Gå til innhold
Arkivverket

[#77046] Christopher Jensson Lemvig (1756-18 ) - jekteskipper i Bergen - lagnaden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Halvor Skurtveit

Hei, igjenSkiftet etter Ingeborg Monsdotter i 1819 viser at det då berre var ei av døtrene til Eli Ivarsdotter som var i live: Lisbet (eller Lice? som det står i skiftet) Kristoffersdotter. Ingeborg må altså vera død tidlegare. Ole Johannesson Nordre Bjorøyna vart utnemnde som formyndar for Lisbet. Dette tyder vel på at faren Kristoffer Jensson var død. Ola Johannesson var gift med tanta til Lisbet.Venleg helsing Halvor S.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid og Halvor for nye spennande og nyttige innlegg!Når det gjeld ættenamnet Lemvig, so kjem det opphavleg frå den danske byen Lemvig på Jylland. Namnet har vore mykje nytta både som ættenamn og mellomnamn i indre Sogn og i Bergen.Eg er takksam for oversynet over ætti til Eli Iversdotter frå Bjelkarøy. Samstundes ser eg at Eli døydde på Bjelkarøy, so truleg flytte ikkje ho og mann hennar med mor hennar til Bjorøy. Først etterpå kom Elisabeth til bestemor si...Elles har eg sett mange døme på at faren kan vera i live og likevel ikkje er nemnd formyndar for borni sine. So han kan godt ha levd vidare etter 1819...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.