Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#79962] Rekkefølgen ved konfirmasjon


Recommended Posts

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det var opp til presten.... men det er vel ei vanleg oppfatning at nummeret i boka fortel rekkefølgja på kyrkjegolvet.Eg har nettopp skrive av konfirmantlista for Ulstein og Hareid 1833-47, og har observert følgjande: - gutar først, så jenter (det var sikkert 'naturleg'). - barna til 'eliten' (sorenskrivar, handelsmann, prest, m.m.) står først. Det var sikkert 'naturleg', det også. Dei har gjerne fått meir opplæring enn mange andre og får gjerne 'meget godt' likevel. Så kjem 'almugeborn', dei flinkaste først.Eit døme her, frå 1836: Lenke , først døtrene til to handelsmenn som nr. 1 og 2, med 'godt', og så tre bondedøtre med 'udmærket', osv.

Gjest Atle Brandsar

For å supplere/forvirre: kunne det vere slik at jentene stod i ei rekkje langs spinnesida av kyrkjegolvet, og gutane langs sverdsida? Det kunne forklare oppføringa av jenter og gutar kvar for seg (noko ein ser i kyrkjebøker for Lom og Skjåk óg).

Gjest Arthur M. Pilskog

Takk til alle som har bidratt. Ja, det var vel ofte slik at det var 'hva slags folk en kom fra' som bestemte. Men den som likevel viste god kunnskap fikk stå langt framme, fordi presten hadde såpass rettferdighets sans.(?) Han var vel ganske enerådende i dette spørsmålet? Dvs han var sikkert påvirket av de lokale skikkene, og han omgikk vel de 'kondisjonerte/ bedre folk', selv om vi snakker om landsbygda. Anne Karin Elstad nevner i flere av bøkene sine at folk kjøpte seg seter i kirkene og det fører vel til at de hadde visse 'rettigheter' ved f. eks. konfirmasjon? At jentene sto på den ene siden og guttene på andre siden, opplevde jeg selv da jeg ble konfirmert i 1996 på Sunnmøre.

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(3) ja det stemmer nok(4) om dette stemmer, kan du sjekke i kyrkjeboka. Skylda til bruket står i matrikkelen, og ofte i bygdeboka. Ein enklare sjekk, er om barn av folk utan jordeigedom står sist. Eg såg etter for Ulstein 1903, og der ser det ut til at rekkefølgja er tilfeldig. (Ikkje eigedom, ikkje dugleik, ikkje geografi - bortsett frå at to frå same gard ofte stod etter kvarandre). I 1883 (første året i den same boka) stod dei etter alder, dei eldste først.Då eg vart konfirmert stod gutar til høgre og jenter til venstre. Presten plasserte oss etter lengd (på augemål) - den lengste (som var meg) først....(6) avgift for kyrkjebenkar er vel eigentleg noko anna. Vi kan sjå det som ein måte å fordele utgifter til kyrkja (bygningen). Presten såg (vanlegvis) ikkje noko til desse pengane. Men det var ofte (ikkje alltid) ein viss samanheng mellom økonomisk status og lesedugleik (overskot av tid og pengar til bøker, heime-undervisning og lesing).

Gjest Arthur M. Pilskog

Takk for mer interessante opplysninger. Ja, det var vel en sammenheng mellom muligheten til å kunne ta til seg kunnskap og de økonomiske forhold. Lisa var fra enkle kår. Selv om jeg ikke kjenner alle detaljer.Vet du hvordan skolesystemet var utviklet på Hareid (Hjørungavåg) på 1840-tallet? Omgangskole? Er dette opplysninger som en kan finne nedskrevet?

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.