Gå til innhold
Arkivverket

[#80068] Sjøinnrullering Ulstein/Sunnmøre 1804-32.


Gjest Ivar S. Ertesvåg
 Del

Recommended Posts

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Dette er eigentleg framhald av tema 55097: Ulstein 1754-1832, protokoll og avskrift: Veit ein meir? Lenke i Forum for scanna kyrkjebøker.Som sagt der brann prestegarden i Ulstein julenatta 1832, og med han kyrkjebøkene. Tidlegare har Digitalarkivet skanna og lagt ut utdrag frå kyrkjebøkene innsendt av soknepresten til Sjøinnrulleringa for (dei fleste av) åra 1777-1804. Desse listene har eg registrert og dei ligg i Digitalpensjonatet.I tillegg ligg det (av ein eller annan grunn) nokre slike lister i Statsarkivet i Trondheim, under Ulstein Sokneprest. Dei er for åra 1810, 1816, 1818-1820, 1823-1831. Eg har fotografert og registrert desse listene, og er klar til å sende dei inn til Digitalpensjonatet.Spørsmålet - som går til Statsarkivet i Bergen - er om de kan sjå godt etter om ikkje nokre av dei manglande listene framleis ligg der. Altså for åra 1805-9, 1811-1815, 1817 og 1821-22. I så fall kan eg godt registrere desse også. Det andre spørsmålet: På lista frå 1816 er det notert ”BSKC No 785 f.94 ank. 14/3 fra Prost Baade. annoteret paa nær en tilfød, hvorom der er tilskrevet Pastor Buschmann. No. 2200 den 10/4 17”. På same vis er det notert 'BSKC No. xxxx fol.yy' m.m. på dei andre listene (ikkje fol. på alle), der No. xxxx stig til No. 1769 i 1831. Er dette noko som gjev meining, og som det let seg gjere å spore opp i arkivet?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Yngve Nedrebø

Innrulleringssystemet i Norge ble endret i 1804-1805. Sjøinnrulleringen kom etter denne omleggingen bare til å omfatte dem som bodde i sjøfartsbyene, mens sjølegdene ble overført til landkrigskomissariatene, som dermed ble bare krigskomissariater.Dette betyr at Innrulleringssjefen i Bergen etter 1804 ikke mottok lister over fødte og døde unge menn fra presteskapet i Bergens stift. Slike lister skulle i stedet sendes til krigskommisærene, som førte sine stamruller. Håpet må derfor være at det er bevart slikt materiale i krigskommisariatenes arkiver. Statsarkivet i Bergen har arkivsaker fra Molde krigskomissariat, men først fra tiden etter 1860. Jeg ville ha sjekket med Statsarkivet i Trondheim om hva som kan være bevart mellom 1805 og 1859.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Karlsen

Jeg har (litt overfladisk) sett gjennom arkivet til krigskommisæren her ved Statsarkivet i Trondheim, men har ikke funnet at det er noe fra Sunnmøre fra den aktuelle tida.Når et det mange bokser som bare er nevnt Journal og diverse, og de har jeg ikke sjekket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Erlend Eriksen Mæhlum

I arkivet Nidaros biskop pakke 102 brev år 1800, ligger det dåpsliste ang. sjøinnrulleringen for Agerø og Ørlandet. Det kan jo tenkes at det kan finnes mer i dette arkivet??Men det kan jo også være en tilfeldighet, jeg har tittet igjennom flere pakker og de fleste brevene var uten vedlegg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Takk for alle innspel. Eg var på Statsarkivet i Trondeim og såg gjennom katalogen for militærarkiv - utan å finne noko som opplagt høvde. Men eg skal høyre nærare om nokon der veit noko meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Med litt tålmod får ein e-postsvar frå SAT. Dei har arkiv etter sjøutskrivinga med rullar frå Ålesund krets frå ca. 1830. I arkivet for Molde krigskommisariat 1776-1910 finst rullar for Sunnmøre frå 1860-talet; for 1804-46 er det berre for Romsdal, Nordmøre og Hemne.Så anten så har Sunnmørsdokumenta kome bort - eller så har dei ikkje vore i Trondheim.Det vender eigentleg spørsmålet tilbake til Bergen. Som nemnt i (1) er det gjort påteikninar om manglande opplysningar, 'hvorom er tilskrevet Sognepresten'. Eitt av desse spørsmålsarka låg i sokneprestarkivet saman med listene. Øvst på arket er det påført 'BKC ad No.1767' og det er underskrive 'Bergen den 21. Febr 1832' av ein Walter. Det gjeld opplysningar til 1831-lista, og soknepresten har ført på svar datert 20 mars 1832.Det kan vel vanskeleg tolkast annleis enn at det var Bergen krigskommisariat (BKC?) som tok mot listene frå Sunnmøre (Ulstein).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.