Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#79076] Jacob Lemvig Jacobson Walaker, fødd 1866 - gardbr. og lensmann på Tau i Strand?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jacob Lemvig Jacobson Walaker, fødd i Hafslo i Sogn 24.1.1866, gifte seg første gongen i Lærdal 12.9.1888 med Jensina Andersdotter Brattegjerde, fødd i Lærdal 18.4.1869. Jacob Walaker var kontorist, og han og Jensina busette seg på Husabø i Leikanger der Jensina døydde 1.8.1894. Jacob flytte snart etter til Stavanger som sorenskrivarkontorist der han budde i 1900. Sidan skal han ha vorte gardbrukar og lensmann på Tau i Strand, Ryfylke, der han òg skal ha vore attgift. Truleg var andre ekteskapet barnlaust, for då eldste dotter hans, Margit ''Margaret'' Walaker Flekke døydde i Crookston, MN i 1949, er berre to søstrer nemnde, og dei var frå første ekteskapet til Jacob:* Turid Walaker Berven i Noreg (fødd Leikanger 3.5.1891)* Anna Walaker Svendsen i Noreg (fødd Leikanger 2.6.1893)Kvar i Noreg desse søstrene budde, er òg uvisst!Er det nokon som kjenner til denne huslyden, eller som eventuelt kan undersøka bygdebøkene frå Strand, ville eg setja stor pris på det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Norges lensmenn 1933:Jakob Lemvig Walaker, f. i Solvorn i Sogn 24-1-1866 av landhandler og poståpner Jacob Walaker og Mette f.Nitter.Betjent 23 år ved 3 forskjellige sorenskriverkontorer, lensmann i Strand i Ryfylke fra 1907.Gift i Stavanger 14-11-1913 med Hanna Stålesen, f. i Stavanger 19-6-1878 av bakermester Axel Stålesen og Josefine, f. Abrahamsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Norges leger:Brynjulf Berven, alment praakt. lege, Drammen, f. i Trondhjem 28-11-1918, sønn av tollkasserer Alexander Berven og Thurid. Stud. Kristiansund 1938, can.med Zürich 1952. Kand. Drammen sykehus med.avd. 6 mndr., rtg.avd. 6 mndr., gyn.avd. 3 mndr., skipslege Syd-Amerika Johnson Line 6 mndr.Dåpen Lenke Du finner dem på gravminner

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjapt og nyttig innlegg.Eg fann vigsli deira, men det var i Strand, og der står det ein merknad om at dei vart vigde av sorenskrivaren i Ryfylke. Vighsli er innført med nummer (Lenke), so eg vil tru dei kanskje vart vigde på Tau(?).Elles les eg at han var ''betjent'' ved tre ulike sorenskrivarkontor. Eg veit om indre Sogn og Stavanger, men kvar var det tredje...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Norske sykepleier 1960:Annie Walaker Svendsen, sykepleierske (tidl.aktiv), U.S.A. Født 2-6-1893 i Leikanger, Sogn.Sykepleieutd.: N.K.S. sykepleieskole, Stavanger 1921-24. Off.godkj.sykepleier.Praksis som sykepl.: Stavanger sykehus, psykiatr.avd. 2 år. Dale sjukehus 1 år 1925. Husmor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Annalisa Thelin Knutsen

Jacob Walaker er såvidt nevnt i bygdebøkene for Strand. Han var lensmann fra 1907 til 1936, gift med Hanna. Ingen barn nevnt. mvh Lisa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Bjørlo Fiskå

Iflg Folk i Strand I side 303, under gården Tau Jacob Lemvig Walaker f 1866 i Hafslo i Sogn, d. 1944 på Tau. gift 1.med .... barn: 1 Margit f 1889 i Lærdal, flytta til Grønningen fyr i 1909, utvandra seinare til Amerika, budde i Minnesota g.med Nils Flekke. 2. Turid f 1891 i Leikanger, flytta til Alversund i 1912, seinare Drammen, g.med Alex Berven. 3. Anna f 1893 i Leikanger, flytta til Kristiania i 1913, men året etter til Nesttun ved Bergen, seinare g.med Josef Svendsen, budde på Tjelta på Jæren. Gift 2. 1913 med Hanna Staalesen f 1878 i Stavanger d. 1940. Jacob L. Walaker kom til Strand i oktober 1897, men han overtok ikkje som lensmann før i 1907. Han fekk skøyte på dette bruket i 1909. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Lisa og Anne for nye spennande innlegg om denne huslyden! Med dødsåri til Jacob og Hanna, burde det vera lett å få tak i nøyaktige datoar...Dotteri Margit i Amerika har eg ''kontroll'' på, bortsett ifrå at eg ikkje har greidd å finna utvandringsåret hennar...?Eg har vore på leiting etter opphavet til Alexander Berven, men kan ikkje finna han i FT1900. Elles bør vel dødsdatoane kunne skaffast frå Drammen...Og so var det Anna Svendsen. Når no bustaden hennar er kjend, Tjelta på Jæren (Sola kommune), bør vel dødsdatoane deira ogso kunne finnast?Eg takkar igjen for framifrå hjelp so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.