Gå til innhold
Arkivverket

[#76848] Adalis, - eit gamalt kvinnenamn i Noreg, men kor gamalt?


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Vi får gløyma Adalis Erlingsdotter for ei stund og flytta oss mot nyare tid.I debatten om Strid og Teiste Lenke , innlegg (39), så vert det nemnd ein prest i Herøy på Sunnmøre som heiter Arne Olufsson Teiste som døydde i 1642. Denne presten hadde ei dotter kalla Adelus. Eg undrast da om nokon kan ha ei god hypotese om slektsbakgrunnen til denne Arne Olufsson Teiste. Ættenamnet Teiste, saman med kvinnenamnet Adelus gjev jo visse assosiasjoner til Aspaslekta og slektskrinsen rundt denne ætta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Finn, sjå her:LenkeI dette brevet, som omhandlar eit skifte/arveoppgjer, finn vi søstrene Kristin og Adelus (Trondsdøtre) Benkestokk ''thiisse thuo syster Adeliisz oc Kristinn Bennckestock'', som arvar nokre husgrunnar på Stranden og Vågen i Bergen i 1570. Brevet er utferda i Bergen den 6. september 1570.Dette er elles, etter mi meining, eit svært interessant brev med tanke på vidare kartlegging av 'kven eigde kva?' langs kysten anno 1570. (For når ein veit kva Trond Benkestokk eigde, så fortel det samstundes at andre jord-drottar _ikkje_ eigde desse gardane/ eigedomane).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

En liten replikk til navnet Borni/Borne igjen (60ff.). Jeg har sett på koppskatten 1645 for Nordmøre, og har funnet én Borni nevnt der, nemlig 'Bornne Sandøen' i Meks tinglag (under halvgårder). Så selv om navnet saktens fortsatt er meget sjeldent på Nordmøre, må det altså ha vært minst én til på samme tid som Borni Pedersdatter, som ellers skjuler seg bak en av de alle 'quinden'e.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ein snartur attende til Nordmøre og 1600-talet. I innlegg (50) og andre er eg inne på Hans Eriksson Sogn f. ca 1620 som hadde ei dotter Ales.Foreldra til Hans Eriksson var Erik Pedersson Juel (Gyl) 1.g.g.m. ei Adalis/Ales Hansdotter. Den siste er truleg dotter til Hans Eriksson og Marit Audunsdotter på Ugelstad i Eide, dvs. av Aspa-slekt. Vi hugsar at kona til Hans Eriksson Sogn heitte Magdalena Nilsdotter Borch og at ho og Hans m.a. også hadde ei dotter, Sophia. Hans hadde ein eldre bror, Peder Eriksson Juel (f. 1617) som var visepastor i Verdal (Dahl tek feil her når han gjer Peder Eriksson til son av ein Erik Nilsson Juel). Peder tok over enka etter føremannen Nils Pedersson Helsingør. Namnet hennar var Sophie Borch, dotter til Mag. Peder Iversson Borch. Borna etter Nils og Sophie ser ut til å ha kalla seg Borch, og det kan neppe vera tvil om at Magdalena Nilsdotter Borch g.m. Hans Eriksson Juel i Sogn, Tingvoll var dotter til Nils Helsingør og Sophie Pedersdotter Borch. Dvs at Hans Eriksson var gift med dotter til kona åt bror sin.Når eg tek med dette her, så er det mest fordi eg då vil finna det att om eg søkjer i Aspadebattboka. Det er så lett å gløyma slike samanhengar. Det var elles ein tråd oppretta av Steinar Olsen som sette meg på sporet.Eg skal koma attende til dei innlegga som er kome her i løpet av siste døgeret. Førebels takk til alle tre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I innlegg (101) nemnde eg presten Arne Olavsson Teiste i Herøy på Sunnmøre som hadde ei dotter, Adalis/Ales.I bygdebok for Vestnes (Rekdal & Rekdal Hoel 1993) s. 