Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#80129] Oppslag i bygdebok for Fana: Samdal - Jacob M. Samdahl og Niels K. Samdall

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Eg lurer på om ein eller annan kan vera vennleg å gjera eit oppslag i bygdeboka for Fana på garden Samdal?Det gjeld to karar:I FT 1701 finn vi ein Jacob Monsen Samdahl oppført som brukar på Samdal i Fana saman med ein son, Rasmus Jacobsen. Eg lurer på kva bygdeboka/ bøkene for Fana fortel om Jacob og huslyden hans og borna hans, opphavet hans?, kor lenge han var brukar der osv.??[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=29&filnamn=1701sba&gardpostnr=192&merk=192#ovre>LenkeTilsvarande finn vi ein Niels Knudsøn som som brukar på éitt av bruka på Samdal i FT 1666. Eg vil gjerne vite kva Fanasoga seier om denne karen òg, likeins det som Fanaboka evt. kan fortelja om huslyden hans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Bruk 3 og 4: Jakob Monsen f. ca 1650 d. ca 1705, tok over etter faren ca 1680. Gift med Kari Nilsdtr. Samdal f. ca 1665, d. 1737. Barn: Jon (tok over etter faren, f. ca 1678, d. 1749), Rasmus, Anna b. på Lund. Jakob Monsens far var Mons Jonsen Samdal, som var sønn av Jon Jakobsen Samdal.Bruk 5: Nils Knutsen ble bruker ca 1627. Han bodde der til ca 1670. Gift med Anna. Barn: Knut (overtok etter faren, han hadde bruket til ca 1693), Kari b. på bruk 3 og 4, Mons. Kari er ifølge fanaboka identisk med hun som var gift med Jakob Monsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Kjapt ekspedert, Lars :-)Tusen takk skal du ha, dette var interessant. Jakob Monsen overtok altså farsbruket sitt på Samdal, og han gifte seg med ei dottar av naboen Nils Knudsøn/Knutsen.I den eldste kyrkjeboka for Os har eg funne at Jacob Monsen Samdahl var 'fæstermand' (forlovar) for lensmannen i Os, Lars Larsson Hauge; då denne gifte seg for 2.gang den 23. juni 1697 med 'pigen Marta Nielsdatter'. I og med at presten Garmann _ikkje_ skreiv noko kvar denne Marta Nilsdtr. kom frå; så har bygdebokforfattar Tveit i Os tippa at ho vart dottar av Nils Anderson og kona Anna på nedre Eide i Os, men det er total _skivebom_ ut frå føreliggjande informasjon i seinare skifter m.m..Namneoppkallinga i borneflokken til Lars Larsson og Marta Nilsdtr. på Hauge i Os indikerar at foreldra hennar må ha vore ein Nils og ei Anna, men ho _kan ikkje_ ha vore osing. For etter nitid og grundig tråling av bygdebøkene for Os m.m. fann eg nemleg ikkje eit einaste ektepar Nils & Anna i Os som passa, eller som hadde produsert ei dotter med namn Marta i rett tidsrom.Men namnet på den éine forlovaren, Jacob Monsen Samdahl (den andre fæstermanden var ein slektning av lensmann Lars, Even Olsen Houland i Os) er mest truleg nøkkelen til det rette ekteparet i denne samanheng. Det ser difor ut til at lensmannskona Marta Nielsdtr. på Hauge mest sannsynleg kom frå Samdalen i nabobygda Fana.For i og med at forlovarane som oftast var vél ansette folk i nær familie, er det difor svært nærliggjande å tru at Marta Nielsdtr. var søster til Jacob si kone, Kari; dvs. at ho var dotter av omtalte Niels og Anna Samdal på bruk 5 i Samdalen.Eg skal forklara meir om dette i ein annan tråd her. Igjen, mange takk for hjelpa :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.