Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Vidar Elda

[#77509] Tyding av kyrkjebok, Svorkmo

Recommended Posts

Gjest Arnt Stavne

Så langt jeg kan se står det:fadder: Fredrich ER. Talleraasens Qvinde, Lispeth FrandsDatter, Nils belgmager, Simen? Engen og Ole Ped. TalleraasenMvh. Arnt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Hei Arnt:-) Kan dette være den Erich som det er skifte etter i 1765? VHVidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Glemte nederst på side 329 og øverst på side 330!Vidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Trur det står; Erich Talleraasens b. N; PietterFadrar; Fredrich Talleras q Kari Ifwersd., Hans Mentzoni, Jens belgmager og Jens Olsen Solaas.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Takk Finn!VHVidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Sirj Frandsdatter er rett, men det var nok ikkje nokon Lars Belgmaker som gifta seg. Derimot; Læste Bælgmageren. Det vil truleg seia at presten hadde ein belgmakar som hjelpesmann i kyrkja, og at denne var såpass oppegåande kva gjeld lesing at han kunne lesa for kyrkjelyden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Sandbu

Til (9): 'og Jche videre.'Til (11): Eg les: Søndag E. Jul dj. 31 Ditto Læste Belgmager, Og Jche videre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Aud, er jche det samme som osv? Det var nok meir eit ynskje/håp at det skulle stå Lars Belgemager ja! Men ein eller annan stad i boka skal han stå:-)Vidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

'Jche videre' betyr at det ikkje hende noko meir ved kyrkja den dagen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Finn, det er vanskeleg dette, det virkar og som dei forskjelige prestane har kvar sin måte å føre kyrkjeboka på. Eg ser at du har rett no.Vidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Sandbu

Erick Talleraas q, Peder skomagersq, Karj Arnes datter, JørgenOlsen, og Beniamen Fredricksen.(q = qvinde = kvinne)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Takk åt deg Aud :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Treng tydehjelp!Oppført som fadder da Jens Bælgemager døper stt pikebarn er: ug. Lars Nielsen ........ Kan nokon tyde for meg det som står etter Lars Nielsen midt på side 267På førhand takk!Vidar EldaKildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Svorkmo i Orkdal, Ministerialbok nr. 671A01 (1730-1755), Kronologisk liste 1743, side 266-267. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16191&idx_id=16191&uid=ny&idx_side=-136>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Else B. Rustad

Ikke på side 267, men på side 266 :-))'Lars Nilsen skomager'Mvh Else B.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Takk Else:)Yrkesvegen var kort frå skomager til bælgemager:)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John Tore Kvernmo

Hei Vidar!Forstår jeg deg rett leter du etter opplysninger om Lars Nielsen Schjølberg. -Er dette din ane? I tilfelle har vi nok noen flere felles aner siden han er min 4-tippoldefar.Jeg jobbet litt med denne karen for et par år siden, men kom vel ikke helt i mål. Tema 58614 Lenke tore kvernmo&nr=7&antinnlegg=10&startnr=&antall=&spraak=#anker-Fant at han ble gift i 1745 med Malena Jørgensdatter. Trolovere var Ole Grubesmed og Beniamn Jørgensen.Mye interssant er kommet opp siden sist jeg jeg var på anejakt i Svorkmo-området. Du har kanskje funnet mer, Vidar?Mvh John Tore