607 om Tomren vert det opplyst at det på denne garden skal vera nemnd ein Olav Teiste og sonen Arne i 1583. Forfattarane seier ikkje noko om i kva samanheng desse namna kjem fram og difor vert det noko vanskeleg å uttale seg med særskild visse her. Det skal likevel ikkje undra meg om denne sonen Arne på Tomrem kan vera identisk med presten i Herøy. Kvar namnet Adalis kjem frå i dette tilfellet er det umuleg å seia noko fornuftig om, men vi veit i det minste at Olav Jonsson Teiste (til Bjelland?) var inngift i Kruckowslekta, og der var jo som kjend Adalisnamnet vanleg.Om meir eller mindre uidentifiserte personar som nytta Teiste vil eg visa til innlegg (6) i debatten om Strid og Teiste (57492) Lenke og om ymse Teistar i Romsdal har John Aarønes laga ein oversikt som vi finn i innlegg (8) i debatten om Rike-Torstein (35568).Elles var Teiste også nytta av ein del av borna til Ivar Trondsson i Aspa (ca 1405 - 1490), mellom dei dekanen Trond Ivarsson Teiste i Trondenes. Truleg nytta systra til Trond, Jorunn Ivarsdotter også Teistenamnet, utan at det er muleg å påvisa. Det er forresten mykje som tyder på at far til Olav Jonsson Teiste (til Bjelland?) var ein dotterson til Jorann Ivarsdotter og halvbror til Torbjørn Olavsson Bratt. Men det vert ein annan debatt....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I innlegg (105) var eg inne på Erik Pedersson Juel (Gyl), godseigar på Gyl i Tingvoll og gift m.a. med Ales Hansdotter, truleg av Aspaslekt. Erik hadde ein bror, Anders Pedersson (Acherøensis) (1585 - 1655), prest på Tingvoll. Brørne var sonar til Aukrapresten, Hr. Peder Andersson. Dei eigde m.a. Horsgard i Veøy i Romsdalen.Anders eigde også ei bygard i Trondheim i tillegg til at han eigde eit betydeleg jordegods på Nordmøre. Kona hans er kalla Margrethe Jensdotter (Kanskje dotter til føremannen i kallet på Tingvoll). I denne samanhengen er det kanskje meir interessant at han betalte skatt for odel i Rana på Helgelandskysten. Det var dei fire gardane Løgberg, Røberg, Stamm og Skar han åtte ein liten part i. Dette må reknast som arvegods/odelsgods, då det hadde lite for seg å kjøpa gods i den delen av landet for ein som held til på Mørekysten.Hr. Anders hadde elles ei dotter som vart første kona til Ouden Ågesson på Reknes, Molde, den siste son til Åge Hansson og Synnøve Oudensdotter på Lyngværet. Kring 1648-49 var det Ouden som skatta for odelsgodset i Rana. Det som er minst like interessant er at det var ein Hr. Arne på Sunnmøre som betalte odelskatt for dei same gardane i 1624. Spørsmålet vert da kven denne Arne var - var det Hr. Arne Evensson i Norddal, eller Hr. Arne Olsson Teiste i Herøy? Det er muleg ein kan finna svaret ved å granska lensrekneskap og skattelister for Ranaområdet og Hr. Arne i Herøy levde vel nokre år lenger enn namnen i Norddal. Kona til sistnemnde heitte visst det same kom kona til Tingvollpresten, nemleg Margrethe Jensdotter. Om eg skal gissa kva for Arne av dei to sunnmørsprestane som åtte gardane i Rana, så må det verta Arne Teiste i Herøy. Noko god grunngjeving har eg ikkje for dette, berre at han hadde ei dotter som vart kalla Ales e.l., og som kjend var dette eit typisk namn i den slektskrinsen vi her prøver å avdekkja litt om.Korleis Anders Pedersson fekk tak i dette godset frå Arne er ikkje like innelysande som kvifor det gjekk vidare til Ouden Ågesson (svigerson til Anders). Så vidt eg meinar å hugsa, så hadde begge dei to sunnmørsprestane avkom, så arva det kan ikkje Hr. Anders på Tingvoll ha gjort om det då ikkje har høyrd ei barnlaus kone til, og at Arne skatta for denne kona i 1624?. Det er mange tenkelege løysingar her, men sidan det er snakk om odelsgods, så må helst både Hr. Arne og Hr. Anders, ev konene deira, ha hatt odel til det nemnde godset i Rana.Terje (102) og Karin (103)Skiftet etter Trond Benkestokk har eg naturlegvis lese gjennom fleire gonger, men vil ikkje seia at eg har studert det i detalj. Sidan dette er ein debatt om kvinnenamnet Adalis og dei slektskrinsane der dette namnet førekjem, så er det ikkje unaturleg at også Benkestok og Kruckow vert nemnd. No har eg medvite styrt unna desse slektene i denne debatten, då dei vel både er drøfta her på Digitalarkivet og skildra i ymse skriftleg materiale tidlegare. Adalis var typisk for begge ættene, i Benkestok først etter at Adalis Eriksdotter (Kruckow) vart inngift i slekta.Det er elles ei interessant problemstilling dette med kven som eigde verdiane på kysten i tida etter reformasjonen. Det ser ut som om Benkestokkane har forsynt seg grådig av grunnen i Bergen, og ei kartlegging av kven dei ymse eigarane var er kanskje alt gjort?Svein Arnolf (104)Du er sikker på at det ikkje er den same Borni som held til på Sandøya i 1645 då?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Når Anders Gundersen så tidlig som i 1637/38 betalte bot for sin festermø, ville det vel være litt merkelig om han og Borni bodde hver for seg i 1645?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I debatt nr. 22158, innlegg 25/26 vert det skrive litt meir om dette godset på Helgeland som nokre møringar hadde odel til. Det merkelege er at det er snakk om 1/8 av godset, noko som utgjer berre ei 1/2 våg. Har det vore eit skifte der godset har vorte delt i 8 partar og kvar av arvingane betalar for sin part? Kan til dømes godset ha tilhøyrd Peder Andersson Acherøensis, presten på Aukra og far til tingvollpresten Anders Pedersson og Erik Pedersson Juel (Gyl). Om det var ved arveskiftet etter han at godset vart delt, så kan vi da førebels slutta oss til at Peder måtte ha hatt til dømes tre søner og 2 døtrer, eventuelt 2 søner og 4 døtrer. I begge tilfelle vil det gi 8 søsterpartar. Vidare kan vi tenkja oss at presten Arne Olavsson Teiste i Herøy er gift med ei av dotrene til Anders, dvs syster til Tingvollpresten og Erik på Gyl. Dette rimer ikkje på den måten at Hr. Anders på Tingvoll burde ha hatt 2/8 av godset, ikkje 1/8 slik som den eventuelle sytra. Det kan og vera slik at Hr. Arne i Herøy hadde fått dette Helgelandsgodset med kona si som kunne vera dotter til Hr. Peder Andersson Acherøensis. Søskena til kona kan ha fått utlagd arv i anna gods. Seinare kjøpte Anders godset av svogeren og systra. Om det opphavleg var farens odel, så var han sjølvsagt odelsboren til godset slik som den eventuelle systra. Seinare vert godset seld av son til Ouden Ågesson til ein nordlandshandlar i Trondheim som heitte Thomas Jensen Juel som hadde borgarleiet Svinvær i Rødøy. Det var skifte etter Thomas den 21/4 1702. Dette måtte vera ein etterkomar etter Erik Pedersson Juel (Gyl), utan at vi veit sikkert korleis. (Sjå innlegg (30) i debatt 22158). I tilfelle var også han odelsboren til det nemnde godset.Om ein