Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#80119] Anna Malene Ahlberg (175?-1810) - borni hennar - Gjertrud og Ferdinand DuVahl?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i mange år (jmf. tema #8134 og tema #22475) strevd med å finna opphavet til:Gjertrud Christensdotter, fødd kring 1779 (uvisst kvar), gift i Bergen kring 1802 med Tøger Pederson, fødd på garden Lad i Hafslo 1771.Tøger og Gjertrud budde på Engen i Bergen (11-242) fram til kring 1810 og flytte då til Hafslo. Tre born var fødde i Bergen:* Petter Christian (f. og d. i 1801) (''uækte'')* Anna Malene (f. og d. i 1803)* Tollef Sem (f. 1807 og d. i 1893)Tøger og Gjertrud budde desse åri hjå vertshushaldar Tollef Ellingson Sem og kona Anna Malene Ahlberg, gifte i Bergen 31.1.1796 under namni Tollev Elling Sem og Anna M. DUVALD.Det er utan tvil den same Anna Malene, då kalla ALBERG, som 14.8.1784 (Lenke) døypte sonen Ferdinand Christian på Tysnes. Barnefaren var Fredrik DuVahl.Eg tykkjer det er påfallande at Tøger og Gjertrud kallar opp dei to borni deira etter Tollef og Anna Malene, og sidan Gjertrud ikkje er å finna døypt nokon stad i Bergen, trur eg det må vera ein samanhang mellom Gjertrud og Anna Malene Ahlberg.* Kan det tenkjast at Gjertrud var dotter av Anna Malene?? Men kvar er i so fall Gjertrud døypt?Eg vil tru det må finnast ei løysing på denne ''floken'' ein eller annan stad ''der ute'', men so var det det å finna ho....Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lisbeth Wangen

Her er Anna i 1801,hun er mye yngre enn sin ektemann.Ingen Tøger eller Gjertrud der da ihvertfall.Om denne Anna er Gjertruds datter vet jeg ikke.Hun er 46 år i 1801 så tja kanskje Gjertrud var en datter.Det blir mye å lete igjennom men det er vel bare å sette i gang.Skal se hva jeg finner.Mvh.Lisbeth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.