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Elda

Hei John Tore!Med utgangspunkt i Daldorph sitt kart over Skjølberg frå 1771 har eg prøvd å finne fram til brukarar og seinare, eigarar av Skjølbergslia frå 1762 til 1920. Dette har vorte eit å detektivarbeide der mange ulike kjelder er brukte. Eg nemner; Ekstraskatten 1762, Daldorph sitt kart frå 1771, folketellinger frå 1801, 1865, 1875 og 1900. I tillegg har eg henta opplysninger frå skifteprotokollar, eigedommsregister og pantebøker frå Orkdal fogderi. I tillegg har eg og henta opplysningar frå digitaliserte kjyrkjebøk i Digitalarkivet, Arnt Stavne si utmerkede heimeside med skifteopplysninger frå Orkdal og i frå ”Busetting i Orkdal”, hefte utgjeve av Folke Forfang.Eg har delt arbeidet i to bolkar, fyrste del er ei omtale av drivarar og eigarar satt inn i ei tidslinje. I del to forsøkjer eg å finna fram til slekta åt dei forskjellige, kor kom dei frå, når vart dei fødde, kor blei dei av og når døyde dei?”Busetting i Orkdal” har tolka Daldorph sitt kart frå 1771. Der er Lars Bælgemaker oppført som drivar av Skjølbergslia. Kven var Lars Bælgemager? I Ekstraskattelistane for 1762, under gml. matrikkelnr 73/74 Verket, fann eg Niels Bælgemager og kone som familie nr 12. Hos seg buande, budde Jørgen Nielsen og kone. Jørgen vert konfirmert på Svorkmo den 18.7.1745 i ein alder av 16 år.Som familie nr 56 fann eg Lars Nielsen, bergarbeider, med kone og sonen Niels Larsen og dattera Johanna Larsdatter. På Johanna er det anført følgjande merknad: ”Datteren Johanna har kun en haand at hielpe sig med” Lars Bælgemager, som eg har funne gravlagd på Svorkmo som Lars Nielsen Schiølberg den 26.2 1799 i ein alder av 81 år, må vi kunne anta er son av Niels. Det var vanleg at yrke gjekk i arv i gruve- og smeltearbeidarmiljøet.I 1744 døyper Jens Bælgemager sin son Niels, han finn eg også under ekstraskattelistene, familie nr 42 som bergarbeider. Ein må anta at det er bror av Lars og Jørgen. I eit skifte i 1785, Løkken kobberverks skifteprotokoll 1779-1798, folio 108, fann eg bevis for at Lars Bælgemager er bror til Jens Nielsen Bælgemager. Som laugeverge for enken etter Jens Nielsen Bælgemager er svogeren Lars Bælgemager oppnemnt, likeså er oppnemnt som formynder til eit av barna farbroren Lars Bælgemager. Eit skifte i 1790 etter enka til Jens, Ane Sørensdatter, stadfester desse opplysningane.Som nemt vert Lars Bælgemager gravlagt på Svorkmo den 26.2.1799. Han var da 81 år gamal iflg. kyrkjeboka, dvs. fødd ca 1718. Eg har ikkje funne dåpen til Lars Nielsen da kyrkjebøkene for Svorkmo ikkje er skrevet før etter 1730. Derimot har eg funne Lars Nielsen sitt giftemål med Malene Jørgensdatter den 18. juli 1745 i Verkets kirke på Svorkmo. Han er da titulert som ”Skomager”. Yrkesvegen var ikkje lang mellom Skomager og Bælgemager. Eg antar at Lars Nielsen arva tittelen og arbeidet etter sin far Niels Bælgemager og bror Jens Bælgemager.Lars Nielsen døyper sin førstefødde son Niels, den 10. okt. 1745. Då er Niels Bælgemager ein av fadderane.I folketellinga 1801 finn eg følgjande:Nils Larsen Husfader og ugift 57 år Røstvænder Johanna Larsdatter Søster 50 år Vanfør Ane Larsdatter Søster 36 år Ugift Ane Ivarsdatter Hendes barn 11 år Eg finn det sannsynleg at det er denne familien som bur på Skjølbergslia i 1801. Det vil eg vise ved og kopla første