Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#77049] Ludvig Lemvig (1724-) gift Cecilia Amling/Anna Herkam - Bergen - Jelsa?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i lengre tid strevd med å få denne huslyden på plass i manuskriptet mitt og føler eg kjem ikkje stort lenger. Kanskje nokpon veit råd...?~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ludvig Christopherson Lemvig, døypt i Hafslo 29.12.1724, flytte i ung alder til Bergen der han 21.7.1751 gifte seg første gongen med ei Cecilia Amling som me ikkje kjenner opphavet til.¤¤¤¤¤ (kvar kan ho vera kommi frå? - Tyskland eller Danmark?)Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (namn på foreldri hennar?)og f.¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar?)men vart gravlagd i Bergen alt 12.7.1754. Ludvig gifte seg so att i Bergen 11.3.1755 med Anna Albertsdotter Herkam frå Bergen. Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (yrkestittel?)Albert Harmen Johanson Herkam i Bergen og kona Barbro Mikkelsdotter Skram frå Bergen og vart døypt i Bergen 1.1.1724. Ludvig Lemvig var opphavleg barbersvein, men var frå kring 1753 kjøpmann i Bergen der han truleg vart buande levetidi ut. Anna vart gravlagd i Bergen 27.11.1767, medan Ludvig Lemvig d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1779!)Ludvig Lemvig fekk i alt ni born, fire frå første ekteskapet og fem frå det andre:a. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 5.9.1751, vart gravlagd i Bergen 19.10.1751.b. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 24.9.1752, vart gravlagd i Bergen 9.12.1752.c. Christenca Ludvigsdotter Lemvig, tvilling, døypt i Bergen 16.6.1754, vart gravlagd i Bergen 7.8.1754.d. Karen Ludvigsdotter Lemvig, likeins tvilling og døypt i Bergen 16.6.1754, vart gravlagd i Bergen 20.11.1755.e. Barbara Cecilie, kjend som Cecilia Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 27.4.1757, flytte i ung alder til ei moster på Jelsaland i Jelsa der ho vart gravlagd 2.8.1789, ugift.f. Christopher Ludvigson Lemvig, døypt i Bergen 24.6.1759,¤¤¤¤¤ (døydde før 1779! – lagnad?)g. Albert Herkam Ludvigson Lemvig, døypt i Bergen 15.4.1761,¤¤¤¤¤ (døydde før 1779! - lagnad?)h. Michael Ludvigson Lemvig, fødd i Bergen kring 1763,¤¤¤¤¤ (levde i 1779 - lagnad? – ein enkjemann og glarmester Michael Lemeng, 50 år, budde 1801 i Arendal – kan det vera han??)i. Karen Ludvigsdotter Lemvig, døypt i Bergen 16.10.1766, d. på Judaberg i Finnøy 8.11.1847. Karen gifte seg i Jelsa 4.7.1793 med Thore Mikkelsen, fødd¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)1771. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – truleg i Stavanger e. 1839!?)Thore var skomakar, og han og Karen budde ei tid som strandsitjarar på Jelsaneset i Jelsa, Rogaland, men i 1805 fekk Thore skøyte på gjestgjevarstaden Hagaberget ved Judaberg i Finnøy og flytte dit med huslyden sin. I 1829 bygde Thore hus i Stavanger og flytte dit, men han heldt i namnet fram som gjestgjevar på Hagaberget i Finnøy til yngste sonen tok over i 1839. Karen og Thore fekk ni born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kan henda kom alle desse borni av andre ekteskapet til oppfostring på Jelsa etter at mor deira døydde so tidleg? Men ogso Ludvig ser ut til å ''forsvionna''?Om nokon kjenner til denne huslyden eller vil prøva å finna dei att, so vil eg vera svært so takksam for det!Og kanskje er det nokon som har peiling på denne Amling-ætti? Kvar kan Cecilia vera kommi frå?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Elise Bøe

På side 148 i Sand Gardar og folk III, Ernst Berge Drange, står det å lese om Anna Herkam og Ludvig Lemvig: 'Utanrikskorrespondent Giske Anderson har i romanen 'Bedre kan jeg ikke fare ....Krøniken om Sidsele', gjestgevarkona på Sand. Men Giske Anderson stamma ikkje sjølv ned frå Giske Herkam, jamvel om ho hadde namnet etter henne. Ho stamma frå systera Anna Herkam og mannen Ludvig Lemvig som budde i Bergen. Men fleire av borna til Anna og Ludvig kom til mostera på Sand i unge år.' Annas søster, Giske Herkam, er min 3-tippoldemor, så jeg er interessert i data om Annas foreldre, særlig hennes mor, Barbara Schrams aner.mvh Inger Elise

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Elise Bøe

I Jelsa bygdebok står følgende om Tore og Karen:66. Tore Mikkelson f. ikr. 1771 g. 1793 m. Karen Ludvigsdotter, dotter av Ludvig Lemvik og Anne Herkam, kom til Jelsa og slo seg ned på Jelsaneset som skomakar. Barn:a.Ludvig Thorsen f. 1794, g. m. Karen Meyer Rasmusdtr. Lende, borgar og handelsmann i Stavanger frå 1828. Før den tid hadde Ludvig vore skipper. b.Anna Karina f. 1795. c.Mikkel f. 1797. d.Barbro Sissel f. 1799. e.Karen f. 1802. f.Albert f. 1804. g.Nils, seinare skipper. Tore Mikkelson flytte ikr. 1805 til Judaberg på Finnøy og var gjestgjevar.Mvh Inger Elise

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Elise Bøe

Her er det en Ludvig Lemvig i Nykirkesoknet som i 1757 betaler fattigskatt 2 sk. Lenkemvh Inger Elise

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.