Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#80488] Ingeborg Eriksdotter Hovda, fødd i Etne 1898 - foreldre Erik og Henrikke?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har fått eit underleg problem i fanget:Anders Erikson Walaker, fødd i Hafslo 16.1.1888, utvandra til Amerika i 1909 og på ny i 1914, men kom so heimatt for godt og gifte seg, dato og stad ukjende, med:Ingeborg Eriksdotter Hovda, som skal vera fødd i Etne 1.3.1898 som dotter av Erik Olai Hovda og Henrikke Agathe Maidel Haavik.I kveld er ikkje kyrkjebøkene tilgjengelege, men eg finn ikkje nokon i FT1900 for Etne som høver til denne omtalen.Anders Walaker døydde 15.1.1934, uvisst kvar. Han og Ingeborg fekk to born i lag.Om nokon dreg kjensel på denne huslyden eller kan hjelpa meg med opphavet til Ingeborg, ville eg vera svært takksam!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Otto Jørgensen

Jeg la desverre defekt (dårlig) linkDenne er bedre Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Otto og Bjørg for spennande innlegg! Eg er overtydd om at huslyden frå Kvinnherad er den ''rette'', men utan kyrkjebøker tilgjengeleg i kveld lyt me venta til i morgon på stadfesting av dette! Håvik er forresten eit gardsnamn i Fusa!Men då er det underleg at ikkje Ingeborg er gravlagd attmed Anders i Fana! Kanskje vart ho attgift?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Her går det fram at Anders Erikson Walaker var gardbrukar på Titlestad øvre i Fana! (Lenke). Kanskje ei bygdebok for Fana kan fortelja oss noko meir om denne huslyden?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

I 1947 dør Ingeborgs ugifte søster Hanna f 1890 på Titlestad Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

For ordens skyld har jeg sjekket med bygdeboken for Fana. Det står ingenting om familien verken på Øvre eller nedre Titlestad. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

da har vi Erik Olais dåp her, det står vel Sundfjord ved dåpen Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11401&idx_id=11401&uid=ny&idx_side=-24>Lenke Permanent bildelenke: Lenkeog Henrikkes dåp her på gården Håvik i Ølve Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeIngeborg Kristines dåp på gården Håvik i 1898 Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid og Rune for nye flotte og nyttige innlegg! I mellomtidi har eg funne ut at Ingeborg som enkje etter Anders Walaker gifte seg att med ein Hans Titlestad, fødd 21.5.1891, og Hans og Ingeborg ligg gravlagd på kyrkjegarden ved Fana kyrkje. Hans døydde 15.12.1965, medan Ingeborg døydde 22.4.1981.Men framleis sit me att med fleire ''utfordringar'':* Dato og stad for vigsli til Anders Walaker og Ingeborg Kristine Hovde? (Eldste dotteri var fødd (ikkje i Fana!) 16.5.1929.* Kvar var Ingeborg Kristine oppvaksi? Eg har fått oppgjeve at ho var fødd i Etne, men dette veit me jo no at ikkje stemmer. Kanskje voks ho opp i Etne?? Kan Hovde-namnet vera kome derifrå?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.