sjølveigar av Skjølbergslia opp mot denne familien. Eg finn det også sannsynleg at dette er etterkommarar etter Lars Nielsen Bælgemager. Lars budde på Skjølbergslia i 1771, han døde 1799 og det er ingen ting som tilseier at han skulle flytte før han døde. Likeså er Nils som er eldst oppkalla etter sin farfar, noko som også var skikk og bruk. Og Johanna som i 1762 har merknad i skattelistene på at hun bare har en hånd er her oppført som vanfør! Johanna er oppført som datter av Lars Nielsen i KB den1. januar 1749 som faddere er oppført ”Erick Talleraas q, Peder skomagers q, Karj Arnes datter, Jørgen Olsen, og Beniamen Fredricksen”Nils Larsen dør 26.11.1807, gravlegges den 29.11, alder 66 år. Det er ikkje i samsvar med alder oppgjeve ved 1801 folketeljinga, men slike avvik er ikkje uvanlege. Johanna Larsdatter dør 6.1.1809, gravlegges den 8.1, alder 60 år. Ane Larsdatter dør 1.8.1818, gravlegges den 9.1, alder 54 år. Ane Ivarsdatter konfirmeres i 1804, alder oppgis til 14½ år. Ane Ivarsdatter føder eit uekte jentebarn den 14.10.1810. Barnet døpes den 28.10 1810 og far er Erich Pedersen Svorchmoe. Barnets namn er Maren Erichdatter.I 1812 gifter Ane Ivarsdatter seg med Anders Larsen Dørdal. Dei blir vigde i Orkdal kyrkje den 19.11.1812 Det er denne Anders Larsen som vert første sjølveigar på Skjølbergslia. Anders Larsen Dørdal er født i 1789 og døypt den 21.6.1789. Far er Lars Hermundsen Dørdal. Ane og Anders får eit barn, Nils Andersen som vert fødd 12.6.1815 og døypt 23.7.1815. Nils vert bare 15 år gamal og døyr den 6.5.1830, gravlagd 23.5.Maren Erichdatter Skjølberg gifter seg 23.6.1831 med Johan Johansen frå ”Steiavold af Meldal”. Brudas far Erich bur nå på Bakken under Skjølberg. Brudgommens far er Johan Olsen frå ”Steiavold”. Som nemnd er det Anders Larsen Dørdal som vert første sjølveigar på Skjølbergslia. Bruket vert skyldsett den 9.10 1843. Han får auksjonsskøyte frå Løkken kobberverks partisinpantskap den 25. februar 1845 og vert dermed første sjølveigar. Han betalar 61 spd 54 skilling for eigedommen og skylda vert sat til 34 skilling. Det er på desse dokumenta at eigedommen vert kalla ”Skjølbergslien ogsaa kaldet Gaarden” for første gang! Eg fann også same omtale på Lånna! Der står det ” Skjølbergslien ogsaa kaldet Laana”Anders Larsen overdreg eigedommen til fosterdottera si Anne Dorothea Johansdatter den 25. mai 1853. Salet omfattar også lausøyre på bruket. Ho betalar 65 Spd. Lausøyre er verdset til 10 Spd. Anne Dorothea Johansdatter er dotter av Johan Johansen og Maren Ericsdatter. Ho er født i Hemne 1. februar 1836 og døypt 23. mai. Altså var ho bare 17. år da ho fekk skøyte. Ho gifter seg i Meldal kyrkje i1858 med Arnt Pedersen Kalstad frå Meldal Hun bruker da namnet Anne Dorothea Johansdatter Halset! Som far er oppført Anders Skjølbergslien.Arnt Pedersen og Anne Dorothea Johansdatter skøyter ” Skjølberg eller Skjølbergsli ogsaa kaldet Gaarden” til Erik Eriksen Skjølberg den 10. november 1863 for 400 Spd.Erik Eriksen er son av Erik Steinarsen på Søndre Skjølberg som er næraste nabobruk. Same dag skøyter Erik Eriksen bruket vidare til Andreas Andersen Skjølberg for 350 Spd! Det er nærliggande å tro at Erik har hatt bruket ei tid, da alt i 1858 veit oss at Anne Dorothea er busett i Meldal. Same dag får også Erik Eriksen skøyte på Engan!Andreas Andersen Skjølberg er også nemnd