Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anfinn Bernaas

[#77458] Foto - truleg av kyrkje i Trøndelag

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Dette fotografiet (lysbiletet) er i ei stor fotosamling som eg skanna og ordna i fjor haust. Eg er nokså viss på at kyrkja, eller kyrkjene sidan det er to tårn som avteiknar seg mot horisonten, er i Trøndelag, men kan jo ta feil av det. Kjenner nokon seg att?Det er morbror min, død i 1985, som har teke biletet. Det er stempla oktober 1963 på pappramma, og tidspunktet fortel nok når framkallinga har skjedd.

bilete9110.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norodd Hagenson

Bø i Telemark

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Ojsann, og takk Norodd. Dette var reint pinleg av meg. Desse to kyrkjene i Bø har eg da sett nokre gonger i mitt liv, men det hender ein ikkje ser skogen for berre tre. Dei andre bileta dette låg saman med var dessutan frå Trøndelag.Ein raritet med Norodd si melding var elles at ho ikkje dukka opp som e-postmelding frå Digitalarkivet i e-postlesaren min, slik ho skal gjere. Eg var noko i stuss om verkeleg ingen våga seg frampå med i det minste ei gissing, men det hadde altså Norodd gjort kort etter at eg hadde lagt inn meldinga mi. Og det oppdaga eg ikkje før i kveld da eg gjekk inn på opningsinnlegget mitt for å sjekke om det likevel ikkje låg svar der. Og det gjorde det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.