Gå til innhold
Arkivverket

[#78420] Vardø, Finnmark: Absalon Hanssen Andenes, skolelærer, kven er han?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Peder Hanssen Andenes i Undersøkelseskommisjonen 1804-5 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=berg1804&gardpostnr=3310&personpostnr=3310#nedre>Lenke Etter sønene hans står Mikkel Andersson som bur på same adresse i 1801 og, han er frå Voss og eg skal prøve å finne ut om mor hans heiter Anne Olsdtr.Her er han døypt, dessverre utan at mora er nemnt. LenkeMen dette må vel vere faren - og brura heiter Ingeborg Olsdtr

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

No blir her ein del detaljar som kanskje ikkje er like interessante for alle her, men eg tek dei med for å få samla alle trådar:Eg vil gå ut frå at Marte Andersdtr som Peder er gift med er syster til Mikkel Andersson, og her finn eg ei som passar veldig bra [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=29&filnamn=dp12351752&gardpostnr=1893&personpostnr=4827&merk=4827#ovre>Lenke , og vigsla i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg leitar etter ei Anne Olsdtr f.ca 1726 i Døypte Sogn og Fjordane, og finn ei som har far Ola Monsson Torheim, men i skiftet etter faren i 1762 framgår det at ho er gift med ein Jørgen Olsson, og eit seinare skifte viser at Jørgen og Anne har sammen avlede børn, akkurat i den alderen som 'vår' Anne Olsdtr skal ha, så dermed kan vi sjå bort frå denne på Torheim i 1726 som ein muleg kandidat.Eg innser at ei 75 år gammal kvinne i 1801 kan vere på grensa til å vere mor til eit barn i 1741 - viss Ola Hansson Haus er hennar, men ikkje umuleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

I Eid ser eg ei Anne Olsdtr Volden fødd i 1722. Garden Volden er nemnt to gonger i skifteregisteret for Nordfjord etter 1722; Guri Knutsdtr er ikkje mor til Anne, heller ikkje Marte Ellingdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

No fyrst ser eg Johan sin kommentar i (25) - som gjer meg endå meir sikker på at skolelæreren i Vardø er den same som konfirmanten i Vereide.Vidaren ser eg ein Absalon Hansen som blir far på adressa 15-60, men han blir seinare kalla Absalon Pedersen, og er nok identisk med Peder sin son Aksel som er 5 år i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan I. Borgos

Du skal få en kommentar til, Aase: Absalon er aldri brukt som døpenavn i Andøy, så langt jeg kan se.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Carlsen

Til Aases innlegg nr 22: Først 'forløftningsmend' ved trolovelosen til Erich og Gjertrud 10.nov. 1782: Ole Rasmussen Hestenes (han var svoger til Erich) og Ole A. Wereide (sikkert Ole Absalonsen).Den eldste sønnen, Jon Erichsen, døpt 9. mar 1783 i Gloppen, for øvrig samme år foreldrene giftet seg og senere flyttet til Balsnes. Faddere er:Ola Jonss. Vereide, Ole Apildsæt, Ole Hyenes, Anna Marie Wereide og Barbro Jonsdatter. Ola Jonss. og Barbro er søsken til faren, Erich. Siden det ikke står noe farsnavn på de andre,så må en i bygdeboken for å sjekke. Mener jeg sjekket dette da jeg lånte b.boken for lenge siden uten at det ga resultat.De andre barne er alle født i Eid. Der er fadderne konsekvent kun oppført med fornavn og gårdsnavn. Alle gårdene ligger i Eid. Det eneste som kan være interessant er en fadder til sønnen Ole Erichsen, døpt 25. mars 1794 i Eid. Der står en Msr Hans Leganger (Msr for Monsieur). Sjekket ham opp i sin tid, men fant ut at han ikke passet med far til Gjertrud. Får ta en titt igjen.Det virker i det hele tatt som om Gjertruds familie er fraværende ved bryllup dåp, så det kan tyde på at de bodde andre steder. Det kan jo se ut som at Gjertrud, Peder og Absalon er søsken, men de to sistnevnte har tydligvis fartet ut i 'verden', så det er forstålig at i alle fall de ikke er til stede. Men hvor er resten av familien - det Store Spørsmål!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Carlsen