prøvar å leita opp dette godset ved hjelp av O. Rygh og ymse kartverk på nettet, så er det ikkje så lett å koma fram til noko sikkert svar. I debatten nemnd ovafor, så har Trond Engen prøvd å finna gardane utan noko sikkert resultat (innlegg 87). To av dei er likevel greie, Løkberg og Raudberget. Desse to gardane ligg side om side rett nordvest for Mo i Rana aust for Stor-Alteren.Dei to andre, Stamnes og Skar er det verre med. Dei einaste eg har funne som til nød kan vera aktuelle ligg i nærområdet til Sandnessjøen. Kor vidt dette var rekna som ein del av Rana i eldre tid veit eg ikkje, men dei var kanskje ikkje så nøye slik den gongen?Ikkje så langt unna Stamnes ligg forresten Novik, den garden som Trond Benkestok eigde i dette området. Det sette meg på tanken at alle desse gardane kunne ha vore Benkestokgods, men om det så var, så måtte dei fire nemnde gardane ha tilhøyrd ei anna grein enn Trond si.No kan det sjå ut som om det var ei slik grein, då vi har sett tidlegare i denne debatten at det er nemnd ei Adelus Andersdotter Benkestokk g.m. Henrik Jørgensson Staur. Denne Adelus er rekna som reell nok av til dømes Tore Vigerust (Sjå rapporten om Benkestokkseminaret 1999 s. 34 f.). Etter mitt syn må Anders Benkestokk ha vore ein bror til den Trond som det vart skifta etter i 1570. Det ser vi av at Anders kallar dotter si for Adelus som var namnet på mor hans, Adelus Eriksdotter (Kruckow).Eg har også her laga meg ei hypotese, og den går kort ut på at Hr. Peder Andersson Acherøensis på Aukra var bror til Adelus Andersdotter gift med Henrik Jørgensson Staur og dermed ein Benkestokk. Truleg var det ved skiftet etter Anders Torleivsson Benkestok at det oppstod ei åttedeling av godset. Ein må vel rekna med at det opphavleg hadde vore mykje meir gods, skjønt Anders kunne neppe måla seg med broren, Trond kva gjeld godsrikdom.Vona er at ein grundig gjennomgang av lensrekneskap og skattelister for Helgeland kan gje svar på om hypotesa kan stadfestast eller forkastast.Kartet viser dei to gardane Stamnes og Skar (raud ring) og Novik (blå ring).

bilete9185.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Gårdene Skar (Skaret) og Stavnes som Audun Ågesen i Romsdal eide, ligger på Åmøya i Meløy (matrikkelen 1647). Gårdene skal tidligere ha tilhørt lensmann i Meløy Oluf Ingebrigtsen,som bodde på Mesøya. Sistnevnte omkom 1627 ifølge presten Raschs opptegnelser (”Anno 1627 den 16 Januarii blev Oluf Engelbretsen i Messø pa Ommenesvig i Melø Fjerding, der Klokken var 2 Slet”).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Tusen takk til Leif for denne opplysninga. Trolig har du rett når de to gårdene blir plassert på Åmnøya. I følge kartet så er de nabogårder der. Du har sikkert den trykte skattematrikkelen for 1647 for dette området, så det ville vært fint om du kunne slå opp og sjekke den samlede landskylda for hver enkelt av de fire nevnte gårdene og hvem som var eiere av de ulike partene. At det var lensmann Oluf Ingebrigsen som eidde gårdene i 1627 virker litt pussig, men om det dreide seg om 1/8 så kan det selvsagt stemme. Hr. Arne på Sunnmøre står jo skrevet med en slik part allerede i 1624.Plasseringa av gårdene tett ved Meløya svekker naturligvis ikke hypotesa mi, snarare tvert om. Den Anders Benkestokk som sannsynligvis var Tronds bror, er sagt å holde til i Meløy (se Benkestokkrapporten).

