Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#77046] Christopher Jensson Lemvig (1756-18 ) - jekteskipper i Bergen - lagnaden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Christopher Jensson Lemvig, døypt i Hafslo 11.6.1758, flytte med foreldri sine til Årdal kring 1772 og sidan derifrå til Bergen der han 20.7.1791 gifte seg med Judith Helene Michelsdotter frå Bergen. Ho var dotter av matros og fløtmann Michel Andersen i Bergen og kona Metta Cathrine Olsdotter og vart døypt i Bergen 8.11.1765. Christopher Lemvig var matros og sidan jekteskipper i Bergen der han og Judith vart buande i alle fall so lenge Judith levde. Judith døydde i Bergen 6.6.1804.¤¤¤¤¤ (kvar vart det sidan av Christopher Lemvig? - bustad og dødsfall?)Dei fekk i alle fall tre born i lag:a. Jens Christopherson Lemvig, fødd i Bergen 31.7.1793, vart gravlagd i Bergen 10.8.1793.b. Metta Cathrine Christophersdotter Lemvig, fødd i Bergen 25.6.1796,¤¤¤¤¤ (levde i 1801, men lagnaden hennar er ukjend!)c. Jens Christopherson Lemvig, fødd i Bergen 23.8.1798,¤¤¤¤¤ (er ikkje nemnd i 1801 og døydde truleg barn?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg ser ikkje noko meir til denne huslyden i Bergen etter 1804, og står heilt fast på kvar det kan ha vorte av Christopher og dotteri hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Der er noen opplysninger i 1804 som du kanskje kan be om på AF Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

her gifter han seg på nytt i julen 1804 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

De får Elisabeth i 1805 og Ingeborg i 1807.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid for fleire imponerande og overraskande innlegg! Då flytte altso Christopher ikkje lenger enn til Sotra...Tør me vona at det vil dukka opp fleire opplysningar om han og om borni hans i Sund?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

skifte etter Elis far, Ivar Rasmussen Bjelkerøy, men det er før Eli og Chr blr gift Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 10 , 1798-1805, oppb: Statsarkivet i Bergen.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24083/598>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24083/598Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørn og Arnfrid for nye spennande innlegg!Eg har i mellomtidi funne at dotteri Elisabeth Christophersdotter vart konfirmert i Sund i 1821. Ho bur då på Bjorøy i Fjell og vart visstnok konfirmert i Strudshavn kyrkje(?).Dette vert meir og meir spennande!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Ja, for de må ha flyttet fra Bjelkarøy. OK, da flyttet de kanskje til Askøy prg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ser i databasen for Fjell at ei Elisabeth Christophersdotter, f. 1803, døydde som husmannskone på Bjørøen 3.9.1875.Men kvar er Bjørøen (Fjell) i FT1865?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

her LenkeOk, da var det kun konf som var i Strusshavn krk, mens hun bodde på Bjorøy. Spørsmålet er om hun bare var i tjeneste eller om de var flyttet dit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

sønnen er født i Fana.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Litt fra Fanaboka side 598. Nils Andersen Krokeide f.1807 oppført under bnr.15 på Krokeide fra 1833-1844,da de flytta til Fjell (dvs. N. Bjorøy). Sønnene Anders f. 1834 og Lars f.1837 da født på Krokeide. Her er Nils sitt første giftermål. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=FANAVIG&gardpostnr=2142&merk=2142#ovre>LenkeNils døde i 1881 LenkeMargrethe døde i 1852 LenkeNils gifter seg i 1853 med Eli