Tillegg til mitt innlegg 35 ang. Hans Leganger. Sakser fra en tidligere etterlysning i DIS:Sitat: Hans Thiis Leganger var f. i Eid 1776, son til sokneprest i Eid Samuel Bugge Leganger og Anne Laurentse Nagel. Han var kaptein og kompanisjef, eigde og brukte Myroldhaug i Eid og døydde der 1842. Gift tre gongar.Dette iflg. Bygdebok for Eid-Hornindal. Sitat slutt.Så da kan han ikke være far til Gjertrud. Så da er han ute av verden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har gått gjennom alle som vart døypte på Andenes i perioden rundt konfirmasjonane til gutane og vigsla til Gjertrud, men ingen frå denne familien er fadrar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Eg har prøvd å gå gjennom fadderarne til samtlige av dei mulige barna til Hans Olsen Haus og kona Ane,( både dei vi er sikre på og dei andre.) Dei eg har funne att i Jacob Aaland si bygdebok for Davik har eg skrive ned det eg har funne der som kan ha relevans for saka. Også dødsår dersom nokon vil finne evt. skifter og leite der etter spor som kan avsløre viktige moment. Dei fleste fadderane budde på, eller hadde tilknytning enten som naboar på Haus eller via slekt/svorgerskap til folk på Haus ser det ut for.Dåpsbarna er: Ole f. 1741 Knud f. 1743 Absalon f. 1747 Berte f. 1749 Gjertrud f. 1752 Peder f. 1754 Absalon f. 1756Johannes Iversen Haus (1707-1783) fadder 1741 og 1757 - gm Kari Sakariasdtr. f. IsaneGuri Hansdtr. Haus fadder 1741Ingeborg Jonsdtr Haus fadder 1741 og 1749 var gift med Kristen Rasmusson HausAbel Jonson Haus (1686-1775) fadder 1743 gm. Anne Akseldtr. (1686-1751)Ole Ingebrigtsen Haus (1696-1748) fadder 1743 og 1747 gm Dorte Samuelsdtr. Årdal (kansje ho som er fadder 1754)Herlov Olsen Haus (1721-1778) fadder 1753 og 1757 gm. Kristi Jørgensdtr. Mørkeset (kansje ho som er fadder 1756)Guri Eriksdtr. Haus (1698-1767) fadder 1743 gm. Ole Rasmussen HausBerthe Samuelsdtr. Haus fadder 1743 ( kan være den same som var fadder i 1743 og Brite i 1756)Guri Haus fadder 1747 (Truleg enten Hansdtr. eller Jonsdtr. som var fadder 1751 og 1743)Ane Haus fadder 1747 (Kan være Anne Akseldtr. som var gm. Abel Jonson Haus)Berte Haus fadder 1749 ( Kan være den same som var fadder i 1743, og Brite i 1756)Mari Haus fadder 1757 ( truleg Mari Brynjelsdtr. gm Anton Jakobson Haus - begge f. på Breim)Inger Haus fadder 1757Eli Haus fadder 1757Anton Haus fadder 1754 (Sjå Mari Haus)Anders Haus fadder 1754Dorthe Haus fadder 1754 ( Kansje ho som er gm. Ole Ingebrigtsen)Lars Haus fadder 1756Christi Haus fadder 1756 (Kansje ho som er gift med Herlov Haus)Brite Haus fadder 1756 (Kansje den same som Berte Haus og Berthe Samuelsdtr.)Anders Gildal ( truleg 1693-1778) fadder 1747 og 1749 Truleg den Anders Olsen som er br. i Gillesdal frå 1739 gm Kristi Olsdtr. LevdalSamuel Ervik ( truleg 1699-1779) fadder 1741 Truleg den Samuel Rasmussen Ervik (f. Eikås) som var gm. Sigrid Olsdtr. Gillesdal (1701-1777) Kan ho være syster til Anders Olsen Gildal eller datter til Ola Larsson Gillesdal og Brite Jakobsdtr. f. Haus ? - Kan evt. Lars Olson G. og Anders Olson vere brødre, gift med same kona Kristi og evt. syster til Sigrid Olsdtr. ?Lars Houslii fadder 1741 (Truleg Lars Jensson H. 1723-1798) , brukar på Huslid frå 1762Hans Etterdal ( d. i 1770-åra) fadder 1756 Sannsynligvis Hans Larsson f. p. Huslid gm. enkja på Etterdal Anne Rasmusdtr. f.Haus (1701-1775)Ane Etterdal/ Etteraaen