bilete9186.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Skylda i 1647 var 3 ½ pd. i Skar og 4 pd. i Stavnes. Audun Ågesen ”paa Molt” eide det hele. Oluf Ingebrigtsen i Mesøya skal i det minste ha eid noe av dette tidlig på 1600-tallet, men ikke helt fram til sin død i 1627. I ”Disse tider – Disse skikker” av Alan Hutchinson sies det at Oluf Ingebrigtsen eide 1 våg i Stavnes og Skar. Jeg oppfatter det som 1 våg til sammen. For å få fakta må man formodentlig gå til lensregnskapene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk til Leif (112)Ja, ein må nok studera lensrekneskapen grundig for å koma vidare med dette. Det går jo rykter om at den kanskje vil koma nett om ikkje så alt for lenge.Elles så lurar eg på om du finn dei to gardane ved Mo i den trykte skattematrikkelen. Kunne du sjå på samla landskyld og eigarar der også?Sjå kartet!

bilete9191.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Rauberg 2 pd., Løkberg 2 pd. og Steinneset ½ våg. Audun Ågesen var eneeier i 1647. Jeg tror Steinneset lå nær de to andre, kanskje nærmere Båsmoen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk igjen til Leif!Eg visste ikkje at det var ein femte gard, - trudde det berre var fire. Det betyr då sikkert at Audun stod som eigar av den femte også?Elles er det rett som du seier, Steinneset ligg tett ved Båsmosjyen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Vi kjem ikkje særleg lengre med denne mulege greina av Benkestokk førebels, men eg kan jo minna om at ekteparet Henrik Jørgensson Staur og kona Adelus Benkestokk budde på futegarden Bremsnes på Nordmøre. Det viser jo at Benkestok hadde tilknyting også den vegen. Sonen, Axel har vi jo lært å kjenna tidlegare som brukar på Blakstad, Gjemnes.Hypotesa går altså ut på at Aukrapresten, Peder Andersson er bror til Adelus gift med Henrik Jørgensson. I tilfelle vert Tingvollpresten, Anders Pedersson og broren på Gyl, Erik Pedersson Juel søskenborn til Axel på Blakstad. At tingvollpresten stod eit hakk over andre prestar på Nordmøre den gongen skjønar ein av at han åtte bygard i Trondheim - truleg ein arv etter farfaren.No hadde Axel Henriksson Staur fleire sysken, m.a. ein bror Jørgen som var lagmann i Nordland. Om eg ikkje tek mykje feil så var det denne Jørgen som var far til Maren Jørgensdotter Staur g.m. Manderup Pedersson Schønnebøl. Det er vel i ei oppramsing av anene til denne Maren at namnet på Anders Benkestokk kjem for dagen.Det kan no sjå ut som om ei dotter til Henrik og Adelus Andersdotter er identifisert også. Det er i debatt nr. 77493 [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=77493&sok=&nr=8&antinnlegg=30&startnr=&antall=&spraak=#anker>Lenke innlegg (16) at påstanden først vert gjort kjent i dette forumet. Diverre oppgjev ikkje forfattaren av innlegget, Kjetil R. Arntsen kjelda for påstanden.I den same debatten kjem det fram opplysningar om at Anne Henriksdotter m.a. var gift med futen Hans Wrangler og at dei hadde ei dotter Adalsis. Dette gjer naturlegvis ikkje hypotesa om at Anna er dotter til Henrik Staur og kone Adelus Benkestokk mindre sannsynleg. Anne Henriksdotter er også drøfta i debatt nr. (34384) Lenke og der går det fram at Anne visstnok nytta hustrutittelen heile sitt liv, samt at ho som enke var jekteeigar og skipperenke på Sund i Vest-Lofoten. Dotra Adalis vart gift med Christen Fredriksson som var jekteskipper på Sund etter svigermora.Noko som styrkar hypotesa om at Anne Henriksdotter verkeleg var dotter til Henrik Staur er at ho eig jordegods i same gard som Mandrup