Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#80690] Sidsel Larsdotter (1828-1903)/Elbrigt Pederson (1828-1910) Hostad i Bud - oppl.?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ein ny del av manuskriptet mitt av Gards- og Ættesoga for Luster (Hafslo) skal klargjerast, og denne huslyden i Romsdalen er noko mangelfull; kanskje sit det einkvan med lokal kunnskap som kan hjelpa meg?~~~~~~~~~~Cecilia Larsdotter, sidan kjend som Sidsel Larsdotter, fødd i Hafslo i Sogn 26.7.1828 som dotter av Lars Pederson (1790-1879) og kona Kirsti ''Kjersti'' Einersdotter (1795-1881), flytte i 1831 med foreldri sine til Hostad i Bud og voks opp der. Ho gifte seg i Bud 23.10.1859 med Elbrigt Pederson frå Ekren i Bud. Han var son av gardbrukar Peder Ellingson på Ekren, opphavleg frå Bollie i Kvernes, og kona Elen Ingebrigtsdotter, òg frå Bollie i Kvernes,¤¤¤¤¤ (sjekka om opphavet hennar stemmer?)og fødd i Bud 15.6.1828. Peder og Sidsel vart gardbrukarar på Hostad i Bud der Sidsel døydde som kårkone 27.10.1903. Elbrigt døydde som kårenkjemann same staden 22.11.1910. Dei fekk seks born i lag:a. Elen Elbrigtsdotter, f. i Bud 7.1.1860, d. ugift på Hostad i Bud 19.4.1878.b. Ingeborg Elbrigtsdotter, f. i Bud 21.9.1861, d. som kone på Vikan i Bud 13.7.1904. Ho gifte seg i Bud¤¤¤¤¤ (vigselsdatoen hennar? - finn ikkje i Bud!)1883 med Johan Pederson frå Vikan i Bud. Han var f. i Bud 11.8.1848 og d. som enkjemann på Vikan 11.6.1910. Johan var los og fiskar, og han og Ingeborg var dessutan gardbrukarar på Vikan i Bud. Dei fekk åtte born i lag.¤¤¤¤¤ (stemmer talet på born? – var kanskje fleire fødde etter 1900?)c. Kirstina Elbrigtsdotter, f. i Bud 9.5.1863, d. ugift på Hostad 30.9.1883.d. Anna Elbrigtsdotter, f. i Bud 27.1.1866, d. som kone på Rødal i Bud 31.1.1911. Anna gifte seg i Hustad, Bud 14.1.1889 med Peder Olaus Stephenson frå Rødal i Bud, f. i Bud 7.5.1868. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1918 då han vart attgift!)Peder var fiskar og gardbrukar på Rødal i Bud og fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet med Anna.¤¤¤¤¤ (stemmer det at andre ekteskapet hans var barnlaust?)e. Peder Anton Elbrigtson, f. i Bud 28.7.1868, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)1949. Han gifte seg i Hustad, Bud 19.9.1898 med Synneva Pedersdotter Skarset frå Skarset i Bud. Ho var f. i Bud 9.4.1878 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Peder og Synneva tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Hostad i Bud og fekk tolv born i lag.f. Sina Lovise Elbrigtsdotter Hostad, f. i Bud 2.9.1871, d. på Hostad i Fræna¤¤¤¤¤ (stemmer dødsstaden? - kva dato?).3.1969. Ho gifte seg i Bud 20.11.1893 med Peder Ludvig Pederson frå Vikan i Bud. Han var f. i Bud 8.7.1866 og d. på Bådalen i Averøy¤¤¤¤¤ (stemmer dødsstaden? - kva dato?)1938. Peder var fiskar, og han og Sina var i mange år gardbrukarar på Vikan i Bud,¤¤¤¤¤ (inkl. 1900 – sidan kva yrke og bustad??)Dei fekk elleve born i lag.~~~~~~~~~~Eg takkar so mykje på førehand for einkvar liten detalj som kan leggjast til om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Tonby

Vielsen Johan Pedersen Vikene og Ingeborg Elbrigtsdt Hostad 21/7 1881 nr 6 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for nyttig og spennande opplysning! Då er denne vigsli på plass!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Jeg mener 21.07.1881

