Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#77021] Hans Pederson Otteren (1783- ) - frå Bremanger (Davik) til Bergen - huslyden?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hans Pederson Otteren, døypt i Davik 27.4.1783, son av gardbrukar Peder Andersson på Otteren og Dortha Isaksdotter frå Kjelkenes, flytte i ung aldder til Bergen der han gifte seg:1ste gongen 9.8.1807 med Karen Larsdotter Grov, døypt i Hafslo 11.10.1778. Hans var snikkar, og han og Karen vart buande i Bergen der Karen døydde 14.3.1813. Hans Pedersen gifte seg so2dre gongen 8.10.1815 med Synneva Andersdotter frå ???, som eg veit noko meir om! Hans vafrt matros, og dei levde i 1825, men lagnadane deira er ukjende!Born av første ekteskap:* Peder Hansen, fødd i Bergen 19.11.1807.* Lars Hansen, fødd i Bergen 20.10.1809.So er det eit skifte etter bestemori Agatha Hansdotter i Hafslo frå 1821 som fortel ass at det levde berre ein son att etter Karen Larsdotter og Hans Pedersen: ARNE PEDER HANSEN, 12 årEg finn ein matros Lars Hansen, fødd i Bergen 29.10.1809, som gifte seg i Nykyrkja i Bergen 8.6.1845 med ei Christiane Helgesdotter, fødd på Askøy 7.10.1813. Er dette den overlevande sonen etter Karen Larsdotter??? (Lenke)Hans Pedersen fekk minst fire born i andre ekteskapet med Synneve:* Anne Karine Hansen, fødd i Bergen 29.1.1816.* Anne Dorothea Hansen, fødd i Bergen 29.6.1818.* Andreas Hansen, fødd i Bergen 25.6.1820.* Andrine Hansen, fødd i Bergen 4.1.1825.Mine viktigaste spørsmål, som eg ønskjer å drøfta, er:a. Kvar vart det av Hans Pedersen og andre kona Synneve?b. Kvar vart det av dei to sønene etter Karen Larsdotter?c. Kven var Synneva Andersdotter?Eg vonar at kanskje nokon kjenner til denne huslyden eller kan hjelpa meg finna svar på spørsmåli mine?Egh takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ser eg kom i skade for å nemna feil skfte frå 1821. Det var skiftet etter ein farbror hennar Karen som fann stad i 1821, Peder Arneson Lunde. Han budde i Bergen.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Dette har du antakelig fra før, siden du ikke spør etter dette, men jeg legger det inn likevel: Konfirmasjonen til Andrine Hansdatter i Nykirken 1840 - Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 5II (1821-1843), Konfirmerte kvinner 1840, side 453. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8729&idx_id=8729&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-52>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Det dør et almisselem Hans Pedersen i Nykirken i 1856, 75 år gammel, født ca. 1781 - [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=90&filnamn=1301begr&gardpostnr=33991&merk=33991#ovre>LenkeI 1850 døde det et almisselem Synneve Andersdatter i samme menighet - LenkeMen hun hadde en annen adresse og disse to behøver ikke å ha noe med hverandre å gjøre og de er nok neppe dine folk....Her er ekteskapet til datteren Andrine Lenke jf - Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. D 1 (1834-1861), Ekteviede 1853, side 117. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!Nei, eg har ikkje opplysningar om borni etter Hans Pedersen og andre kona hans; desse følgjer eg ikkje vidare, fordi mori ikkje hadde noko med Luster å gjera...Elles klan eg leggja til at faren Hans Pedersen i FT1815 er matros og busett i 1-168 i Bergen. Han har då med seg berre ein son Peder Pedersen, 7 år!Og ser ein nærare på den Lars Hansen som gifte seg i Nykyrkja i 1845, so er det oppgjeve fødselsdato 29.10., og det er DÅPSdatoen til ''vår'' Lars Hansen. Andre Lars Hansen'er fødde på den tidi finst ikkje i Bergen, so det MÅ vel vera han tross alt...? Lars og Christiane får i alle fall fem born i Bergen (iflgje FamilySearch):* Caroline Hansine, døypt Nykyrkja 1.3.1846* Henrik Eduard, døypt Nykyrkja 29.6.1949* Inger Henriette, døypt Nykyrkja 9.2.1851* Lorentz Christian, døypt Nykyrkja 11.9.1853* Inger Henriette, døypt Nykyrkja 24.5.1857Og provet på at dette er rett mann, får me ved dødsfallet hans i 1874 (Lenke). Då heiter han Lars Hansson Otterø!!Men kva med den andre sonen Peder Hansen, fødd 1807?Og kva med faren Hans Pedersen, fødd 1783?Og kva med stemori Synneva Andersdotter, fødd ????Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Da slår du vel fra deg de to almisselemmene jeg fant i Nykirken med samme navn som dine folke, Hans Pedersen og Synneve Andersdatter. Tror neppe de er det aktuelle ekteparet. Tenkte jeg kanskje ved å se på noen av ungene deres, kanskje kunne spore dem feks som faddere eller noe sånt.Natta fra Oslo :)Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget om Hans og Synneva og dødsfalli deira!Eg sjekka dødsmeldingslistene for Bergen, og eg ser at Synneva Andersdotter frå 1850 let etter seg enkjemann Ludvig og to Ludvigsborn, so ho er uaktuell.Derimot er eg ikkje so negativ til Hans Pederson. Bustaden hans ved dødsfallet, 17-55 (Lille Øvregaten 38), trur eg var ein slag heim for ''almisselem'', men når dødsfallet er innført i Nykyrkja, so høyrde han til der! Og alderen passer jo svært so godt!Diverre, dødsmeldingi hans seier ''intet til arv'', og ingen ervingar er oppgjevne...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×