Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#80558] Peder Pederson Tangen - Butangen - fødd i Klepp 1861 - utvandra 1881 - opphavet?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Dette temaet vert lagt inn til erstatning for tema #10889 etter at opphavet til personen det der vart spurt etter, no synest vera funnen, i Klepp!Peder Pederson Tangen - eller Butangen, var fødd i Klepp 26.3.1861 som son av husmann Peder Ole Andreasson og kona Inger Olsdotter, plassfolk under Øvre Øxnevad ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1626&idx_id=1626&uid=ny&idx_side=-72>Lenke), og FT1865 syner at denne huslyden budde på plassen BUTANGEN under Øksnevad øvre:~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Ole Andreasen Husfader g Husmand med Jord 1825 Lye PræstegjældInger Olsdatter hans Kone g 1827 Kleps PræstegjældJustine Pedersdatter deres Datter ug 1853 Kleps PræstegjældEdvardine Pedersdatter deres Datter ug 1856 Kleps PræstegjældOline Pedersdatter deres Datter ug 1858 Kleps PræstegjældPeder Pedersen deres Søn ug 1861 Kleps PræstegjældMaren Oline Pedersdatter deres Datter ug 1863 Kleps Præstegjæld~~~~~~~~~~~~~~~~Peder Pederson Øxnevad utvandra til Amerika som skomakar i 1881 (Lenke) og er truleg identisk med den Peder Pederson Tangen som 9.1.1891 gifte seg i Ramsey Co., ND med Karen Kirstine Christensdotter Kalhagen frå Hafslo i Sogn.Men kven var foreldri til Peder Pederson og kvar kom dei ifrå? Ifølgje FT1865 var Peder Ole Andreasson frå Lye, medan Inger Olsdotter var frå Klepp, og vigsli deira fann eg i Klepp 26.6.1849 (Lenke).Derimot er ikkje fødsli til Peder i Lye, men i HØYLAND der han var fødd 6.2.1826 (Lenke).Eg vert ikkje heilt klok på kva me skal skriva som ''opphavsstad'' på Peder Ole Andreasson (eller rettare Peder Olson)?Det same gjeld Inger Olsdotter. Ved vigsli har ho gardsnamnet Rosland, men far hennar ser ut til å vera Ole Larsson ''under Mæland''. Er Rosland ein husmannsplass under Mæland? So er det at fødsli hennar frå 19.1.1827 syner at foreldri var plassfolk under Engelsvåg (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gaute Klepp

Peder Olson (Ole Andreasson) er født på Lea, Høyland (nå Sandnes). Han var sønn til Ole Andreas Lea fra Gilja i Høyland og Anna Pedersdatter fra Kalberg i Time.Inger Olsdatter er født på Engelsvoll i Klepp. Kanskje famielien også bodde på Rosland. Rosland er en gård i Klepp.Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gaute Klepp

Her er familien i FT-1975. LenkePeder Pederson Tangen er uteglemt i Kleppboka. To av søstrene reiste til Amerika. Justine f. 1 jan 1854 og Olina f. 11 des 1858. Tre søsken er det kun fødseldatoer oppført. Anna f. 14 jul 1849, Ole Andreas f. 2 apr 1851 og Maren Oline f. 8 nov 1863. En søster, Edvardine f. 22 mai 1856 giftet seg med Sven Tønnesson Skjæveland, Høyland. Ellers fekk faren feste på Butangen 8 nov 1862.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gaute Klepp

Her er vielsen av foreldrene til Inger Olsdtr. Engelsvoll. LenkeDe giftet seg i Njærheim kirke i Nærbø sogn, Hå prestegjeld den 1 nov 1818. Ole Larsson er fra gården Rossaland i Time sogn, Lye prestegjeld og Inger Halvorsdtr. er født på plassen Holen, Bjorland, Nærbø. Hun bor i 1818 på Nesheim, Nærbø sammen med foreldre og søsken. Iflg. Nærbøboken hadde hun 8 søsken.Ellers hadde Inger Olsdatter slekt på Rosland i Klepp. Det var nok hos dem hun bodde før hun giftet seg.Bygdeboken for Nærbø opplyser også om at Ole Larsson og Inga Halvorsdtr. bodde på Engelsvoll og Mæland i Klepp.Ellers ønsker jeg opplysninger om slekten til Peder Tangen i USA.Jeg har registrert at han giftet seg med Karen og at de fekk 3 sønner, Peter, Carl og Alfred. Der har jeg fødsel- og dødsdata. Jeg mangler dødsdato for Peder d.e.Ellers giftet Carl seg med Clara ? Barn?Mvh Gaute Klepp

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gaute for spennande og nyttige innlegg! Eg trur me kan sjå dette problemet som løyst.Her følgjer avsnittet som eg har skrive om denne huslyden:~~~~~~~~~~Karen Kirstine, kjend som Christine Christensdotter [Kalhagen], f. i Hafslo 13.1.1858, utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Ramsey Co., N.D. 9.1.1891 med Peder Pederson frå Øksnevad øvre i Klepp, i Amerika kjend som Peter P. Tangen. Han var son av husmann Peder Olson på Butangen under Øksnevad øvre, opphavleg frå Lea i Høyland, og kona Inger Olsdotter frå Mæland i Klepp og f. i Klepp 26.3.1861, men utvandra til Amerika i 1881. Peter og Christine farma først nokre år nær Crary, Ramsey Co., N.D., men flytte i 1900 til ein farm i Flour Mill district nær Toledo, Lincoln Co., Ore. der Peter d. i 1906. Christine Tangen d. i Toledo, Ore. 1.4.1943. Dei fekk fem born i lag, men eitt av dei var født og døydde i Ramsey Co., ND utan at me kjenner korkje namn eller datoar:a. Peter P. Tangen, f. i Ramsey Co., N.D. 12.3.1893, d. i Toledo, Ore. 16.1.1973. Peter arbeidde ei tid som restaurantkokk (”restaurant cook”) og budde i Portland, Multnomah Co., men flytte sidan attende til heimefarmen i Flour Mill District nær Toledo, Lincoln Co., Ore. der han budde levetidi ut, ugift.b. Carl P. Tangen, f. i Ramsey Co., N.D. 20.8.1894, d. i Toledo, Ore. 29.9.1972. Han gifte seg kring 1921 med Clara Magdalene Molver Stevens. Ho var f. i Walsh Co., N.D. 17.11.1889 og d. i Toledo, Ore. 10.9.1966. Carl og Clara tok over heimefarmen hans i Flour Mill district nær Toledo, Lincoln Co., Ore. og budde der levetidi ut. Dei fekk ikkje born i lag, men Clara hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap.c. Anna P. Tangen, f. i Ramsey Co., N.D. 29.1.1897, d. kort etter fødsli.d. Alfred P. Tangen, f. i Lincoln Co., Ore. 12.6.1902, d. i Toledo, Ore. 13.11.1974. Alfred farma levetidi ut på heimefarmen i Flour Mill district nær Toledo, Lincoln Co., Ore., men flytte i 1973 til gamleheimen i Toledo, Lincoln Co., Ore. Han var ugift.~~~~~~~~~~Vonar dette kan vera til nytte ogso i Klepp!Eg manglar framleis dødsdatoen til Peder og fleire opplysningar om dotteri Anna og det siste ukjente barnet, men arbeider med saki...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.