Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#77123] Johan Hansson Krøpelin (1817-187?), bakar frå Bergen -til Hafslo og Vik -lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johan Hansson Krøpelin, son av kjøpmann Hans Krohn Johanson Krøpelin i Bergen og kona Anna Petersdotter Lexau, òg frå Bergen, var fødd i Bergen 28.7.1816. Han gifte seg i Hafslo 20.7.1842 med Gjertrud Margrethe Hedvig Johansdotter Barclay, fødd i Hafslo 30.5.1825. Johan Krøpelin kom som bakarmeister til Solvorn i 1842 og budde truleg her til kring 1852.¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - i 1865 var han ''uskikket til arbeid'' og budde då på Midlang i Vik - då mori døydde i Bergen i 1872, vert det opplyst at Johan var ''umtyndiggjort'' - han må vera avliden mellom 1872 og 1877, for:)Gjertrud gifte seg att i Haus (Arna) 28.12.1877 med enkjemannen Henrik Carl Christian Johanson Goebel, opphavleg frå Rendsburg, Schleswig-Holstein i Tyskland. Han var fargarmeister på ytre Arna der Gjertrud døydde 23.5.1912. Johan og Anna Krøpelin fekk to born i lag: 1. Anna Caroline Lexau Johansdotter Krøpelin, fødd i Hafslo 31.3.1843, flytte med mor si til ytre Arna i Haus, men levde siste åri i Bergen der ho døydde ugift 22.7.1916. 2. Hans Krohn Johanson Krøpelin, fødd i Hafslo 22.12.1845,¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - var avliden før 1916 utan å etterlata seg born!)Problemet her er vel å finna ut kvar Johan Krøpelin heldt hus då han døydde. Elles har eg heller ikkje funne Gjertrud i FT1865!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for godt innlegg. Gjertrud var m.a.o. kommi i hus hjå Goebel alt før 1865!Når det gjeld dotteri Anna, kan det kanskje vera den Anna K. Krøppelin som 20 år gamal tener på Lokøen i Fjell? Ho seier seg rett nok fødd i Eivindvik (Gulen), og alderen er litt ''skeiv'', men elles...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Hvem er han her da Lars?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit observant blikk! Eg hadde heilt oversett dette dødsfallet!Då er det berre dødsfallet eller lagnaden til Johan Krøpelin som står ope...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Frank Pagh

Sogn og Fjordane, Vik, Klokkerbok A2 1856-1877, side 129 - næstnederst på højre side:1877 Død: 27 Juli. Begr. 1 August'Forhenværende Bager Johan Krópelin Bergen'Vh, Berit Pagh.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for eit nyttig og spennande svar! Med dette er heile problemet løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.