Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Svein Tislevoll

[#78805] Kven var Hermund Olson Snikkar (f. ikr. 1726) i Trondviki u. Høyeim i Luster ?

Recommended Posts

Gjest Svein Tislevoll

Lurer på om han var fra Vossestrand og garden Grindeland der. Ser i Ættebok for Vossestrand av Roald Lyngvær. Er nevnt en Ola Knutsson Grindeland, f.1684, g.m. Synneva Herlaugsdtr. Bidne m. barna : a) Hermund, f.1728 (står ikke hvor han ble av) b) Ola, f.1732, c) Per, f.1835 g.m. Johanna Simonsdtr. Drege, Aurland Eivindvik i Sogn. d)Herlaug 1741 - 1801. Ug. Bidne. Lurer på om a) Hermund Olson, f.1728 kan være samme som Hermund Olsson snikkar ? det står litt om ein Hermund Olson som var Snikkar i bygdebøker frå Vik i Sogn (er vel same person) der står det at han var frå Voss. Nokon som kan bekrefte eller avkrefte teorien min her ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Tislevoll

Noen som kan bekrefte eller avkrefte at dette kan stemme ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Tislevoll

Noen som vet noe mer om dette ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Heisan, eg har ikkje sett dette temaet før! Som bygdebokskrivar for Luster kommune synes eg at teorien din høyrest svært spennande ut. Det var ei viss flytting på 1700-talet mellom Vossestrand, Vik og indre Sogn, og sidan Hermund Snikkar ser ut til å ha ei tilknytting til Vik ogso etter han flytte til Luster, er dette so absolutt realistisk!Me ser òg at andre dotteri til Hermund heitte Synneva, same namnet som kona på Grindeland!Hermund Snikkar hadde ein son Hermund Hermundson som vart husmann i Dulsviki under Lingjerde i Luster (rett over fjorden frå Trondviki). Ein nabo hans der var Peder Pederson frå Gudvangen som hadde kona si frå Drege i Aurland. Ein av sønene frå Grindeland hadde jo kona si nettopp derifrå... Elles kan eg leggja til at fleire av etterslekti til desse folki vart ihuga haugianarar.Jau, Svein, eg trur teorien din har svært mykje for seg. Kanskje Hermund Snikkar i Vik hadde vore gift før med ei som heitte INGA? Han var jo enkjemann då han dukka opp i Luster, og Inga heitte eldste (kjende) dotteri hans her! Han kan jo òg ha hatt eit barnekull i Vik, som eg ikkje kjenner til?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

WOOPS: Eg ser no at svigermori til Hermund Snikkar på Rønnei heitte INGA, so der har me nok oppkallingi! Då er det uansett ikkje urimeleg å tenkja seg at Synneva er ei oppkalling etter mor hans!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Tislevoll

Mange takk for raskt svar, det ser ut som me har løysinga på dette då. Skal sjå i bygdeboka for Vik igjen seinare, no skal eg først på ein spasertur.V.helsing Svein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Tislevoll

Her er det som står i Gards og ættesoge for Vik i Sogn av Gudmund Bavoll, hefte 3 frå 2004, side 17 :Hermund Olason (-) frå Voss & Mildrid Oladtr. Vikøyri (1718 - 1762 fekk : Anna 1749 - 49 ?, Gyrid 1753, Anna 1755, Knut 1758, og eit udøypt barn 1762 - 62. Hermund kom som tenar til Hove, men busette seg på Vikøyri. Han var snikkar. Kona Mildrid døydde i barsel. Tre born levde i 1759, men blir seinare borte for oss. Står at han var frå Voss, men ikkje kvar det var, så kan vel vera Vossestrand då ? Har ellers kjøpt alle bygdebøkene du og Terje Joranger er ferdig med og har hatt stor glede av dei !V.h. Svein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Tislevoll

Ser at første barnet han fekk i ekteskapet i Luster (Trondviki 3 ell. Høyeimsviki) vart fødd 6. desember 1763, så da stemmer det bra. Mildrid døydde jo i 1762 på barselseng og Hermund vart gift oppatt i Luster (som du har skrive i bygdeboka) 6. juni 1763. Kanskje dei første barna vart oppfostra i Vik hos besteforeldre ? kun ein tanke. Men så var det det med navnet på første barnet i Luster, som burde vært kalla opp etter første kona til Hermund ;Mildred, men som heter Inga, men mor til Martha Christophersdotter Rønneid, andre kona til Hermund heitte Inga, så da er hun heller oppkalla.V.h. Svein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Tislevoll

Ser at det om inga nevnte du over, ja.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Tislevoll

Bare innom for å skubbe sida oppover.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.