Gå til innhold
Arkivverket

[#79037] Anfind Gulbrandson Timberlid - Amla - Sogndal, fødd 1800 - levde 1807 - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Husmann Gulbrand Johnson Timberlid under Amla, Kaupanger sokn i Sogndal og andre kona Britha Hansdotter Olstad fekk fleire born; yngst av dei alle var:* Anfind Gulbrandson, døypt i Sogndal 21.6.1800Han levde då det i 1807 vart halde skifte etter faren, men har er korkje gift eller avliden i Sogndal.Er det nokon som har peiling på kvar denne karen kan ha gjort av seg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for kjempeflott innlegg!Dette er vår mann! Faren Gulbrand Johnson var fødd på VALEBERG i Sogndal, og det er namnet som står i kyrkjebpoki då sonen gifte seg!Eg har vidare leitt meg fram til opphavet til kona Ingeborg Jensdotter; ho er fødd på Lien i Rennebu, døypt i Meldal 24.3.1805.Og eg finn eitt barn, dotteri Anna Dorthea, fødd i Overhalla 24.12.1834 (Lenke).So vert dei borte!!Og eg lurer sjølvsagt på kvar dei kan ha teke vegen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for nytt spennande innlegg! Linken stemte visst ikkje heilt, men eg fann eit barn til fødd som innerstbarn på Bedsvaag i Vik sokn i Fosnes:* Johan Bernhoft Anfindson, fødd 30.6.1837Men so forsvinn huslyden ogso derifrå. Eg har leitt i Fosnes gjennom barnedåpar til ut i 1840-åri, gjennom konfirmasjonar til ut i 1850-åri og gjennom utflytte til 1850, men utan resultat.Eg finn dei heller ikkje i FT1865, nokon av dei!Alle gode tips om seinare lagnad vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

No vart eg igjen skikkeleg imponert over at du, Anne, har funne att denne huslyden i Ibestad! Hjarteleg takk skal du ha!Men det skal so visst ikkje vera lett å finna dei att! No har eg leitt gjennom dødsfallsprotokollane for Ibestad og Salangen frå 1837 til 1879, men ikkje snakk om å sjå noko til korkje Anfind eller Ingeborg sine dødsfall. Og merkeleg er det òg at dei ikkje finst nokon stad i FT1865, korkje foreldri eller borni!For å seia det med amerikanarane: ''I am stumped!''So eg står framleis fast...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for nye spennande funn!Det ser ut til at dei to borni ikkje tek det so nøye med fødestadane som vert oppgjevne. Samstundes kan det sjå ut som dei var ganske so mobile. Kan me gissa på at foreldri Anfind og Ingeborg er avlidne i eitt av nabosokni til Ibestad, kanskje i Målselv, eller kanskje i Vågan(?)Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for nytt innlegg. Det er nok ''vår'' Anfind du har funne i Vågan i 1865, og ved litt ''bla'ing'' vidare so fann eg dødsfallet hans, 6.9.1871 (Lenke)!!Då er det Ingeborg neste...? Ho levde tydeleg i 1865, men kvar var ho?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg trur eg har funne Ingeborg Jensdotter i FT1865, på Sørmo i Bardu (Lenke). Ho står skrivi som ''skild'' og fødd i ''Medalen''. Kan ho vera avlidi i Bardu eller Målselv?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.