fadder 1749 og 1754 (truleg same som over)Johannes Ravnefjell fadder 1754 (truleg Johannes Iversen R.1725-1787 gm. Ane Hansdtr. R. (1791-1724)- (foreldra hennar var Hans Mikkelson og Anne Jakobsdtr. f. Haus)Anders Ravnefjell fadder 1756 (truleg) Anders Nilsson (f. i Askevik) 1728-1798 gm. Dorte Hansdtr. Ravnefjell ( 1720-1818) (hennar mor var Gunhild Jonsdtr. Haus - d. ca 1739. - 2. kona til Hans Mikkelson R. Ane Hansdtr. og Dorte Hansdtr. Ravnefjell er såleis halvsysken.Lars Storesetter fadder 1749 denne karen finn eg ikkje ut av. Ingen gardar her omkring har det namnet - ikkje finn eg nokon gard som tidlegare har vore kalla det heller. Eg understrekar at dette bare er samansettjing av det eg fant i J. Aalands bygdebok for Davik med dei evt. feil og manglar den inneheld og er å sjå på som høgttenkjeing frå mi side so kansje kan være med å bidra til ei løysing. Så lenge vi ikkje har namnet på faren til Ane gm Hans Olsen Haus vert det heile vanskelig å klarlegge noko.Eg har nok ein gong leitt gjennom vigde i Davik, Eid og Selje i den aktuelle perioden utan resultat, men vi veit at kyrkjeboka før 1741(?) var svært mangelfull då presten gjorde eit 'slett' arbeid med føring av kyrkjebøkene i følge presten som kom etter han Thomas Georg Krog.Mvh Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Tilbake til Absalon i Vardø: Kva måtte til for å bli 'skolelærer' på denne tida, måtte han ha noko godkjenning av nokon, eller?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har nytta pinsa til å lese alle skifte på Haus frå 1720 til 1800 utan å finne noko av interesse.Så har eg sett på fadrane til Peder sine born i Bergen - på dei to fyrste (Hans og Hans) er det berre prominente fadrar, utan eit einaste sen-namn. På Andreas i 1793 er det 'vanlege folk', men ingen eg fattar interesse for.På Anna Marie i 1797 finn eg Anna Marie Woldahl, ho er gift med Martinus Madsson Rye frå Gloppen, elles ikkje noko spesielt.På den siste, Ole Peter i 1799 er det meir prominense igjen, men ingen namn som er kjende for meg. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Harald, når ein ser på barnerekkja på Haus 'manglar' det eitt i 1745. Ser du noko t.d. i lista over døde som kan passe inn der? Eller ein konfirmant?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Ja sannelig Aase!I 1745 2den Majus Døbt Hans Hauses D:n: Ingebor T: Ole Rasmussen ib., Hans Larssen Etterdal, Ane Axeldtr. Haus, Kari ib. og Birthe ib.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-14>LenkeIngen nye fadderar utan om Ole Rasmusson Haus som altså var gift med Guri Eriksdtr. som var fadder på Knud i 1743.Eg finn Ingeborg Hansdtr. Daviken konfirmert i Davik 19. Desember 1762 ( nesten heilt nede på 2. sida)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mange takk for den! Det er merkeleg kor 'besette' ein kan bli av ei slik jakt! Det har sjølvsagt absolutt ingen ting å bety i dagens situasjon kven desse folka var og kvar det vart av dei, men eg kjem ikkje til å få nattero før dette er oppklart..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Ja du har rett i det Aase, det er ofte slik at det marmar og gneg i tankane og underbevistheta heilt til ein har funne ei løysing. Denne familien tilhøyrer ikkje mi slekt med det eg veit, men likevel engasjerer det veldig når ein fyrst har involvert seg i temaet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.