Gå til innhold
Arkivverket

[#77206] Lorents Andreas Helmers (1863-1911), styrmann frå Florø, busett Bergen - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke følgjande opplysningar frå personen som sit med etterlatne papir etter Solfrid Helmers, og dei syner at Solfrid i 1929 flytte frå Narvik til Oslo, at ho sidan budde på Damsgård, Laksevåg ved Bergen til hop o 135 på ny flytte til Oslo. Der gifte ho seg med ein Arvid Syversen og fekk to born, i 1938 og 1939. Dei vart skilde, og i 1952 fekk Solfrid løyve til å ta attende namnet Helmers.Papiri hadde ingen opplysningar om mori Helene eller lagnaden hennar.Det er vel høgst sannsynleg at Lorents Helmers døydde i Narvik, og når me ser at Helene den gongen berre var 31 år gamal, skal me vel ikkje utelukka at ho kan ha gift seg att?Uansett, dette står framleis som ei uløyst gåte, og kvar svaret er å finna, det er ikkje godt å seia...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Hei Lars.Eg tok ein telefon til kirkekontoret i Narvik. Der fekk eg opplyst at styrmann Lorents Andreas Helmers f. 1.1. 1863 (fødselsdato har vel då kanskje vore ukjent og satt til 1. januar) blei gravlagd i Narvik 17. juni 1912. Grava er sletta. Dei har ikkje informasjon om kven som i si tid stod som festar.Eg fekk for sikkerhetsskuld dobbeltsjekka gravleggingsåret. Dei hadde ikkje opplysningar om dødsår. Det må vel bety at Lorents døde 11. juni 1912 og ikkje 1911.Har du forresten fått oppgitt om barna til Solfrid hadde etterkommarar?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjartelegtakk til Egil for nye opplysningar!Då eg tala med venninna til John Helmers, nemnde ho ikkje noko om andre etterkomarar. Eg er ganske so sikker på at det ikkje fionst nokon, for kvifor skulle ho ells hatt alle dei gamle papiri, famliebilete med meir? Ho hadde mellom anna eit bilete av Lorents og Helene!Kyrkjekontoret i Narvik hadde vel ikkje opplysningar om andre personar som var gravlagde i lag med Lorents Helmers?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.