Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#76924] Nils Christian Irgens (1811-1878), generalmajor, hærsjef og statsråd - huslyden?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Christian Larsson Irgens, fødd i Sogndal 11.10.1811, flytte alt i 1825 for militær skolering til Christiania, men gifte seg i Larvik 13.3.1841 med Laura Fredrikke Baggesen Hansdotter Linaae frå Larvik. Ho var dotter av proviantforvaltar ved Fritzøe verk Hans Henrik Rasmusson Linaae i Larvik og kona Karen Fredrikke Larsdotter Baggesen, òg frå Larvik, og fødd i Larvik 16.8.1816. Nils steig i hærsystemet frå sekondløytnant i 1830 til han i 1863 endte som generalmajor og sjef for ingeniørbrigaden. Frå 1868 til 1872 var han hærsjef og statsråd. Nils og Laura budde mange år i Drøbak,¤¤¤¤¤ (dtelajr kring bustadane deira?)men flytte sidan attende til Christiania der Nils døydde 25.4.1878. Laura Irgens flytte sidan til dotter si i Stockholm, Sverige der ho døydde 28.1.1899. Dei fekk fem born i lag:a. Clara Marie Nilsdotter Irgens, fødd i Aker 8.1.1842, døydde¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? - Drøbak? - kyrkjebok manglar?)10.10.1851.b. Natalia Nilsdotter Irgens, f. i¤¤¤¤¤ (fødestaden hennar? - Drøbak? - kyrkjebok manglar?)22.10.1846, døydde¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? - Drøbak? - kyrkjebok manglar?)29.6.1847.c. Nils Christian Nilsson Irgens, fødd i Drøbak 8.1.1849, døydde i Christiania 15.3.1876. Nils Irgens var sjømann og endte som skipskaptein. Han budde i Christiania, men var ugift.d. Agnes Nilsdotter Irgens, f. i Drøbak 10.2.1851, døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - Lysekil?)1928. Agnes gifte seg i Christiania 29.12.1875 med Sven Otto Johansson Pettersson, fødd i Göteborg, Sverige 12.2.1848. Han døydde i Göteborg 16.1.1941. Sven Pettersson var frå 1884 professor i kjemi, men vart sidan ein pionér innan havforsking. Han og Agnes budde mange år i Stockholm, Sverige, men flytte i 1909 til Lysekil i Bohuslän, Vetra Götalands län i Sverige. Dei fekk åtte born i lag.e. Fanny Nilsdotter Irgens, f. i Drøbak 9.9.1853, døydde¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? - Christiania?)16.9.1869.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det som gjer det vanskeleg for meg å komplettera denne huslyden, er dei tydeleg manglande kyrkjebøkene frå Drøbak, og det faktum at me på FamilySearch finn desse borni fødde både i Larvik (der er dei IKKJE!) og i Danmark!Er det nokon som kan bidra med ytterlegare opplysningar om denne huslyden, ville eg setja stor pris på det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Drøbak prestegjeldDrøbak og Frogn.Utskilt fra Ås prestegjeld ved kgl. res. 08.09.1823.Kirkebøker ført av soknepresten (ministerialbøker) I 1 1816-1842 Prestegjeldet. Konf. til 1831. HF-312-313 1842-1858 Gikk tapt ved brann 07.03.1904.Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for avklaring av spørsmålet om kyrkjebøker for Drøbak. Då spørs det om me lyt vona på militære kjelder? Owenstad?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for interessant detaljopplysning! Då manglar me vel i grunnen berre opplysningar om kva år Nils Irgens flytte til Drøbak (og kva born som var fødde der...)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.