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Paret Peder E Hostad og Synnøve Hostad døydde resp 24.1 1949 og 28.8 1961. Dette er nok paret Lars etterspør. Fødselsdagar stemmer, jfr gravminne i Norge, Hustad kyrkjegard.mvh Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Peder Olaus Rødal (Stephensen) døydde 2.5 1951.Samme kjelde som ovaforKnut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Sina Lovise Vikene døydde 5.3 1969. Staden for dødsfalla framgår ikkje av gravminna.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg og Knut for flotte supplerande opplysningar om denne huslyden!Ogso her har eg sjekka dødsstadene med kyrkjekontoret, so det meste er kome på plass. Berre desse spørsmåli står att:~~~~~~~~~~b. Ingeborg Elbrigtsdotter, f. i Bud 21.9.1861, d. som kone på Vikan i Bud 13.7.1904. Ho gifte seg i Bud 21.7.1881 med Johan Pederson frå Vikan i Bud. Han var f. i Bud 11.8.1848 og d. som enkjemann på Vikan 11.6.1910. Johan var los og fiskar, og han og Ingeborg var dessutan gardbrukarar på Vikan i Bud. Dei fekk åtte born i lag.¤¤¤¤¤ (stemmer dette? – ingen fødde etter 1900?)d. Anna Elbrigtsdotter, f. i Bud 27.1.1866, d. som kone på Rødal i Bud 31.1.1911. Anna gifte seg i Hustad, Bud 14.1.1889 med Peder Olaus Stephenson frå Rødal i Bud, f. i Bud 7.5.1868. Han d. som kårmann på Rødal 2.5.1951. Peder var fiskar og gardbrukar på Rødal i Bud og fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet med Anna.¤¤¤¤¤ (stemmer det at andre ekteskapet hans var barnlaust?)f. Sina Lovise Elbrigtsdotter Hostad, f. i Bud 2.9.1871, d. på Hostad i Bud 5.3.1969. Ho gifte seg i Bud 20.11.1893 med Peder Ludvig Pederson frå Vikan i Bud. Han var f. i Bud 8.7.1866 og d. på Bådalen i Averøy¤¤¤¤¤ (sjekka stad? - kva dato? - 1938 - ikkje innført i Bud!)Peder var fiskar, og han og Sina var i mange år gardbrukarar på Vikan i Bud,¤¤¤¤¤ (inkl. 1900 – sidan kva??)Dei fekk elleve born i lag.~~~~~~~~~~Eg takkar på ny for all den flotte hjelpi eg har fått!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Ingeborg og Peder: Eg har ikkje funne born fødde etter 1900, siste eg fann var Albert Eivind f 26.9 1899.Vedr Peder Olaus Steffensen: gift 2. gong 28.1 1918 med Inger Olava Johnsdtr f 1.3 1875 (hennar 1. ekteskap) Ho var 43 år ved giftemål, eg fann ikkje born fødde før 1920, lenger hadde eg ikkje opplysningar. Sjansane for born i dette ekteskapet var vel små. Eg kjem ikkje lengre.mvhKnut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for siste innlegget om denne husloyden!Då sluttar eg at det ikkje var fleire born i dei nemnde greinane av denne huslyden.Det einaste spørsmålet som då står att, er lagnaden til Peder Ludvig Pederson i Averøy (sjå inlegg #9 - siste del)...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Olav Kleppen

I innlegg nr. 1, andre avsnitt, står følgende å lese:'Ho gifte seg i Bud 23.10.1859 med Elbrigt Pederson frå Ekren i Bud. Han var son av gardbrukar Peder Ellingson på Ekren, opphavleg frå Bollie i Kvernes, og kona Elen Ingebrigtsdotter, òg frå Bollie i Kvernes,'Til dette er å bemerke at det er riktig at Elen Ingebrigtsdtr. (f. 1793) også kom Bollia, men fra den delen av Bollia som tihørte Bud prestegjeld frem til 1890-åra. I FT 1801 er dette området kalt Lien [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=f18011549&gardpostnr=42&merk=42#ovre>Lenkeog der finner du også Elen. Og her er hennes dåp, øverst på venstre side

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.