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid og Oddvar for nye spennande innlegg om denne huslyden. Eg har sjølv greve fram dåpen til Eli i 1775 og vigsli til foreldri hennar og har no lagd eit manuskriptoppsett pr. no:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Christopher Jensson Lemvig, døypt i Hafslo 11.6.1758, flytte med foreldri sine til Årdal kring 1772 og sidan derifrå til Bergen der han 20.7.1791 gifte seg første gongen med Judith Helene Michelsdotter frå Bergen. Ho var dotter av matros og fløtmann Michel Andersen i Bergen og kona Metta Cathrine Olsdotter og vart døypt i Bergen 8.11.1765. Christopher Lemvig var matros og sidan jekteskipper i Bergen der Judith døydde 6.6.1804. Christopher gifte seg att i Sund 27.12.1804 med Eli Iversdotter frå Bjelkarøy i Sund. Ho var dotter av gardbrukar Iver Rasmusson på Bjelkarøy og andre kona Ingeborg Monsdotter frå Telle og vart døypt i Sund 13.10.1775. Christopher og Eli busette seg på Bjelkarøy i Sund, og derifrå vart Eli gravlagd 11.6.1813. Christopher Lemvig døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1807!)Han fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre:a. Jens Christopherson Lemvig, fødd i Bergen 31.7.1793, vart gravlagd i Bergen 10.8.1793.b. Metta Cathrine Christophersdotter Lemvig, fødd i Bergen 25.6.1796,¤¤¤¤¤ (nemnd 1804 – lagnaden hennar?)c. Jens Christopherson Lemvig, fødd i Bergen 23.8.1798,¤¤¤¤¤ (døydde før 1801! - dato og stad?)d. Elisabeth Christophersdotter Lemvig, døypt i Sund 10.5.1805, døydde som husmannskone på Bjorøy i Fjell 3.9.1875. Ho gifte seg i Fjell 17.11.1853 med enkjemannen Nils Andersson, opphavleg frå Krokeide i Fana, døypt i Fana 28.2.1808. Han gifte seg første gongen i Fana 17.11.1833 med Margretha Larsdotter frå Krokeide, fødd i Bergen¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hennar? – 1800?)Nils og Margretha var ei tid gardbrukarar på Krokeide i Fana, men flytte i 1844 til ein plass på Bjorøy nordre i Fjell der Margretha døydde som husmannskone 5.2.1852. Nils døydde som enkjemann og legdelem på Bjorøy 15.4.1881. Nils og Elisabeth vart buande som plassfolk på Bjorøy nordre i Fjell. Dei fekk ikkje born i lag, men Nils hadde to søner frå første ekteskapet sitt.e. Ingeborg Christophersdotter Lemvig, døypt i Sund 22.11.1807,¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Finst det ikkje ei bygdebok for Sund, eller er det ei bok som er under arbeid? Eg vil tru at Christopher kanskje døydde der, og kan henda hamna òg dei to andre døtrene der?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Børnes

HeiGards og ættesoga for Sund er under utarbeidelse og iht prosjektplan vil bindene legges ut for salg i perioden 2011 - 2014.mvh,Jostein Børnes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jostein for informasjon om boki frå Sund!Eg har i ettermiddag lese gjennom gravferdsprotokollane for Fjell (Sund) 1804-1836, men finn korkje Christopher eller nokon av dei to (andre) borni, Mette Cathrine eller Ingeborg! Det ser difor ut til at Christopher som enkjemann på ny er faren frå Bjelkerøy att, men so svært langt kan han vel ikkje vera reist, eller...? Elisabeth var jo att her...Med venleg helsing,Kars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Skurtveit

HeiMetta Cathrina er truleg identisk med den 'Mette Car: Xstofersd. Lemvig' som er registrert som innflytta til Sund prestegjeld i 1823: Lenke(Sjå nedst til høgre.)Venleg helsing Halvor Skurtveit

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

og hun kom fra Lærdal.. Betyr det at familien kan ha flyttet dit etter Elis død i 1813?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Halvor og Arnfrid for spennande innlegg!Eg tok nettopp ein sjekk på om Metta Cathrine kunne vera konfirmert i Lærdal, men det var ho ikkje. Derimot veit ne at Christopher Lemvig hadde ei søster Karen som var gift og budde på Eri i Lærdal, so kanskje det er forklaringi på at Metta var innom der?Men, sidan Metta flytte til Sund i 1828, so lyt me tru at einkvan i huslyden framleis må ha butt der? Søsteri Elisabeth var vel på den tidi flytt til Fjell?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

i 1823 hørte Fjell til Sund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Skurtveit

Mor til Eli Ivarsdotter Bjelkarøyna, Ingeborg Monsdotter, gifta seg i 1805 med enkjemannen Johannes Johannesson på Nordre Bjorøyna, og dei busette seg der. (Ingeborg døydde i 1819.) I 1814 gifta sonen til Johannes, Ola, seg med dottera til Ingeborg, Margreta. Ola og Margreta overtok bruket som Johannes og Ingeborg hadde hatt på Nordre Bjorøyna. Sannsynlegvis har Elisabet Kristoffersdotter opphalde seg hjå tanta si, Margreta Ivarsdotter, på Nordre Bjorøyna då ho vart konfirmert i 1821. Det står rett nok i konfirmasjonsprotokollen at ho oppheldt seg hjå foreldra sine, men eg trur ikkje det kan stemma. Til no har eg ikkje funne spor etter Kristoffer Jensson som busett på Bjorøyna.Eit spørsmål: Kor ligg Lemvik/Lenvik?Venleg helsing Halvor Skurtveit

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×