Schønnebøl. Sistnemnde var jo som kjend gift med brordotra. Sjå debatt nr. 66379, innlegg (11)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Som nemnd i innlegg (116) så kjem vi ikkje særleg vidare med denne Hustru Anne Henriksdotter på Sund i Lofoten. Ut i frå dei debattane som vore om denne Anne, så kan eg ikkje sjå at det er ført noko prov for kven ho var gift med og ev kva for born ho hadde. Sidan ho vert omtala som Hustru, så er eg likevel overtydd om at ho hadde sin bakgrunn i adelen. Om det var slik at Anne verkeleg var av Staur-ætta, så kan det jo vera at ho var dotter til Henrik Henriksson Staur (På Moldtua, Fosen). I tilfelle vart ho søskenborn til Manderup Schønnebøl. Det høver betre med at det var ei lik deling på den garden dei kan ha arva (to brorlottar), samt at kronologien nok kan høva betre. Eg vil no gå over til noko heilt anna.Om det verkeleg er så at Adalis Erlingsdotter, stammor til Aspaætta verkeleg er opphavet til dei fleste som vart kalla Adalis på 1600-talet, så må ein vel også venta å finna nokre slike i siste halvdel av 1400-talet og utover 1500-talet også? Sanninga er at det er svært få med dette namnet nemnd i dei eksisterande skriftlege kjeldene. Vi kjenner riktignok til Adalis Eriksdotter (Kruckow) som vart inngift i Benkestokk-ætta, samt at Finn Hansson (Rostvig) som også var av Kruckow (Absalon) hadde ei dotter, Adalis. Elles er det som nemnd svært få med dette særprega namnet siste del av 1400-talet og første del av 1500-talet.Det har likevel lukkast meg å finna ei, nemleg Alytz, prestens pige i Mek tinglag (Kvernes prestegjeld) oppført i tiendepenningeskattemanntalet i 1520 (-21). Denne Alytz skattar for litt jordegods som ho eig. Etter som eg meinar å veta, så var det hr. Peder Jonsson som var prest i Kvernes på den tida, og sjølv om sølibatet visstnok skulle gjelda, så ser eg slett ikkje bort i frå at Alyts var dotter til Hr. Peder. (Eg tenkjer då særskild på ei setning i ein herredagsdom frå 1621 der det vert fortald at Eriks piger (dvs. dotrene hans) spela på eit slags strengeinstrument i bryllupet til Milde og Melchior i Hemne). Det er muleg eg hugsar feil, men er i alle fall overtydd om at døtrene vart omtala som vedkomande sine piger. Erik var brura sin bror, dvs. Erik Oudensson på Kvalvåg.Nok om det og attende til presten i Kvernes, hr. Peder Jonsson. Han var bror til Ivar Jonsson på Stokke og til Guren Jonsdotter, kona til Torstein Eriksson på Veien (Aspa). Alle tre vert rekna å vera born av Jon Ivarsson som så i sin tur var son til Ivar Trondsson i Aspa (og Ingrid Kraage el. Kruckow?). Ivar var soneson til Adelus Erlingsdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harry Aronsen

Det vil altså si at ekteparet Guren Jonsdotter og Torstein Eriksson på Veien var søskenbarn, ettersom Torsteins mor vel var Sunniva Ivarsdatter, datter av Ivar Trondsson?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Oppfølging av 115: I gardshistorien for Rana bygdebok v/Anders Frøholm opplyses det at første kjente eiere av Laukberget, Raudberget og Steinnes var: I 1623 hr. Anders Pedersen, sokneprest til Kvernes, så 1625 – 1626 hr. Arne, sokneprest på Sunnmøre, så 1645 hr. Anders Pedersen, sokneprest Tingvoll. Deretter 1648-49 som nevnt Auden Ågesen, d. 1699. Senere dennes sønner Odin og Åge. Gårdene ble – sammen med de to gårdene i Meløy – skjøtet over til Thomas Jensen Juel 2. juni 1703 for 120 rd. etter å ha vært stilt som sikkerhet for gjeld ved konkrakt datert Gibostad 27. juni 1690.Som nevnt ovenfor var det skifte etter Thomas Jensen