dei hadde så dotra Johanna g.m. Åge Christoffersson Holck.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Roar Aalborg

Tar med følgende til orientering:På gården Mo i Hemne har Peder Knutsen og Berit Torgeirsd. Moe en datter Alhed. Hun blir i 1717 gift med innflytteren Sten Svendsen på Grøtnes. (De er mitt opphav.) Alheds forlover er Anders Øygarden, som nok er identisk med Anders Anderssen Moe (f. 1692) eller dennes far, Anders Jonsen Moe (f. 1649) på Øygarden, tidligere naboer av Alhed. Forloveren er enten sønn av eller gift med Lisbet Audensd., som jeg regner med er datter av sagbrukseier Auden Mikkelsen i Hemne. Da er hennes far fetter av Adelus Sjursd. på Honnes på Hitra (som altså tilhører familien som eier Eidsvåg og Ulveråker i Sveio).Her finner vi altså en ikke særlig stor avstand mellom personer med navnene Adelus og Alhed. Sistnevntes mor er nok datter på Mo, mens faren er uidentifisert. Han er vanlig soldat og derfor helst av bondeslekt. (På Mo synes en god del av opphavet å ha tilknytning til Nordmøre, men jeg vet ikke om det gjelder denne familien.) Alhed er mor til kjøpmann Hans Stensen Kalkløv i Fillan, så det er sannsynlig at hennes mann, Sten Svendsen, på et eller annet vis kan være av embets- eller borgerslekt.I Alheds etterslekt benyttes navnet hennes videre, mens Adelus på Hitra ikke synes å ha etterkommere med det navnet. (Muligens er Anne en initialoppkalling, som er vanlig i strøket.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

I Sunnhordland finnes et Alis-navn som synes å kunne være avledet av Adelus:Alis, datter til Nils Christenson Gjersvik på Tysnes, er gift med Koll Arneson (skifte 16 okt 1672) fra Kysnes og bor på Kysnes og på Tveitnes i Mauranger. Fra henne sprer Alis-navnet seg..I følge gards- og ættesoga for Tysnes er Nils Christensons morforeldre Nils Jonson Haar og Adelus Johansd Kruckow. (Diskusjonen om Nils Christensons slekt i Kaupanger er vel ikke ferdig.)At vi har en Adelus i Gjersvik, er et kildebasert faktum. Etterslekta etter Nils Christenson er behandlet i NST (K S Kleppe: Nils Christensen paa Gjersviks ætt og etterslekt, NST xvi (1957)).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.