Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#79831] Ingeborg Bertine Knutsdotter Barsnes i Sogndal, fødd kring 1799 - frå Bergen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Gardbrukar Torsten Johannesson Barsnes (1777-1844) gifte seg første gongen i Sogndal 23.11.1815 med:Ingeborg Bertine Knutsdotter Barsnes. Ved trulovingi 4.11.1815 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11659&idx_id=11659&uid=ny&idx_side=-74>Lenke) står det ikkje noko som kan hjelpa oss med opphavet hennar!Ingeborg Bertine gifte seg som enkje att i Sogndal 23.6.1846 med Ole Andersson frå Hafslo (1822-1898). Her er ho oppgjevi vera 47 år og fødd på BERGLI (eller står det BERGEN?) som dotter av ein Knut Hansson (eller kanskje står det Monsson?).Ingeborg Bertine er IKKJE fødd i Hafslo, men i Krosskyrkja i Bergen døypt 17.5.1797 finst ei Ingeborg Bertine fødd 12.5.1797 av foreldri grenader Knut Rasmusson og kona Randi Olsdotter (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

NB: Eg meinte å seia at Ingeborg Bertine ikkje er fødd i SOGNDAL!ds.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Dette må vel være Knut Rasmussen i Bergen i 1815. To barn utan namn, men begge under 15 år. Det betyr i alle fall at deira Ingeborg Bertine ikkje budde hos dei i 1815. Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det hjelp deg kanskje ikkje så mykje endå, men denne knut Rasmussen ser ut til å ha vore frå Honndalen.Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Randi Olsdotter dør i 1830 i Bergen. Kan der være noko dødsmelding i høve dette? Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for fleire spennande innlegg om dette problemet.Eg tok utfordringi og kikka etter dødsmeldingi for Randi. Der står ikkje noki Randi, men derimot Knut Rasmusson, og han let etter seg berre ''mundige ervingar''... (http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/23995/89).Er det forresten mogeleg å seia noko om opphavet til Randi Olsdotter? Var ho òg frå Nordfjord?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Dei gifta seg i 1797. Ikkje noko om kor dei ho kom frå. Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne-Lise Hansen

Hei, Lars E.Her er Ingeborg Bertine døpt 17. mai i Korskirken i Bergen. Ytterste kolonne til høyre, nest nederst: Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 6 (1790-1820), Fødte og døpte 1797, side 42. Permanent sidelenke: Lenke Mvh Anne-Lise

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne-Lise Hansen

Om ikke Ingeborg allerede er i Sogndal i 1815, kan hun kanskje være ute i tjeneste hos pastor J. S. Cammermeyer i Bergen.. Lenke(Jeg vet ikke når folketellingen ble utført i 1815 i Bergen, men om tidspunktet er etter vielsen i Sogndal, er vel dette en annen Ingeborg Knudsdatter.)Anne-Lise

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Hei Lars.Då Ingeborg Bertine gifte seg som enkje att i Sogndal i 1846 er ho oppgjevi vera 47 år og fødd på BERGLI eller i BERGEN.Ser vi på presten si handskrift og samanliknar siste bokstav i Berg(li)/(en) med inføringa under post 17: 'Brudgommens faders navn' siste bokstav i Erik Olsen så vil eg påstå at her er ein sterk likheit. Eg meiner at fødestaden her er Bergen. LenkeMvh Per.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Reppen

Har sett på navna til fadrane til Ingeborg Bertine og ser at det er ein fadder med navn Natanael Sunde. I Sogndal vart det født ein Nathanael Sunde i 1779, far Gabriel Ross.Kan det vera noko her?Mvh Per.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg har kikka litt i ætteboka for Hornindal om garden Svor:Rasmus Jetmundsson Svor 1731-1808 gift 1756 med Brite Klemtsd. Ytrehorn 1735-1809. Deira femte barn er Knut 1768-1835, gift 1798 med Kristi Ivarsd. 1751-1827, Bergen. Stod i garnisoenen og budde seinare i Bergen. Dei kom heim og døde på Svor. Sonen Rasmus, skreddarsvein følgde med til Hornindal.Det som står om ektefella stemmer då ikkje med det vi har funne ovanfor. Eg kan ikkje finne noko slikt giftemål i 1798 i Bergen. Finn heller ikkje noko ektepar med Knut Rasmussen og Kristi Ivarsd. i Bergen verken i 1801 eller 1815. Eg finn dei heller ikkje i FT 1801 for Eid.Eg vil difor tru at dette må være feil, men det kan sjølvsagt sjekkast ut meir. Mistanken om at det må være rett kone vi har funne ovanfor blir styrka av at sonen Rasmus si første datter heiter Randine (fødd 1824). Rasmus har då kanskje flytta tilbake til Honndalen og så har Knut kome dit etter at kona døde i 1830.Dette skulle då være Knut Rasmussen sitt dødsfall i Hornindal 1835 Lenke (Du bør då kunne stryke gravferdsregistreringa i 1848 (ikkje 1748) i innlegg 8). Eg finn ikkje noko skifte, men kanskje er det ei dødsmelding.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.