i Gardtales som eigar. Han er nemnd som eigar folketeljinga i 1865. Der er oppført John Jonassen som ”føderaadsmand”! Nå får vi også veta litt om husdyrhald drifta av bruket. Det er oppført 2 store kveg, 4 får og 1 svin. I tillegg såast det ¼ tynne bygg og det same med blandekorn, 2 tynner havre og det settes 2 tynner poteter.Nå følgjer ein periode der det er forskjellige eigarar av bruket men der heimel ikkje er tinglyst.Den 13. desember 1873 holdast det ”skyldsætningsforretning” på garden nordre Skjølberg for etter forlangande av Martinius Eriksen Skjølberg at skyldsætte eit stykke som han har kjøpt av Ole Eriksen Skjølberg der tidligare har tilhøyrt Peder Olsen Konstad. Det er denne eigedommen som får bnr. 26. Stykket er frådelt bnr. 9. Dette stykket er beskriva å ligge vestafor kjøpars eigedom men støyter til eigedommen. Eg er finn det sannsynleg ut ifrå beskrivinga og topografien at det er stykket ovafor vegen dette omhandlar.Det er nå Martinius Eriksen som er eigar av bruket men utan heimel. Same familie er også oppført som eigar under foleteljinga i 1875. Nå såast det ½ tønne bygg, 1 ¼ tønne havre, settes 1 ¾ tønne potet og dyrehalde er oppgjeve til 2 kyr. I tillegg eiger også Martinius Eriksen ein part i Aune, 147b, som han i 1883 sel til skolelærar K.M.Elda for 800 kr.Ole Pedersen er oppført som eigar under nymatrikkeleringa i 1886 for gardsnr 77 bnr 20 og 26. I tillegg har Ole Pedersen nå kjøpt ein Aunepart av K.M. Elda. Gardsnr 73 bnr 3 for 500 kr. Overdraginga vert først tinglyst i 1887. Det er Ole Pedersen si slekt som skal koma til å sitja på bruket fram til 2002 då familien min kjøper staden.I folketelinga i 1900 finn eg følgjande opplysningar: Det er 10 personar som bur på bruket, dei sår korn, set potet og har kreatur! Framleis er det delar av Nordre Skjølberg som ligg i eit sameige. I 1902 sel sameige eit stykke med vassfall til Nils Bredesen. Dette stykket får bnr 33 eg vil seinare verta kommunalbruket ved Svorkbrua. Det at den gamle smelteplasstomta framleis ligg i fullt sameige for eigarane av bnr 1-32 fører til at krav om utskifting av området vert fremja i 1916, saka løyser seg rask og alt same året vert saka avslutta og tinglyst 15/1 1917. I 1917 sel Ole Pedersen saman med eigarane av bnr 11, 12 og 15 eit stykke til Karelius Bakke kalla Kåsa som får bnr 40 Den 28/2 1920 skøyter Ole Pedersen garden Skjølbergsli og avlsgarden Aune til sonen Martin Olsen Skjølberg for 1500 kr pluss kår for seg og sine to ugifte dotere Karen og Ane og dotterdotter Maren. Med i handelen følgjer også kua ”Kronsborg” og kviga ”Frankrike” Det er Martin Skjølberg som er siste faste bebuar i Skjølbergslia. Han flytte frå den 20. mai 1975!Kommentar og rettingar mottas med takk!Eg skylder alt dette på genane:) VHVidar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John Tore Kvernmo

Tusen takk, Vidar!Det kan vel neppe være tvil om at det er Niels Bælgemager som er opphavet til Lars og Jens Nielssønner slik du dokumenterer det. Jeg kjenner kildene dine, og finner ingen feil i argumentasjonen.I tillegg til Lars Nielsen og Malena Jørgensdatter barn er som du nevner, kommer også Benjamin Larsen, døpt 11.2.1759, begravet 2.(?)august 1813.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16194&idx_id=16194&uid=ny&idx_side=-67>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.