Gå til innhold
Arkivverket

[#77615] Når og kvar døydde Siri Anna Larsdt. frå Ona


Gjest Anne Huse
 Del

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

Siri Anna var fødd i 1838 på Indre Hoem i Fræna.I 1867 gifta ho seg med Andreas Andersen frå Ona. Dei fekk 3 born, men berre dotra Erika Lovise vaks opp. Erika gifta seg med Thomas Holen frå Borgund. Han var lærar, og paret busette seg i Kviteseid i Telemark. Siri Anna vart enke i 1876, men i 1881 gifta ho seg oppatt med Knut Mathias Ellingsen frå Midsund. Siri Anna vart enke igjen i 1905. Ho budde på Ona fram til 1913. Ho selde då huset sitt der og må ha flytta frå Ona. Kan ho ha flytta til dotra i Telemark ?Mvh Anne Huse

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Hukkelberg

Siri Anna og Knut Mathias hører til svigerfars slekt. Jeg har heller ikke opplysninger om når Siri Anna døde. Men jeg har funnet Erika gravlagt i Porsgrunn. Ligger gravlagt sammen med Bergliot Holen og Constanse Knudsen.Thomas finner jeg ikke. Kanskje de har flyttet etter at han døde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Huse

Takk til Bjørg. Eg har fått oppgitt at Thomas døydde i 1928. To av barna deira, Konstanse Augusta f. 1892 og Trygve Erling Leonard f. 1899, vart gifte og busette seg i Porsgrunn. Ein son, Sophus f. 1894 har eg fått oppgitt budde på Herøya i Porsgrunn. Yngste dotra Bergliot Marie f. 1909 budde også i Porsgrunn. Truleg har Erika Lovise flytta dit etter at Thomas døydde. Eg har ikkje funne Siri Anna i kirkebøkene i Kviteseid og heller ikkje i gravminna på DIS. Mvh. Anne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.