Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#79228] Johannes Brodwall (Lærdal) g.1912 m. Magnhild Nielsen (Tjøme) - detaljopplysn.?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Denne huslyden er delvis omskriven i Arkivforum (tema #79082):Johannes Olson Brodwall, fødd på Brattegjerde i Lærdal 24.4.1877, gifte seg i 1912 med Magnhild Hansdotter Nielsen frå Kruge på Tjøme, fødd på Tjøme 7.1.1886. Johannes var i mange år lensmann i Lærdal, men i 1947 flytte han og Magnhild som pensjonistar til Stabæk i Bærum der Johannes skal vera avliden i 1959. Magnhild skulle vera avlidi same staden i 1967, men i tema #79082 har Gisle referert til ein annan dødsdato for Magnhild, 29.10.1963. Dei fekk sju born i lag; den eldste av dei var Olav Brodwall, fødd i Bærum i 1914.Eg har følgjande spørsmål om Johannes og Magnhild:* Johannes Brodwall skal vera avliden i 1959, men eg manglar dato og stad?* Magnhild Brodwall skulle etter mine notat vera avlidi i 1967, medan Gisle har 29.10.1963. Kva er rett dato og kvar døydde ho?* So er det spørsmål om dato og stad for vigsli til Johannes og Magnhild? Dei er ikkje gifte i Lærdal og ikkje på Tjøme, men etterdi eldste sonen er fødd i Bærum, kanskje dei gifte seg der?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.