Juel 21. april 1702 (se Trondheim skifteprotokoll nr. 5). Mulig datoen for skjøtet er feil ettersom gårdene figurerer som jordegods i skiftet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Leif (120)Dette var interessant, men problemet er at så vidt eg veit så var det ingen prest i Kvernes i 1623 som heitte Anders Pedersson, om då ikkje tingvollpresten med same namn var der ein kortare periode. Eg meinar det var ein prest som heitte Anders Eriksson i Kvernes på den tida og han var først gidft med ein Bernhoft og sidan med dotter til Erik Audunsson på Kvalvåg. Anders sjølv var jämtlending.Du seier at gårdene figurerte som jordegods i skiftet. Du meinar kanskje odelsgods?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Nå skal vi vel ikke legge alt for stor vekt på slike sekundære kilder som bygdebøker. Jeg har heller ikke boken her og nå.Thomas Jensen Juel var som kjent nordlandshandler og drev vel inn gjeld og samlet seg litt gods på den måten. Hvis jeg får lenken til å virke, så er den aktuelle siden i skiftet her http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/25081/219

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tom Erik Grannes

Hei...Kanskje dette er rette plassen å prøve å kaste nytt lys over salige Adrian Jacobsen Falcks to hustruers opphav.Adrian Jacobsen Falck ble ffødt på Giske ca 1597. Han var sønn av Jacob Pedersen (foged der og senere lagmann i Tr.hj.) og Margrethe Petersd Falck.Adrian kom til Helgeland en gang på 1620-tallet. Han synes å ha kjøpt 3 våger i Neppelberg i Nesna og eide desssuten i Øverdal i Rana og Lovund i Nesna.Han drev handel, var skipper, var kaptein for Helgelandske kompani ved angrepet på NASA gruber, var ombudsmann for kirkene i Hemnes og Nesna mmm. Adrian døde på Stor-Alteren i 1677.Adrian skal ha vært gift to ganger. Første gang med Mille/Milde Hansdatter, født ca 1600, visstnok datter av en Hans Ovesen Rød Lunow. Til Mille er også etternavnet Kruse brukt. Adrian og Milles eneste kjente barn er Elsebe/Elisabet født ca 1620 gift med Christopher Pedersen Elsfjord.Adrian giftet seg annen gang med Adelus Jørgensd Staur. Denne Adelus skal visstnok være Mildes søsterdatter. Hennes foreldre skal være Jørgen Henriksen Staur og Øllegård Hansdatter Rød Lunow datter av foran nevnte Hans Ovesen.Om Adrians hustruers opphav sies det ofte at dette r meeeget usikkert.Kanskje denne tråden kan bidra til å kaste nytt lys over nevnte Adelus Jørgensdatter og dermed hennes angivelige morsøster Milde Hansdatters opphav.??mvhteg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Roar Aalborg

Kanskje verd å legge merke til at de tre navnene Lisbet, Mille og Adelus også finnes hos Aspa-familien på Veidholmen (Smøla). Noe av opphavet der er fortsatt ukjent.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til Leif (122)Thomas Jenssom Juel eller Juul er noko drøfta også i andre trådar her på forumet. Eg meinar det kan vera liten tvil om at Thomas var ein soneson av Erik Pedersson Juel på Gyl, Tingvoll, som altså var bror til presten Hr. Anders Pedersson 'Acherøensis'. Thomas var dermed odelsboren til Helgelandsgodset slik som Ouden Oudensson m.fl. på Molde. Sjå m.a. debatt nr. 22158 om Ouden Ågesson og slektskrinsen rundt han. I denne debatten er også Helgelandsgodset omtala. Sjå også spesielt innlegg (4) i debatt nr. 31538.Innlegg (123) i herverande debatt må eg få koma attende til. Eg hadde nemleg denne Adalis som nemnd der på lista mi over interessante kvinner med namnet Adalis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.