Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#79150] SF Gloppen / Stryn: Susanna Aslaksdtr = Susanna Aslaksdtr?

Recommended Posts

Gjest Einar Karstein Rygg

Hei Aase! Eg har lite å fare med, men ser at Susanne Aslaksdtr. Føleide er fadder både i 1723 og 34 og skriven Føleide. So kjem lakuna 1735-38. Etter det dukkar ho ikkje opp,det eg kan sjå. At ho skulle vere komen til Stryn og skriven Aarem i 1763, stiller eg meg skeptisk til,også fordi ho ikkje er oppførd som gift, slik dei andre er på den sida. Bygdeboka for Innvik har henne ikkje,men heller ikkje nokon brukar som kan vere far hennar,må i so fall vere ein plassmann eller strandsitjar. Det er mogeleg. Men dei er vel ikkje lette å finne,sidan der ikkje lenger er kyrkjebok for perioden. Skal vi gå ut frå at Susanne A. Føleide døydde ugift i lakuna utan å setje spor etter seg? Med helsing Einar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg har vore bortreist i ei veke og er derfor sein i svaret. Og eg må tilstå at eg ikkje heilt vil gje teorien min på båten slik utan vidare, og eg har eit par nokså tunge grunnar til det:Det eine er at alderen passar svært godt. Det andre er at om Susanne Aslaksdtr Årheim skal vere frå Stryn bør der finnast ein Aslak og/eller ein Aslakson der inne i 1701-manntalet, og det gjer det ikkje.Eg kan ta med at Skifteregister for Nordfjord inneheld ein Anders Aslakson Folven i protokoll 10 (1747-1750) - men dette er ein avskriftsfeil og skal vere Anders Axelsen.Kanskje er ho å finne mellom fadderar i Innvik i perioden 1750-1763, men der har eg ikkje leitt. Eit funn der kunne gjerne kaste meir lys over dette -

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Einar Karstein Rygg

Hei Aase! Har gått gjennom avskrift av kyrkjebok for Innvik frå 1750-64, men finn ikkje noka Susanne som er fadder der. Har du andre kjelder å gå til? Mvh Einar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Nei, då tek det vel til å 'krype i krå' med stader å sjå etter henne - om ein ikkje brått snublar over henne i eit uventa skifte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Aase: I Manntalet for 1701 er det 9 stk m/ Aslak som førenavn iflg Fylkesarkivet i SF. Ingen har ei dtr m/ navn Susanne ? Ellers så ser du at Aslak er mest nytta i Sogn, bl.a Aslach Andfindsen Otterjeld, Leganger, 1697-1754, som er Mange-tipp til meg.Aslag Nilsen Østrem GloppensAslag Peedersen* Møkland GloppensAslag Andersen Nybøen GloppensAslag Pedersen Indr Kandal GloppensAslag Olsen* Fiellestad GloppensAslag Pedersen* Gloppestad GloppensAslag Helgesen* Østrem GloppensAslag Erichsen Føleid GloppensAslag Tuesen Føleid Gloppens

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Dei aller fleste av desse er for unge til å vere far til Susanna Aslaksdtr Årheim som skal vere fødd rundt 1699. Dei som passar i alder har eg bra oversikt over, og det er berre Aslak Tueson som har ei dotter Susanna, og ho er fødd i 1699..Men ho i Stryn kan sjølvsagt kome andre stader frå, t.d. Ottadalen, Jostedalen eller Sunnylven, som eg ikkje har oversikt over, sjølv om det er freistande å setje likhetsteiknet slik eg har gjort i overskrifta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.