Gå til innhold
Arkivverket

[#79611] Johannes Torgersen ''Noer'' - fødd Luster 1745 - til porselensfabr i København?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Torgerson, fødd på plassen Hotlehaugen under garden Sandvik i Luster, vart døypt i Luster 14.3.1745, men flytte til Danmark sist i 1760-åri og vart i eit skifte frå 1792 sagt å ''tena'' ved porselensfabrikken i København!Gjennom ymse søk for fleire år sidan fann ein amerikanar nokre element i danske kjelder som KAN hjelpa oss på sporet etter denne sogningen:~~~~~~~~~~Johannes THORGERSEN og Anna Sophia GATHORP gifte seg i Garnisons sokn i Løbenhavn 9.8.1776, utan at eg veit noko meir om nokon av dei...~~~~~~~~~~FT1787 for København, København (Staden), Hof & Militæretaten, Nyboder 1.Divisions 7.Matroskompani, , Kokkegade 8, 10 finn eg denne huslyden:Johanes Torgesen, 47, Gift, Hosbonde, Mat.1.Divis.7.Comp.No.75,Else Kerstine, 49, Gift, Hans Kone,Peder Pedersen, 48, Gift, Indqvarteret, Mat.3.Divis.7.Comp.No.85,Frimand ad Westindien,Gundel Rasmussen, 46, Gift, Hans Kone,Anne Kerstine, 6, Ugift, Deres Datter,Anna Lusia Rasp, 33, Ugift, Konens Søster, Arbejder paa Guldhuset,~~~~~~~~~~FT1801 for København, København (Staden), Rosenborg Kvarter, Rosenborg Kvarter, Matr. 119, 697 syner:Johan Noer, 60, Enke, Ved Porcel.Fabr,~~~~~~~~~~Om nokon av desse innførslene gjeld ''min'' Johannes, kan eg ikkje ta noki sikker stilling til, men eg vonar at ein eller annan av våre ''Danmarksekspertar'' kan ta ein kikk på dette og kanskje finna ut noko meir om lagnaden til Johannes Torgerson frå Sogn?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Litta Olsen

HeiJeg har 'klippet' sammen 3 snapshots til deg.Det ser ut til at de 2 første opplysningene dine kan stemme. Vielsen finnes i 2 forskjellige kirkebøker og jeg har en forespørsel inne om hjelp til tyding av den andre i håp om at det kan stå noe annet der.I 1787 står det Terkelsen, men som du ser, så står det Torgiørsen i 1801.....Ser ut til at han fikk 5 døtre ;-)

bilete9758.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Litta for kjempeflotte opplysningar! Alderen til Johannes frå 1787 passar jo heilt perfekt, so dette må vel vera han!?Eg veit ikkje kor lett det er å arbeida med danske kjelder og særleg i København frå den tidi, men er det mogeleg å finna ut noko om opphavet til Anne Marie Sophie Gado?Og kva med dødsfallet til Johannes Torgersen? Kanskje det der er sagt noko om arbeid ved porselensfabrikken?Og eg er sjølvsagt òg interessert i opplysningar om lagnadene til dei (minst) fem døtrene som dei fekk i lag...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Litta Olsen

Jeg har nå fått tydingen fra vielsen:'Johannes Thorgersen Mousq (musketér) v. Nord. Leibreg. unter d. Leib. Comp.(det norske livregiment under livkompagniet) Anna Sophia Gathorps Tochter Testes: Diedrich Franz Wolf wohnh. i(n) der Schmiedes Herberge; (bosiddene i smedeherberget) --- Peder Friedrich Witte, Wirth vom Rothschilds Krug verl. d. 19 Jul. cop. d. 9 Aug. 'Det Norske Livregiment til Fods: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.